torsdag, mars 16, 2006

KAKUMA

Kakuma er ein liten by nord i Kenya. Her ligg Kakuma flyktningleir, som hyser meir enn 74,000 flyktnngar frå Sør-Sudan. Der var eg i helga, for å møta kollegaer og flyktningar og diskutera retur. I marknadskvarteret i leiren fann me butikkar, restaurantar, internettkafear, kunstgalleri og meir. Franco Restaurant, New York Cafe, Greece Shop, Ethiopia Shopping Mall. Me vitja lærarskulen, der 248 ufaglærte lærarar frå leiren følgjer undervisning etter arbeidstid og blir kvalifiserte lærarar. Somme gjekk 10 kilometer frå arbeidet til lærarskulen, og like langt heim om kvelden. Vaksenopplæringa var og imponerande, med utdanning for murarar, elektrikarar, tømrarar, røyrleggjarar, skreddarar, datafolk. Her vert noko av grunnlaget for Nye Sudan lagt. Somme av flyktningane frå denne skulen er alt i gang med å byggja for UNHCR i Sudan, og for andre. På onsdag i neste veke byrjar me tilbakevendinga til Kapoeta, og me treng dei. Her er nesten ingenting. I den delen av Kapoeta der me har kontoret vårt bur det 190,000 menneske, dei har ein skule bygd av strå, og eit helsesenter bygd på same vis. Det er alt.

Eg sit utanfor tukulen min og skriv i halvmørket, tastaturet og skjermen på laptopen min er full av insekt, det yrer og kryr av små, halvstore og store insekt. Men heldigvis ikkje mygg, malariatrusselen er større andre stader i Sudan enn her. Når regntida kjem, vil det nok verta annsleis. Trass alle insekt, tukul-livet er ikkje så verst, ikkje minst når ein vaknar om morgonen og ser gasellene hoppar elegant rundt i graset utanfor vindauga!

Ingen kommentarer: