mandag, august 30, 2004


Ku frå Trincomalee Technical College

Kyr

Sidan eg er oppteken av dyr: Denne veka såg eg at ei ku i nabolaget har lært seg å opna porten vår. No skjønar eg kvifor eg stadig vekk har store kyr som beiter utanfor inngangsdøra mi. Og då eg gjekk heim frå arbeid ein dag, stod det i ku og drakk av drikkefontena utanfor Technical College.

Blackie - storepus

Vetlepus i Channel Lane

søndag, august 29, 2004

Fire traumatiserte kattar

gøymer seg under senga på gjesterommet. Ein stor og tre små. Dei skjønar ikkje at dei har kome til ein god heim, og at Channel Lane er eit mykje betre alternativ enn eit fråflytta hus ved stranda. Bilete følgjer såsnart dei har blitt husvarme.

torsdag, august 26, 2004

Museumsarbeid

I fem dagar har eg arbeidd i eit museum, med faks som viktigaste kommunikasjonsmiddel. Den viktigaste nyhendekanalen har vore haeren si vev-side. Saker blir utsett, livet blir for komplisert naar ein ikkje kan senda sakspapir elektronisk. Skulda har eit indisk skip som skada internetkabelen mellom Sri Lanka og India. Resultat: ingen tilgang til bt.no, folkabladet, hotmail, banken; umogeleg aa vitja Olaug sitt rom med utsikt, Einar paa ein onsdag eller andre viktige kjelder for dagleg aandeleg foede. For ti aar sidan visste eg knapt kva internett var, trur eg iallefall. No kjennest det som om ein likegodt kan halda seg heime fraa jobb naar e-posten ikkje fungerer.

Men no er me paa nettet att (det gaar seeeeiiiint), og relativt late dagar utan e-post er over. A-jo!

onsdag, august 18, 2004

Namalwatte - returlandsby utan det meste

Namalwatte er ein av fleire andre landsbyar der folk no vender heim etter mange år i utlegd. Meir enn hundre familiar er i ferd med å etablera seg på nytt, og har bygd seg jordhytter langs vegen. Dei manglar det meste; skule, do og vatn kanskje det viktigaste. Men optimismen blømer, og trua på framtida er stor. Dei fiksar det meste om dei berre får pittelitt hjelp.

I Namalwatte såg me ein kjempestor tusker (elefant med støyt-tenner) som storma avgarde på marka bortom landbyen. Folk vart redde, elefantar er farlege og kan gjera mykje skade på folk og hus og avlingar. Dei forklarte av dei vanlegvis spring avgarde og klatrar opp i tre om det kjem elefantar. Men dei sa og at å sjå ein tusker betyr lukke. Idag er altså ein lukkedag for meg.

Og lukkelege eg har vore i eitt-årsdag til Lakshima, dotter til Thaya som er ein av vaktene våre. Mykje glitter og stas, sjå bilete.

Eitt-aarsdag i Trincomalee

lørdag, august 14, 2004

Raatt og rote fraa Channel Lane

Eit politisk drap eit steinkast fraa heimen, ein handgranat likeins, og eit likkiste paa kontortrappa hos husbonden. Det er denne veka i korte trekk. Nokre (gjett kven?) skaut ein av EPDP grannane vaare tysdagskvelden, og for aa demonstrera mot politisk vald gjekk gravfoelgjet paa vitjing til monitorane. Greitt nok, fordi det skapar merksemd omkring ein slik roten maate aa driva politikk.

Men det har vore roleg sidan, i Trincomalee. Og varmt. Det er turt, boendene klagar over turken og alle ventar paa regntida. Imens har eg tenkt aa nyta badelivet i Nilaveli i morgon, fyrste sundag utan arbeid paa fleire veker....

Sovedokker

fredag, august 06, 2004

Fredag morgon

Frukost i Channel Lane: Brunt broed, brunost, sveitserost og Friele Frukost-kaffi. Nam-nam.