tirsdag, mars 04, 2008

Sjukehuset i Kapoeta

Eg har ikkje skrive noko om det norske sjukehuset i Kapoeta tidlegare. Omtalen i Noreg har vore kritisk, og det er sikkert mykje som kan seiast om planlegging og mangel paa slik fraa sudanesiske styresmakter si side. Men no er sjukehuset her, med naudsynt utstyr og profesjonelt personale. Sjukehuset reddar liv, Toposafolket har for fyrste gong i soga eit skikkeleg helsetilbod og dei veit aa setja pris paa det.

Men i morgon er det slutt. Etter maanader med forhandlingar mellom det norske firmaet som bygde sjukehuset og regjeringa i Juba, ser det ut som om det ikkje er muleg aa sikra pengar til aa driva sjukehuset. Toposa-stammen strekte seg langt for aa finna loysingar sjoelve, dei ville bruka gullressursane sine til aa betala drifta og gjorde framlegg om at alle familiar skulle gje oksar for aa skaffa pengar (DET i seg sjoelv seier noksaa mykje sidan oksar er det mest dyrebare som fins for ein Toposa). Men det gjekk ikkje.

I gaar og i dag har eg sjoelv vore dagpasient ved sjukehuset, sjuk med malaria. Eg har sett rekkjene av Toposa-kvinner, barn og eldre som ventar paa doktor Peter, dei forsiktige smila deira naar dei seinare tek mot medisinen fraa apoteket og gaar ut i sola. I morgon pakkar Peter ned legefrakken sin, lagar inventarliste over utstyret som ikkje lenger skal brukast, og reiser heim.

Sjoelv reiser eg til Kenya om malariaen ikkje vil sleppa taket, og faar hjelp ved sjukehuset i Nairobi. For Toposa-folket er det ikkje ei loysing.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Gratla med dagen mammo. Skal du halda appell i år?
Ha god betring, og fin dag!

brita sa...

Takk det same. Skjedde det noko i Bergen? Ja, eg heldt appel, sjaa ovom. Tilskipinga skulle byrja kl 9, ingen kom foer klokka 12 og daa var det plutseleg kjempefullt. 3 parlamentarikarar kom pluss kommisaeren, to prestar, osv. Tilogmed ein braate med kvinner. For mennene var nok maten viktigast. Me kjoepte 1 ku og to geiter som gjekk og beita ein dag foer dei vart slakta og gjorde om til mat. Det er daarleg med catering her....