onsdag, november 17, 2010

Eta seg gjennom Dashoguz Velayhat

Eg har vore til Dashoguz for fyrste gong. Føremålet med turen var å vera venleg med dei lokale styresmaktene i vona om gode samarbeidsforhold i framtida. Provinsen har mange statlause innbyggjarar og me lever i vona om at den høgvelbårne snart vil godkjenna eit arbeidsprogram for samarbeidet mellom oss og regjeringa,  som vonleg skal gje desse folka statsborgarskap.


Plastikkpalme utanfor hotellet der eg budde

Møte
Karakumørkenen er vakker. Dette er langs veien mellom Ashgabat og Dashoguz
Fyrste dag opna med møte med hakimlik (regionale styresmakter), deretter reiste me til ein av delsdistrikta i Nyiasov etrap (distrikt) for å møta lokale styresmakter og statslause. Lunsj. Deretter møte i neste deldistrikt. Lunsj.
Dag to: Møte i deldistrikt i Gorogly etrap. Lunsj. Deretter møte i  neste deldistrikt, og  lunsj. Fire lunsj på to dagar, i tillegg til frukost og middag. Gjestfridomen i dette  landet er grenselaus, og det er ikkje mogeleg å seia nei. Men møta var gode, og eg trur me har klart å bli gode vener med dei lokale styresmaktene, som lover godt for framtidig arbeid mot statsloyse.
Karakum tyder svart sand

Bonus: me vitja eit lokalt museum som var fint og interessant. Og eg fekk lov å skriva meg inn i gjesteboka for høgvelbårne gjester.

Bloggskrivaren skriv i bokji

mandag, oktober 11, 2010

Plantesesongen har starta!

På laurdag starta plantesesongen, litt uventa for min (og andres) del sidan oppdraget denne helga var å opna ei fontene. Men kva gjer ein ikkje for milet! Awasa treng utan tvil tre, og med alle turistane som skal nyta ferieparadiset i framtida i tankane mine, kasta eg meg ut i plante-eventyret. Denne gongen var det utan mat og dans (det var det flust av under fonteneopninga) og me kom oss alle heim til Ashgabat som planlagd, sjølv med dette uventa programinnslaget. 


Bloggskrivaren, den einaste i korrekt planteantrekk: dongeri og strikkejakke.

Alt var tilrettelagd, med ferdiggravd hol for kvar tre, spade, og vassbøtte for dei forste hola. 'Skal du koma attende neste år for å sjå resultatet av innsatsen din må du planta sju tre', sa ein diplomatkollega. 'Seks av sju tre vil døy på grunn av vassmangel'.

Typisk turkmensk arbeidsantrekk for treplanting: svart dress og lakksko.

 

GB Shovel-starts Tree Plantation Campaign

Turkmenbashy, 9 Oct—The autumn tree plantation campaign started 9 Oct with shoveling-in of hundreds of pine saplings in Avaza. President Berdymuhamedov planted the first sapling, followed immediately by heads of diplomatic missions and international organizations, cabinet members, and elders.

In all, 324000 saplings were planted on 9 Oct. The week-long campaign is expected to add some two million saplings to the green treasure of Turkmenistan. In addition to pine, these would include arborvitae, Arizona cypress, Turkmen juniper, mulberry, almond, ash and poplar.

Most of the sites would be irrigated through drip irrigation system. /// nCa

lørdag, oktober 09, 2010

Fontener

Den nye fontena sekund etter at presidenten har trykt på knappen som sette alt i gang

Ei av dei mange fontenene på plassen framfor den store sjø-fontena.
Fontena om kvelden, lyssett og med hologram (som ikkje visest her).
Folket ventar på presidenten, bak kaskader av vatn..

Ein eller annan i Turkmenistan må vera veldig glad i vatn. Tenk deg eit ørken-land, der vatn er mangelvare og kjelde til potensielle konfliktar med grannelanda. Og så brukar dei vatnet til fontener. Men vakre er dei, iallefall nokre av dei.

fredag, oktober 01, 2010

Nobelprisen til president Nazarbayev

For ein gongs skuld synes eg at eg må ta eit steg ut av Turkmenistan, sjølv  om nyhendet eigentleg er litt gammalt.... Eg tykkjer likevel framlegget om å gje Nobelprisen til presidenten i Kazakhstan fortener plass. Framlegget kjem frå The World Assembly of Turkic Peoples, som nyleg møttest i Astana, hovudstaden i Kazakhstan. I grunngjevinga vert det nemnt at Astana er ein åndeleg verdshovudstad, og at landet har spelt ei viktig rolle i den fredelege utviklinga av Sentral-Asia og den turkiske verda (eg er freista til å nemna døme som den fredelege utviklinga i Kyrgyzstan dei siste månadene, menneskerettssituasjonen i nærliggjande land eg ikkje skal nemna med namn).  Presidenten har også bygd ein diger pyramide i Astana, Palasset for Fred og Forsoning, seier grunngjevinga for nominasjonen, som i tillegg nemner den 3 meter høge statua av presidenten som er sett opp i Ankara i takksemd  for alt han har gjort for den turkiske verda. 
 
No er eg rett nok litt stygg: reelle argument som nøytralitetspolitikken, og nedbygginga av landet sitt atomarseneal er faktisk nemnde. 
 
Obama i fjor, ja kvifor ikkje Nazarbayev neste år, og kanskje 'min eigen' president seinare?  
 

fredag, august 27, 2010

Presidentstatua er borte!

Restane av den vidgjetne nøytralietsarka (Solsikka), torsdag kveld, 26 august
World Trade Centre i forgrunnen, bilete teke frå
stoveglaset mitt i Seydigata.
Presidentpalasset til høgre.

onsdag, august 25, 2010

Endeleg kjem skianlegget eg har venta på

Det er lenge sidan ideen om innandørs skianlegg i den turkmenske ørkenen vart lansert. Var det berre eit luftslott? Kanskje ikkje. I dag melder media at Turkmenistan skal bruka  7 million dollar på å vidareutvikla Avaza tourist resort. Presidenten uttrykkjer von om at komplekset skal verta ein  ny «Las Vegas»-style destinasjon.  «The third phase of the project provides for the emergence of a peculiar Turkmen 'Las Vegas' with numerous casinos and other entertainment centers,» sa han.  Og ikkje minst: mellom dei nye prosjekta er "an indoor ski facility, more hotels and a series of infrastructure projects".  Følg med, følg med, dette blir spanande!

tirsdag, august 17, 2010

Helten fell

Noytralitetsstatua 28 mai 2010
Statua, paa folkemunne kalla Solsikka, 5 august.
Gammalpresidenten goymer seg framleis bak plastikken, men dagane hans er utan tvil talde.
The Neutrality Arch, noytralietetsstatua i Ashgabat er  75 meter hoeg og vart bygd i 1998 etter ordre fraa  daalevande president Saparmurat Niyazov for aa feira landet sin noytralitetsstatus. Det kosta $12 million aa byggja statua. Statua balanserer paa tre bein og paa toppen staar den 12 meter hoege  statua av Niyazov  som roterer slik at andletet hans alltid vender mot sola. Statua er dekka av gull, det seiest at 12-15 kilo purt gull vart brukt. Statua er plassert midt i sentrum, naer presidentpalasset (og naer mi leiligheit) der ho til no har dominert Ashgabat sin skyline. Om natta er statua opplyst i skiftande fargar.  Ein liten Floybane tok gjester opp til ein plattform, der ein kunne nyta ein straalande utsikt over byen.  No staar den mest saermerkte, og kanskje mest beroemte, av Ashgabat sine attraksjonar for fall. Statua vil bli saart sakna av meg og andre.   

Og livet leikar i Turkmenistan...

Utsikt fra Presidenten si takleiligheit i Awasa
Trass i målsetjinga om å utvikla eit av verdas beste ferieparadis, har dette landet framleis ein del å læra om korleis ein yter service til gjestene sine:
"Late in the evening on 31 July all holiday-makers in the tourist zone Avaza, located on the Turkmen coast of the Caspian Sea, were urgently evicted from their hotels and were forced to leave the recreation zone. The reason was the President’s upcoming visit there. The staff members of the President’s security service and representatives of the local authorities demanded that the tourists immediately leave the territory of Avaza. No alternative accommodations to continue their holidays and reimbursements for the pre-paid hotel stays were offered to them".

torsdag, april 15, 2010

Skit i bilen (eller kanskje heller på bilen)

Siste nytt frå Turkmenistan: det er no forbode å køyra med skiten bil! Om du likevel tar sjansen, risikerer du å bli stoppa av politiet, du blir fråteken førarkortet ditt og må ta oppatt både teori- og køyreprøve. Når ein i tillegg vert utsett for ein teoriprøve som har feil fasit, og biltilsynet veit dette men ikkje kan ta omsyn til det fordi prøven er maskinlesbar, då er frustrasjonen fullkomen.

lørdag, januar 30, 2010

Nye vener, men kvar ligg lojaliteten ?


Her ein dag var eg på vitjing hos forsvarsdepartmenetet. Temaet var kriseberedskap og kva me kan gjera for å støtta regjeringa i tilfelle flyktningekrise eller naturkatastrofar. Dett er fyrste gong me har klart å koma i dialog med dette departmentet, og det var eit konstruktivt og bra møte. Då eg gjekk fekk eg gåver: Rukhnama, og ei klokke frå 1996 med bilete av gamlepresidenten. Det er ei opptrekksklokke, og eg er ikkje heilt sikker på om eg kan stola på henne, men det ser ut til å gå bra så lenge eg hugsar å trekkja henne...Spørsmålet er likevel: Sidan den nye presidenten gjer det han kan for å fremja sin eigen person, og til og med har bestemt at den berømte 'solsikka', statua av gamleprsidenten som roterer med sola, skal fjernast, kva er grunnen til at viseforsvarsministeren deler ut gåver som hyller gamlepresidenten? Anar eg ei lita lojalitetskonflikt?