torsdag, mars 30, 2006

Barn i Kapoeta Nord

Me vitja Kapoeta Nord, der 425,000 menneske bur, utan lege/helsesenter, ein skule, 40 planlagde skular "under eit tre". Biletet er fraa eit moete i ein av landsbyane ('boma') der borna maatte sitja i utkanten mens mennene deltok i moetet. Fylkesmannen hadde ogsaa kontoret sitt under eit tre, fire stolar i skuggen. Han fortalde meg at far hans hadde tolv koner, 33 doetre, 24 soener. Og han la til at ein av hovdingane i naboomraadet ('payam') hadde 49 koner. Dei rikaste mennene i omraadet har mellom 3 og 4 millionar kyr kvar, mens gjennomsnittsfmilien eig 2-3 tusen. Ein flokk med kyr me koyrde forbi, karakteriserte han som 'lommepengar'. Me moette kvinner som gjekk ti timar kvar dag for aa finna vatn. No er det turrt, og mange drikk elvevatn som er ureint. Difor er det mykje sjukdom og me har nett faatt vita at det er utbrot av kolera i Kapoeta.
Meir seinare....

onsdag, mars 29, 2006

Tukulen min inni



Myggtelt er viktig, det kryr av smaa beist on nettene. Eit nytt insekt, for meg, er Nairobi Eye, ein slags maur som er full av syre og som faar huda til aa brenna om han kryp over deg. Eg har heldigvis ikkje hatt naerkontakt med uvesent enno...

Trist dag

I gaar kveld doydde kollega Nabil, som vart skoten under angrepet paa kontoret vaart i Jei for snart to veker sidan. Me reiste i lag til Sudan for tre veker sidan, han snakka om kona og ungane sine i Baghdad og kor mykje han sakna dei. Han var ein triveleg kar, med stor integritet, alltid ferdig til aa hjelpa andre. No er han ein av tjueto kollegaer som har mist livet i teneste for UNHCR dei siste 15 aara.

torsdag, mars 23, 2006

Nesten heime


I gaar tok me mot dei fyrste flyktningane som me hjelper heim til Aust Ekvatoria dette aaret. Her er ein familie utanfor teltet i Kapoeta, der dei overnatta foer me fylgde dei heim i dag tidleg. Andre er no paa veg med lastebil og traktor langs nesten uframkomelege veier nord og vest for Kapoeta.

Og dette er det fyrste biletet eg har klart aa faa inn i bloggen! Det er nesten umogeleg aa faa sendt bilete, men kanskje det vert fleire heretter...

tirsdag, mars 21, 2006

Ein hage i Kapoeta

Eg har funne ein liten skatt bak tukulen min, ein frukt og groennsakshage. Der veks det sitroner, appelsiner, bananer, papaya, vassmelon og fiken i tillegg til pepar, salat, aubergine, kaal, graskar og meir. Det er husverten vaar, Bruce, sin hage - ein amerikanar med mange aar bak seg i Afrika. No drive han med vassboring i Soer Sudan og eig tukulane me leiger. Han har gitt oss loyve til aa gaa paa papaya-slang saa mykje me vil (dei andre fruktene er ikkje mogne enno). Leveforholda i Kapoeta betrar seg dag for dag!

lørdag, mars 18, 2006

Juba

Juba faar meg til aa tenkja paa Knutsen og Ludvigsen, men Juba, Soer Sudan er ingen barneleik. Ikkje for det, her er faktisk baade straum og drosjar. Juba er hovudsetet for regjeringa for Soer Sudan, og hovudsetet for dei fleste internasjonale organisajonane, inkludert min! Eg har hatt nokre nyttige dagar her, har moett kollegaer, har faatt tak i naudsynt utstyr (t.d. Quick Run Bag, som sikkert er sjoelvforklarande, her har eg naudsynt kriseutstyr i tilfelle evakuering) Myggtelt har eg ogsaa faatt! Kanskje noko for Hardangervidda etter denne misjonen? Elles har eg lirka informasjon ut av folk, har flytta papir fraa pult til pult for aa sikra naudsynte underskrifter for aa faa ting til aa skje, og har opplevd 'hotell-livet' i Juba. For 120 dollar natta har eg nytt livet i brakkerigg, utan saape og handkle men med felles dusj og do utan vatn og straum. Mat kostar ekstra, sjoelvsagt! Dette er realitetane i eit land som er bomba og skote i fillebitar og som manglar omtrent alt!

Det aller beste er at eg trur eg har faatt ordna med installering av betre kommunikasjonssystem. Juba er som ein draum samanlikna med Kapoeta, her har eg traadlaust internett og kan lesa BT utan problem.

I ettermiddag reiser eg 'heim' til Kapoeta. Me brukar smaafly som tar opptil 12 passasjerar, og som flaksar seg fram mellom smaabyane i Soer Sudan. 50 minutter tek flyet fraa Juba til Kapoeta. Avstandane er store, og vegane er framleis ikkje opne for trygg trafikk, baade miner og herrens motstandshaer hindrar fri ferdsle!

