mandag, mai 31, 2004

Ein liten siger

Rekrutteringskontoret som Tigrane opna sist veke i Alles Garden, ein av intern-flyktningleirane i Trincomalee, er stengd! Og utan blygsel (er det korrekt nynorsk?)tek eg æra for det. Det er uhøyrt å driva politisk verksemd i ein flyktningleir; det bryt med internasjonale avtalar, det bryt med 'Guiding Principles for Internal Displacement', og det set UNHCR si upartiske stilling i fåre. Det fortalde eg Tigrane,og dei lydde.

tirsdag, mai 25, 2004


Vidunderet er ferdig. Ein BSA 1958 modell motorsykkel, reparert i loepet av fem maanader av Joseph, stolt sykkelmekanikar fraa Trincomalee (og mykje mas fraa ein utolsam eigar til venstre i biletet).

mandag, mai 24, 2004

Merkelege saker å sjå når ein minst ventar det

På vei heim frå bebuarval-møte i Nilaveli internflyktningleir idag, såg eg noko som er vanskeleg å skildra. Eg trudde fyrst nokon flytta tivoli-utstyr, for det var så mykje dingeldangel som snurra rundt i lufta ovom veien framfor bilen min. Men då eg kom nærmare såg eg at det var to kroppar som liksom flaut i lufta, imellom duskar av lauv som og sveiv rundt der oppe. Det viste seg å vera to menn som hang i ein kranliknande innretning som køyrde etter vegen, kroppane var festa med krokar i huda på leggene, i ryggen og på overarmane (og det var temmeleg grotesk det heile). Hinduistiske fakirar på veg til tempelet, til endå ein hindufestival! Denne gongen var det truleg Chidi Mari som vert feira i mai/juni av Siva-dyrkarar. Kjelder seier at å hengja etter krokar på denne måten har vore gjort i mange tusen år i hinduistisk kultur, og er ein del av strevet etter å utforska sambandet mellom kropp og ånd.

Eg held meg heller til Ganesh, elefantguden.

lørdag, mai 22, 2004

Rismarkene vert klargjorde for planting

og nokre er alt tilplanta. Den fyrste vekstperioden er vakrast; kvar firkant tilplanta med ris har sin eigen farge, og tilsaman lagar alle smaarutene eit stort lappeteppe i ulike groensjatteringar. Ris heiter forresten paddy her, og 'paddy cultivation' er ei svaert viktig naeringsgrein.

Eg naut synet av rismarkene paa veg heim fraa eit moete i Vavuniya i gaar, og burde ha teke eit bilete av dei - men det gjorde eg ikkje! Vavuniya er ein liten filleby som ligg nordvest for Trincomalee og som har vakse seg stoerre fordi han er den siste utposten foer Tiger-land lenger nord. Det beste ein kan seia om byen er at han har eit supermarked (Suppermarket paa Lanka-engelsk) som sel ost, og at det er mogeleg aa kjoepa vin der!

Seinare paa kvelden var det avskjedslag for distrikt-nestsjefen for Sri Lanka Monitor Mission. Fyrverkeri, grilla kjempereker og anna godt paa stranda! Men sambuaren maatte tidleg heim, han tek dykkarsertifikat desse dagane og maatte vera klar for fyrste dykk klokka sju i dag tidleg.

torsdag, mai 20, 2004

Spraak

I dag var eg i Thampalagamam i moete med fordrivne muslimar som ynskjer aa venda heim til landsbyen sin etter 14 aar i utlegd. I samband med med laerde eg noko nytt: muslimar i Sri Lanka snakkar tamilsk men har ein eigen dialekt som ikkje er knytta til geografi, men etnisitet - eller kanskje det er rettare aa seia religion....Ein muslim fraa Trincomalee snakkar ulikt ein tamil fraa Trincomalee, men sameleis som ein muslim i Batticaloa, lenger soer. Uttalen er ulik, og mange ord sameleis.

Fins det liknande fenomem i Noreg? I mitt Norsk Maalungdom-liv paa syttitalet brukte me omgrepet sosiolekt, men det var aldri knytta til religion....

Stranda utanfor French Garden, Trincomalee

tirsdag, mai 18, 2004

Syttande mai og steinkasting

Det er visstnok sant at nokon kasta stein paa ambassadoerhuset i Colombo daa ambassadoeren og -doera hadde syttandemaiselskap i gaar. Endaa det stod mykje vakkert om Noreg i Colombo-avisene paa dagen. Det var tilogmed bilete av Sonja og Harald, og syttandemaihelsing fraa Dale Fabrikker. Det er nok ikkje alle som er glade i nordmenn her, tru kvifor?

