mandag, februar 28, 2005

Gjetost

Heile historia om prosjektkontor og krisehusvære og telt eller ikkje telt (meir om det siste ein annan gong) har etterkvart vorte så absurd at eg heller vil skriva om norsk ost. På supermarknaden i Colombo fann me norsk "Gjetost" til sånn ca 200 kroner kiloen. Med norsk flagg. No lurer me på kvifor geitost vert heitande gjetost når han vert eksportert til utlandet. Kva meiner Studentmållaget i Bergen?

PS Me kjøpte ikkje gjetost, i protest mot både språk og pris.

søndag, februar 27, 2005

Kva ansvar følgjer med eit sett nøklar?

Eg har fått nøklar til nytt kontorbygg i Kachcheri, fem kontor. Offisiell opning har funne stad, utført av Commissioner General frå Colombo som kom fykande i helikopter saman med mykje mediafolk. Kontorbygget er den gamle tenestebustaden til Government Agent og har plass for ingeniør, jordskiftekandidat, resepsjonist, med meir. Det gjevaste kontoret har skilt der det står Project Director. Eg er redd det er mitt kontor... Og eg er full av undring over korleis saker og ting vert organisert i dette landet, - og ikkje minst kva denne utnemninga inneber.

I går var alle humanitære inviterte til "the Ship", det greske cruise/sjukehusskipet. Gildt, det er framleis som eit lite eventyr for oss å nyta luksusen på eit slikt skip (sjølv om symjebassenget er utan vatn). Endå gildare å bruka søndagen til å lesa aviser og drikka ingefærøl i hagen, utan ein einaste plan for resten av dagen!

fredag, februar 25, 2005

Nesten lankesar?

Sist veke spøkte eg med at eg ville finna meg ein fast krok i Kachcheri (distriktsadministrasjonen), sidan eg likevel var i Kachcheri nesten heile dagen, kvar dag. Spøk er farleg. I morgon kjem the Commissioner General for Essential Services med helikopter frå Colombo for å opna Trincomalee Shelter Project Office for Tsunami Victims. Og Government Agent har annonsert at eg er utnemnd til leiar for dette kontoret. Dette må nesten vera jamgodt med å vera rekna som innfødd...

Korleis mine overordna i FN ser på saka, vil visa seg.

onsdag, februar 23, 2005

Små kvite sommarfuglar

flaug over vegen då me køyrde heim frå Colombo i ettermiddag. Millionar av sommarfugler, mil etter mil, alle på veg frå nord til sør. Vakkert. Det såg ut som det første snøfallet ein klar, kald haustdag i Noreg, med store kvite snøfiller som dansar att og fram i lufta.
Christie - sjåføren - seier at buddistane trur desse sommarfuglane er på veg til Adam's Peak for å tilbe Buddha. Sidan det er Poya-dag i dag, ein av dei viktige Poya-dagane, som vert feira i tre dagar, er det kanskje slik?

Ein av mytane om Adam's Peak: Adam døydde og kom til himmelen.Men sidan han ikkje førde seg slik det høvde, måtte Gud visa han ut or Paradiset. Sidan Gud likte Adam og tykte det var for gale at han måtte reisa, avgjorde han at Adam skulle forvisast til den staden på jorda som var best nest etter himmelen. Då Adam sette foten ned i Sri Lanka, laga han eit avtrykk som står den dag i dag. Du finn det på Adam's Peak

Colombo: Sushi, biff, fish and chips, engelsk pub (men mest møte berre for å ha sagt det). Varm dusj. Godt!

søndag, februar 20, 2005

Colombo!

Etter 54 dagar i Trincomalee, med ein dag vitjing til Vavuniya (ein by det ikkje er verd aa snakka om) som einaste avbrot, reiser eg no til Colombo for tre netter paa fint hotell, hoeve til aa gaa i butikkar, til aa gaa paa restaurant. Kanskje sushi til middag i kveld? Trass i eg veit at framfor meg er to dagar med moete fraa tidleg morgon til seine kvelden, kjennest det littegrann som ferie....

fredag, februar 18, 2005

Fire timar sydenferie

Ti minutters koyring og tre politikontrollpunkt bortom Trinco by ligg eit gresk cruise-skip. I slutten av april set det kursen mot nord med turistar som vil sjaa norske fjordar. No ligg skipet ved kaien i Trincomalee og er sjukehus. Frisoersalongen er omgjort til gynekologisk undersoekingrom, i hyllene paa taxfri-butikken ligg det morfin-ampullar og diare-middel. Casinoet er fullt av humanitaer hjelp. Og i restauranten serverte dei i gaar kveld gresk tzatziki, dolmades og vin fraa Halkidiki til fire hjelpearbeidarar/monitorar som ikkje har ete stort anna enn rice and curry dei siste seks vekene. Gresk ferieparadis....

onsdag, februar 16, 2005

tirsdag, februar 15, 2005

Kachcheri

er namnet på distriktsadministrasjonshuset. Det ligg inne i Fort Fredrick, eit gammalt fort frå den tida portugisarar og seinare engelskmenn rådde her. Sjølve administrasjonshuset var heimen til Admiral Wellington, som regjerte fleire hundre år sidan. I dette huset sit eg store deler av dagen og prøver å samordna.... No har rejeringa lagt ned eit samordningsorgan, oppretta to nye, og i tillegg utpeikt eit departement til å samordna Trinco spesielt. Frå denne veka og framover skal me samordnast av politikarar som ikkje er frå Trinco, med 'støtte' frå eit kjempestort råd som truleg ikkje får noko å seia.

