torsdag, mars 09, 2006

AFRIKA

Eg er endeleg i Kapoeta, ei rundkoyring i soer-Sudan der eit norsk sjukehus ligg i ruinar rundt ein sving og der busetjinga stort sett betsaar av straahytter. Sjoelv bur eg i ein mur-tukul (bilete lenger ned), som er det mest luksurioese ein kan finna her. Dette er som campingliv paa femti-talet, med utedo borte ved gjerdet, oljelampe, og flust med edderkoppar. Men eg har gaseller, impala og dig-dig, grasande utanfor hytta, og snart faar me elektrisk ljos, saa livet er ikkje saa verst. Trincomalee er likevel reine metropolen samanlikna med dette, og Bergen og Kinsarvik verkar hoyra til paa ein annan klode. Meir seinare, eg sender over satelitt og kan ikkje bruka for lang tid!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Godt å høyra at du er vel framme og på plass i tukulen! Håpar du har det bra, og at både myggnetting og -spray er på plass. Det høyrdest litt i overkant spennande ut med dei edderkoppane.
Men kva er ein did-dig?

PS. E-post kjem snart!!

brita sa...

Eit bittelite gaselledyr! Dig-dig. Veit ikkje kvifor det har dette namnet..

Jan sa...

Velkomen til Kapoeta, Brita!
Og for de andre som ikkje treng å nytte satellitt-telefon: Google Earth viser Kapoeta ganske bra. Berre start Google Earth, og skriv inn Kapoeta, Sudan i søkeruta.

brita sa...

Og om de er heldige, ser de meg vinka lystig paa veg mellom tukulen min og teltrestauranten vaar!
Takk for tipset om Google Earth, Jan!