mandag, juni 27, 2005

26 juni 2005

er halvårsdagen for den store tsunamikatastrofen. Jobbmessig er eg glad, på denne dagen vart det annonsert at organisajonen eg arbeider for er invitert attende til Indonesia for å halda fram med hjelpearbeidet for dei tsunamiråka, eit område me måtte forlata i mars.
Privat markerte eg dagen med tur i Husedalen saman med familie, eit område langt frå strendene i Sør Aust Asia både med tanke på natur og temperatur. Men kva gjer det om gradestokken viser 12 grader når landskapet (og vassdrivet frå fossane) nesten tek pusten frå ein. Her er Bjødnabykset, der store mengder vatn sprengjer seg gjennom ei smal kløft før det eksploderer mot steinane nedanfor. Kan ikkje beskrivast, må opplevast.

Husedalen sundag Posted by Hello

Husedalen - Soetefossen mot Hardangervidda Posted by Hello

Fram fr� skogen Posted by Hello

mandag, juni 20, 2005

BLÅSENBORG

Det er godt å vera heime. Huset står, regnet siler, løvetannen veks. Bulldozer-pusen på ferie frå Bergen har vunne sin fyrste slåsskamp og skræmt bort den største katten me har sett på lenge. Søvnen er djupare enn Samlafjorden, men draumane handlar framleis om tigrar og lankesiske soldatar.

torsdag, juni 16, 2005

Regjeringskrise? Å nei, ikkje her...

Vakna til regjeringskrise, men som vanleg i dette landet snur kriser seg til kvardag i løpet av nokre timar.No sit presidenten og regjeringa hennar tilsynelatande trygt med støtte frå barndomsven Ranil (elles i opposisjon), mens marxistane, JVP, har forlete regjeringa. Sjølv let eg krise vera krise og reiste i felt. Eg nyt godt av å arbeida for ein organisasjon som har arbeidd i desse områda under mest heile krigen, ei tid då få organisajonar tok sjansen på å vera her. Når me køyrer langs vegane, møter me folk som lyser opp når dei ser bilen med logoen vår, smiler og vinkar og ser ut som om dei har møtt ein god gammal ven. Det er stas for meg, og ein god siste dag på jobb før eg reiser til Colombo/Bergen i tidlege morgontimar på fredag. Så må eg heller prøva å leggja vekk orda frå tigerleiaren eg hadde møte med i føremiddag, då eg spurde om utsiktene for internflyktningar til å reisa heim til eit område geriljaen kontrollerer: "situasjonen har gått frå vondt til verre, me ventar ny krig og du kan berre gløyma tanken på å hjelpa folk heim til denne landsbyen no".

mandag, juni 13, 2005

Trincomalee på ein måndag

Eg kan velja å skriva om maurinvasjonen som møtte meg då eg kom heim i kveld; maurane hadde teke over boksen med kattemat og det såg ut som om det var meir maur enn mat i boksen. Eg kan halda fram med skildra toget av maur som marsjerte frå kjøkendøra til disken der maten stod. At dei kasta seg over hendene mine og beit før eg fann giftboksen til sambuaren og starta den store maurmassakren. Eller eg kan velja å skriva om kor godt det er med Frukost knekkebrød med ost til frukost; knekkebrød som er ein levning frå Raudekrossen i Noreg som dreiv sjukehus i Eachchilampattai i vår, og som dreiv forbi på ei fjøl på laurdagskvelden (knekkebrodet og ikkje sjukehuset). Eller eg kan leggja ut om kor bale det er å koma heim seint, ha gløymt husnøklane (innelåst) på kontoret, mens han som har ekstranøklane er på familiebesøk og ikkje svarar på telefonen. Alt for å sleppa å nemna spørsmålet om buddha-statuar, hartal, veisperringar, munkar som demonstrerer/sveltestreikar/truar med setja fyr på seg sjølv. For ikkje å snakka om at ei av hovudstadsavisene i går melde om at tigrane byggjer ulovleg flyplass i Trincomalee med hjelp frå ein internasjonal hjelpeorganisajon, med støtte frå FN.

