fredag, oktober 01, 2010

Nobelprisen til president Nazarbayev

For ein gongs skuld synes eg at eg må ta eit steg ut av Turkmenistan, sjølv  om nyhendet eigentleg er litt gammalt.... Eg tykkjer likevel framlegget om å gje Nobelprisen til presidenten i Kazakhstan fortener plass. Framlegget kjem frå The World Assembly of Turkic Peoples, som nyleg møttest i Astana, hovudstaden i Kazakhstan. I grunngjevinga vert det nemnt at Astana er ein åndeleg verdshovudstad, og at landet har spelt ei viktig rolle i den fredelege utviklinga av Sentral-Asia og den turkiske verda (eg er freista til å nemna døme som den fredelege utviklinga i Kyrgyzstan dei siste månadene, menneskerettssituasjonen i nærliggjande land eg ikkje skal nemna med namn).  Presidenten har også bygd ein diger pyramide i Astana, Palasset for Fred og Forsoning, seier grunngjevinga for nominasjonen, som i tillegg nemner den 3 meter høge statua av presidenten som er sett opp i Ankara i takksemd  for alt han har gjort for den turkiske verda. 
 
No er eg rett nok litt stygg: reelle argument som nøytralitetspolitikken, og nedbygginga av landet sitt atomarseneal er faktisk nemnde. 
 
Obama i fjor, ja kvifor ikkje Nazarbayev neste år, og kanskje 'min eigen' president seinare?  
 

Ingen kommentarer: