torsdag, august 26, 2004

Museumsarbeid

I fem dagar har eg arbeidd i eit museum, med faks som viktigaste kommunikasjonsmiddel. Den viktigaste nyhendekanalen har vore haeren si vev-side. Saker blir utsett, livet blir for komplisert naar ein ikkje kan senda sakspapir elektronisk. Skulda har eit indisk skip som skada internetkabelen mellom Sri Lanka og India. Resultat: ingen tilgang til bt.no, folkabladet, hotmail, banken; umogeleg aa vitja Olaug sitt rom med utsikt, Einar paa ein onsdag eller andre viktige kjelder for dagleg aandeleg foede. For ti aar sidan visste eg knapt kva internett var, trur eg iallefall. No kjennest det som om ein likegodt kan halda seg heime fraa jobb naar e-posten ikkje fungerer.

Men no er me paa nettet att (det gaar seeeeiiiint), og relativt late dagar utan e-post er over. A-jo!

3 kommentarer:

brita sa...

Rett skal vera rett; skipet er frikjend og no er det eit stort mysterium kva som var grunnen til at Sri Lanka misste internett-sambandet med resten av verda...konspirasjonsteoriane blømer.

Anonym sa...

Var det ikkje det minste deilig å vere utan internett? Internett er Satan.
Helsing Olaug

brita sa...

Det var då litt sterkt? Men det var absolutt ein tankevekkjar å vera utan e-post; å sjå kor avhengige me har vorte av elektronikken i det daglege arbeidet. BT, Klassekamp og anna er uansett betre på papir enn på nettet!