Elles kan eg leggja til at Kapoeta sjoelv er utanfor omraadet til herrens motstandshaer, og rekna som tryggare enn omraada lenger vest. Kontoret vaart i Jei vart angripe onsdag kveld, tre kollegaer skotne - to av dei klarte seg heldigvis mens ein lokal tilsett vart drepen. Me veit ikkje kven som stod bak aataket, men resultet er uansett tragisk og ein vekkjar for oss alle om aa ta alvorleg paa sikkerheitsarbeidet.

torsdag, mars 16, 2006

KAKUMA

Kakuma er ein liten by nord i Kenya. Her ligg Kakuma flyktningleir, som hyser meir enn 74,000 flyktnngar frå Sør-Sudan. Der var eg i helga, for å møta kollegaer og flyktningar og diskutera retur. I marknadskvarteret i leiren fann me butikkar, restaurantar, internettkafear, kunstgalleri og meir. Franco Restaurant, New York Cafe, Greece Shop, Ethiopia Shopping Mall. Me vitja lærarskulen, der 248 ufaglærte lærarar frå leiren følgjer undervisning etter arbeidstid og blir kvalifiserte lærarar. Somme gjekk 10 kilometer frå arbeidet til lærarskulen, og like langt heim om kvelden. Vaksenopplæringa var og imponerande, med utdanning for murarar, elektrikarar, tømrarar, røyrleggjarar, skreddarar, datafolk. Her vert noko av grunnlaget for Nye Sudan lagt. Somme av flyktningane frå denne skulen er alt i gang med å byggja for UNHCR i Sudan, og for andre. På onsdag i neste veke byrjar me tilbakevendinga til Kapoeta, og me treng dei. Her er nesten ingenting. I den delen av Kapoeta der me har kontoret vårt bur det 190,000 menneske, dei har ein skule bygd av strå, og eit helsesenter bygd på same vis. Det er alt.

Eg sit utanfor tukulen min og skriv i halvmørket, tastaturet og skjermen på laptopen min er full av insekt, det yrer og kryr av små, halvstore og store insekt. Men heldigvis ikkje mygg, malariatrusselen er større andre stader i Sudan enn her. Når regntida kjem, vil det nok verta annsleis. Trass alle insekt, tukul-livet er ikkje så verst, ikkje minst når ein vaknar om morgonen og ser gasellene hoppar elegant rundt i graset utanfor vindauga!

fredag, mars 10, 2006

Eit vegkryss i Soer-Sudan

Men før eg reiste til Kapoeta, og før Dagfinn reiste heim til Noreg, var me på safari i Kenya, til nasjonalparken i Nakuru. Me såg nashorn, giraff, bøffel, ein million rosa flamingoar, gaseller, massevis av sebra og meir. Nairobi var elles litt skremande, ikkje minst etter sikkerheitsbriefinga me fekk av FN, som kunne skræma nokon kvar. Sidan reiste eg med fly til Lokichoggio like ved grensa til Sudan, overnatta i noko liknande ein tsunami-leir (med prisar som på Colombo Hilton), og deretter med bil gjennom ingenmannsland til grensa av Sudan. Mereleg nok er det Kenya-sida som er rekna som farleg; me hadde væpna eskorte til grensa. På Sudan-sida var det fredeleg og roleg; me krusa avgarde på vegar som var mykje betre enn dei eg vanlegvis brukte lans austkysten av Sri Lanka.

Likevel er Sør-Sudan som ei anna verd. Kapoeta er stort sett eit vegkryss på ei stor, flat slette. Byen hadde tidlegare mange bygningar, oppførte av britane under kolonitida. No er alt borte, berre raude haugar med knust murstein fortel at det har vore hus på sletta. Nokre få hus står att som ruinar, t.d. sjukehuset som Norwegian Church Aid ein gong rehabiliterte og utvida. Restane etter ein moské og ei kyrkje står og att. Innimellom ligg det små runde hytter som er laga av strå og kledd med leire.

Me låner førebels kontor hos ein frivillig organisasjon, plassen regjeringa har tildelt oss er rydda, men tom. Bygging av kontor og bustader for dei tilsette er ei av mange prioriterte oppgåver i vekene framover. Tiltak for å betra situasjonen for dei som vender tilbake, er endå viktigare; her manglar det meste: vatn, skular og lærarar, helsevesen er av det viktigaste.

Fleirtalet av folk som bur her høyrer til toposa-folket. Dei er kjende for å vera sterke og uavhengige. Dei helsar med handflata vend open mot meg når eg passerer dei på vegen. Kvinnene går kledde i små, korte foldeskjørt som vippar elegant når dei kjem vandrande langs vegen, oftast med ein baby på ryggen, ein i magen, og med ei stor bør på hovudet. Mennene har gjerne eit klede slengt over skuldrane, og elles ingenting. Det einaste dei ber på er vanlegvis ein gjetarstav og ein liten krakk til å sitja på.

torsdag, mars 09, 2006

AFRIKA

Eg er endeleg i Kapoeta, ei rundkoyring i soer-Sudan der eit norsk sjukehus ligg i ruinar rundt ein sving og der busetjinga stort sett betsaar av straahytter. Sjoelv bur eg i ein mur-tukul (bilete lenger ned), som er det mest luksurioese ein kan finna her. Dette er som campingliv paa femti-talet, med utedo borte ved gjerdet, oljelampe, og flust med edderkoppar. Men eg har gaseller, impala og dig-dig, grasande utanfor hytta, og snart faar me elektrisk ljos, saa livet er ikkje saa verst. Trincomalee er likevel reine metropolen samanlikna med dette, og Bergen og Kinsarvik verkar hoyra til paa ein annan klode. Meir seinare, eg sender over satelitt og kan ikkje bruka for lang tid!