lørdag, juni 11, 2005

Buddha-statue, munkar og JM

Det vert stadig tydelegare at den stakkars buddha-statua framfor klokketårnet, som i følgje dom i retten i Trincomalee skal fjernast innan 15 juni, berre er eit symbol på andre og større ting (Orsak Buddha, for å antyda at du ikkje er stor). Fyrst og fremst er det ein maktkamp mellom dei to partane i konflikten, men meir og meir også om striden om Joint Mechanism (JM) - om korvidt tigrane skal delta i fordeling av hjelpa som kjem inn etter tsunamien. Trinco by er framleis stappfull av soldatar, og ingen trur at det vert noka løysing innan den magiske datoen, og alle ventar ny uro! I Kandy sveltestreikar ein munk mot JM, og sikkert også mot fjerning av statua, og skal vera i ein kritisk tilstand. I Colombo vart munkar som demonstrerte mot presidenten sitt hus stoppa med vannkanoner og tåregass. Og JVP, marxistane som sit i regjeringsposisjon saman med presidenten sitt parti, har sagt dei dreg seg ut om ikkje presidenten seier nei til JM seinast 15 juni. Når eg i tillegg kan nemna at horoskopet for Trincomalee by seier at 15 juni 2005 kjem til verta ein dårleg dag for byen, er det nok lett å forstå at me sit i små grupper og planlegg styrkte tryggleiksordningar. Eg for min del er i tillegg oppteken av at vegane ut av Trinco ikkje blir blokkerte, slik at eg kan nå flyet til Bergen på fredag. Sambuaren er klok, har alt reist og landar i Bergen om få timar. Heldiggrisen.

torsdag, juni 09, 2005

Norsk-svensk (re) union

I Trincomalee vart 7 juni markert gjennom forsøk på å gjenskapa unionen. God hjelp kom frå danskar, britar, lankesarar og sveitsarar, men berre fire av dei åtte inviterte svenskane kom på reunionsmiddagen i Channel Lane. Me tolkar det som mangel på interesse og slår fast at det er framleis ikkje grunnlag for ein ny union. Men alle, uansett etnisitet, likte røykelaksen.

tirsdag, juni 07, 2005

Ampara

Eg har vitja Ampara. Det er det omraadet i Sri Lanka som var hardast raaka daa tsunamien slo mot land i desember. I Kalmunai vitja eg landsbyen til kollega S. Berre i hans landby doydde mykje over tusen menneske, meir enn i heile Trincomalee distrikt. Langs stranda ligg eit fleire hundre meter breitt belte av knuste husrestar. Innimellom restane sit mange av familiane som ein gong budde der, nokon rensar murstein for sement med tanke paa gjenbruk. Andre berre sit. Folk me snakka med i ein leir i innlandet sa at dei gravla for mange i landsbyen sin og kan ikkje tenkja seg aa flytta attende.

torsdag, juni 02, 2005

Og for dei som lurer

Buddhaen står framleis på plassen framfor klokketårnet, kransa av piggtråd og vakta av 1500 soldatar og politimenn.

Hartal. Ikkje hartal. Kanskje hartal. Hartal utsett.

Hartal likevel. Slik er det å driva hjelpearbeid for tida. Mesteparten av tida synest å gå med til å vurdera sikkerheitssituasjonen. I går vart den STORE hartalen,som skulle vera total og dekka heile nordaust, utsett fjorten dagar. Men no er det varsla hartal i morgon likevel, og turen min til Batti og Ampara for å sjå på hjelpearbeidet der vert kanskje avlyst. Og elles høyrer eg at den STORE hartalen skal kanskje ikkje vera hartal i det heile, men ein protest der alle (tamilske) parlamentsmedlemer skal sveltestreika utanfor eit av templa i Trincomalee.

Elles har eg site på møte i to og ein halv time og høyrt styresmaktene diskutera på sinhalesisk, utan omsetjing, berre for å få høve til å stikka inn nokre velvalde ord om miner, og om korrupsjon, på slutten av diskusjonen. Eg kjenner meg stadig oftare som Trincomalees største møteplagar, som alltid kjem med upassande kommentarar på møte med regjeringsrepresentantane.