Men Wellington House lever på ein måte sitt eige liv, veggene her har sikkert opplevd meir spennande saker enn det dei opplever no.

søndag, februar 13, 2005

Do No Harm

Møte med regionale styresmakter, nasjonale ressurspersonar og hjelpeorganisasjonar om korleis ein kan driva hjelpearbeid utan å gjera skade. Svært interessant, og viktig - ikkje minst når det kjem inn hjelpeorganisasjonar som manglar basisinformasjon som t.d. at sinhalesarar og tamilar ikkje snakkar same språk. At det faktisk fins nasjonale og lokale styresmakter, lover og reglar, og at det å presentera planane sine til ein tilsett i lokaladministrasjonen ikkje er tilstrekkeleg til å kunna starta å byggja hus.

Sambuaren måtte prioritera andre viktige oppgåver, - tur til hovudstaden for å kjøpa kaffi og ost.

fredag, februar 11, 2005

Naturgass

I rekkja av kreative idear for å hjelpa folk som er råka av bylgja, er den om å skapa arbeidsplasser ved å spa ned kumøk, tilsetja bakteriar (er det naudsynt?) og produsera metangass som kan seljast som brensle/energi.

tirsdag, februar 08, 2005

HARTAL

Fyrste hartal i Trinco etter tsunamien (hartal=general shut down of society), organisert av Tigrane, i protest mot drapet på ein prominent tiger-leiar, ein tidlegare parlamentsmedlem,og fire andre i går kveld (sørom oss). Teikn på at situasjonen er på veg tilbake til "normalt"?

søndag, februar 06, 2005

Mother no more

How are you? What is your name? Mother, sister, no more. Tsunami, sa den vesle jenta i teltleiren i Adampodai, og smilte til meg.

Etter eitt og eit halv år i Trincomalee, har eg sett mange døme på at smilet og låtten vert brukt for å løyna sorga.



fredag, februar 04, 2005

Kvardagsjordskjelv

Sist fredag var panikken laus i Trinco; folk trudde ein ny Tsunami var på veg, og heile byen visste det i løpet av ti minutt. Eg kjende også panikken i eit augneblink: kvar er D, kvar er kollegaene mine, korleis kan eg varsla dei? Kvar gjer me av oss? Vesle Rosin, son til Steven på gjestehuset, vart send heim frå skulen av lærarane, som sa han måtte springa det han kunne for ei ny bølgje var på veg. Han var så redd at han ikkje kunne snakka, og gøymde seg i kjøkenet heile ettermiddagen. Fyrst då kollega Sara fortalde (laug) at me hadde snakka med vitskapsfolk som sa at det ikkje kom noka ny bylgje, torde han å koma ut or huset.

Ryktet var faktisk skapt av eit jordskjelv utanfor Nicobar Island i Bengalbukta, men denne gongen berre 5.6 på skalaen. No sjekkar me kvar dag web-sida som melder jordskjelv. Visste de at i siste veke var det sånn ca 15-20 jordskjelv i dette området kvart døgn, alle mellom 5.0 og 5.6 på skalaen? Dei siste to dagane har det roa seg ned, og eg søv betre om nettene....

torsdag, februar 03, 2005

Papaya og husbygging

I dag har me ete heimeavla papayafrukt! Trea våre har vakse seg kjempehøge i løpet av litt meir enn eitt år,og er ei utfordring å hausta...

Eg trekte meg som leiar i lokal-regjeringa sin shelter-komite i dag tidleg, på grunn av manglande oppfølgjing frå lokale styremakter. Men det gjekk ikkje, og no lovar dei - om ikkje gull og grøne palmar - så iallefall at eg skal få den informasjonen eg treng for å gjera jobben, nokon til å hjelpa med papirarbeid, og velvilje! I går brukte eg dagen til å jakta dokument eg trong, som eg visste fanst, men som var forsvunne. Det viktigaste verkar vera å arkivera dokument, ikkje at folk skal få lesa dei. Etterpå klarte me å verta samde om viktige planar for husbygging for Tsunami-offera, og no byrjar eg faktisk å tru at det vil verta nye hus, til sist!

onsdag, februar 02, 2005

Gullkysten og dei fattige grannane

Millionane strøymer inn for å hjelpa folk i landsby x på stranda, mens folk i landsby y rett oppi vegen ikkje får hjelp i det heile, trass i at dei også har mista alt og vore fordrivne i mange år. For det er skilnad på folk: er du t.d. Tsunami-fordriven får du 1500 rupi i månaden til mat, er du konflikt-fordriven må du klara deg med 335 rupi.

tirsdag, februar 01, 2005

Ekteskap

kan vera kjærleiksekteskap eller arrangerte ekteskap. På desse kantar er det siste langt vanlegare enn det fyrste. Foreldra vel ein brukande kandidat, horoskopa vert samanlikna, og ti kriteria vert vurderte. Om det er 60% klaff eller meir, OK. Mindre enn 60%, gløym det!

Mens eg trur at eg og sambuaren ville ha 100% klaff om me sjekka horoskopa våre, meiner han det ville vera 0%. Etter meir enn 30 års sambuarskap (!), vel eg å tolka dette som uttrykk for mistru til astrologi/horoskop heller enn mangel på tru på forholdet...

Brureparet