tirsdag, juni 30, 2009

Han forstår ikkje kva eg seier, eg forstår ikkje kva han seier

I går var eg i bursdagsselskap. Vetlebror fyllte 52 år og kom direkte frå flyplassen til selskapet, der han fyrst opna nokre fabrikkar og eit motehus (ja, det er sant). Då han kom langs rekkja av gratulantar, helste eg han med å seia "Til lukka med dagen!". Det er sikkert fyrste gong nokon har gratulert han på hardingdialekt, eigentleg nokså eksotisk vil eg seia. Han sa noko til svar, eg forstod han ikkje men ein kollega som stod ved sida mi sa vetlebror meinte at blomane eg heldt fram til han var vakre. Sidan blomane mine var dei billegaste som var tilgjengelege på markedet, var dette ein liten triumf for meg. Dei fleste ambassadørane hadde nemleg kjøpt roser, som er svindyre. Men min OSSE-kollega var likevel lurast. Han hadde ikkje med blomar og fekk ein kjempebukett med kvite roser frå vetlebror sin stab, slik at han også kunne overlevera blomar til bror.

søndag, juni 21, 2009

Awasa - ditt nye ferieparadis!

Den 15 og 16 juni var eg i Awasa, paa den kaspiske kysten, for aa vera med paa opninga av det siste store prosjektet i dette landet: feirebyen Awasa. I foelgje ein avisartikkel meiner statsleiaren at dette kan verta det stoerste feriesenteret i verda! Dette er det stoerste hotellet spm til no er bygd. Opninga var eit kjempeopplegg, med hundrevis av diplomatar, forretnignsfolk og regjeringsmedlemmer flydd inn fraa hovudstaden med charter.


Mens vi ventar paa den hoegbaarne...


Og paa aa spela nasjonalsongen...


Menn i svarte dressar er alltid med.


Hovudtalaren.


Min ven Rashid.


"Alle" var der, ogsaa den ortodokse presten.


Nasjonsbygginga



Presidenten har invitert oss til hans private leiligheit og terasse paa toppen av eit av hotella, og fortel oss om alle planane hans for ferieparadiset Awasa


Utsikt fraa presidenten sin terasse.


Turkmenske unggutar poserer for meg i hotellparken.



Stranda nedom hotellet eg der eg budde. Det ser lekkert ut, ikkje sant? Under vitjinga vaar vart det skrive kontraktar for fleire hotell, tennisbanar, badeland, og ikkje minst eit innandoers skisenter!



Det som kanskje boer leggjast til, er at renseanlegg for kloakk er ikkje utbygd (og kanskje ikkje eingong planlagt?). Byen 8 kilometer fraa ferieparadiset har store vatnproblem og innbyggjarane er ofte utan vatn i dagesvis. I 40 graders varme om sommaren er det sikkert lite kjekt. Tru kva dei meiner om den store turistsatsinga?

Historisk 17 maifeiring i Ashgabat


30 mai feira me 17 mai i Ashgabat, noko forsinka, men med roykt aure, spekemat, rjomegraut og norske flagg. Dette er nok fyrste gong den norske grunnlova er feira i Turkmenistan, og saaleis ei historisk hending!

Sambuar, den amerikanske ambaasadoeren (som starta karieren sin i Oslo), og kollega Dovlet med dotter forsyner seg av koldtbordet.


Ogulnur i turkmensk bunad og norsk syttandemai-sloyfe.


Om kvelden var det konsert der turkmenske musikkstudentar spelte Grieg-musikk. Dei fann notane paa nettet og oevde hektisk i veka foer konserten. Her er dei paa veg inn til huset der konserten fann stad.


Dette er syttandemai-talaren, som gjev eit kort oversyn over norsk historie og bakgrunnen for grunnlova!


Musikarane tek mot vel fortent applaus. Gjestene utgjorde ei blanding av folk fraa ambassadar og internasjonale organisasjonar.