mandag, februar 28, 2005

Gjetost

Heile historia om prosjektkontor og krisehusvære og telt eller ikkje telt (meir om det siste ein annan gong) har etterkvart vorte så absurd at eg heller vil skriva om norsk ost. På supermarknaden i Colombo fann me norsk "Gjetost" til sånn ca 200 kroner kiloen. Med norsk flagg. No lurer me på kvifor geitost vert heitande gjetost når han vert eksportert til utlandet. Kva meiner Studentmållaget i Bergen?

PS Me kjøpte ikkje gjetost, i protest mot både språk og pris.

2 kommentarer:

Anonym sa...

fordi det går gjet-ord om han?
m

brita sa...

At eg ikkje tenkte paa det! No har me tinga billett til Noreg den 2 april for aa hamstra brunost. Den osten vert dyr nok...