I Trincomalee var det ingen som kasta stein. Me aat iskrem og drakk brus paa jobben; alle maatte hoyra ein kort tale om grunnlova. Og nokon foreslo at Stephen fraa UNHCR sitt gjestehus skulle syngja den norske nasjonalsongen, men han fekk det ikkje til. Men det var heller ingen som song nasjonalsongen for Tamil Eelam.

søndag, mai 16, 2004

Scandinavian Highlights

Ifylgje annonser i Colombo-aviser i dag kan ein for ca. 1,500 dollar vitja 'Scandinavian highlights'; som omfattar både Brussel, Hamburg, Ustaoset og Brumunddal!

lørdag, mai 15, 2004

Barnesoldatar

For to dagar sidan vart sju tidlegare barnesoldatar frå distriktet her som hadde stukke av frå Tigrane, henta tilbake. Foreldra deira og dei sjølve vart banka opp heime i husa sine, før ungane/ungdomane vart førde bort. Kjekke folk, kva?

Frå kollegaer andre stader i aust og nord kjem det stadig fleire meldingar om rekruttering av born. Dette skjer i ein periode like etter at Tigrane har gjort eit stort nummer av at dei ikkje rekrutterer barnesoldatar, og at dei slepp fri barnesoldatar som "har meldt seg som soldatar og oppgitt feil alder". Sjølv hadde me vitjing å kontoret i går av ei mor, internflyktning, som melde frå om at sonen på 15 var forsvunnen og mest sannsynleg rekruttert.

torsdag, mai 13, 2004


Dette er ein elefant fraa Jaffna-omraadet som gjekk paa ei mine og fekk sprengt vekk halve framfoten. No vert han teken vare paa i Pinnewala elefantbarnehage.

Skilt fraa badet paa Hotel Galle Face i Colombo

onsdag, mai 12, 2004

Vitjing i Thampalagamam

I ettermiddag vitja eg Thampalagamam, ein av dei elleve divisjonane i Trincomalee distrikt. Divisjonssekretaren hadde moete med Grama Sevakas, som er dei lokale representantane for styresmaktene i kvar landsby. Temaet var pengehjelpa som alle har rett paa om dei vender heim etter aa ha vore fordrivne paa grunn av konflikten i Sri Lanka. Kvar familie faar 25,000 rupi, som er ca 2000 kroner. Pengane skal hjelpa dei med ei kriseloysing for husproblema dei fleste (alle) har. Problemet er berre at hjelpa kjem saa altfor seint! Mange av dei som no staar for tur til aa faa utdelt pengane her i Trincomalee, vende heim for meir enn eit aar sidan. Litt vel seint for aa byggja ei lita hytte for aa hjelpa seg den fyrste perioden etter heimvendinga! Eit av problema er at byraakratiet her er nesten umogeleg aa trengja gjennom; ei riktig hengjemyr. Tre ulike moete maa gjennomfoerast fraa den fyrste registreringa av folk, til NECORD, organisajonen som skal fordela pengane, kan starta sin prosess. Om NECORD har pengar paa bok, daa - det er avhengig av Verdsbanken og andre store gjevarar!

mandag, mai 10, 2004

Endeleg sol

saa lenge det varte! Laurdagen var lat og jobbfri, med grilling i hagen og mange gjester. Morgonen starta paa marknaden i Trincomalee,saman med Stephen - UNHCR sin gjestehusvert - for aa handla fisk, reker og groennsaker til grillinga. Stephen har FN-sykkel, kvitlakka med blaalogo, den einaste i sitt slag i denne delen av verda! Me kjoepte tiger-reker og sheer-fisk, ananas til desert. Poteter, lauk og tomater til salat. Tilogmed oliven og olivenolje kan ein kjoepa i Trincomalee; kom ikkje her og sei at denne byen ikkje er midt i verda. Gjestene hadde det bra, og let vel! Ikkje verst naar ein skal stetta smakskrav fraa folk fraa Sverige, Finland, Island, Danmark, Brasil, Palestina, USA, UK, Holland, Sri Lanka,Italia, Sveits og Noreg.

Husbonden maatte arbeida sundagen, men rakk eit lite sykkelstunt foer kvelden sette inn. Planane om bading paa Nilaveli beach maatte utsetjast, og no er kvardagen, og regnet, attende.

torsdag, mai 06, 2004

Mykje hender i løpet av ein månad

Til dømes hadde me ein liten internkrig mellom dei to tigerfraksjonane (LTTE), og 250 familiar vart pynteleg fordrivne/flytta/evakuerte til Eachchilampattai, sør i Trincomalee. Og like pynteleg sendt heim att etter tre døgn i utlegd. Karuna vart slått, Herr P flytta inn sine undersåttar og dett var dett. Vel inn i mai månad er alt vorte så roleg i Aust-Sri Lanka at det mest spanande tema for diskusjon er veret. Skulle tru ein var i Noreg....
Elles feirast Vesak, høgtida som markerer Buddhas fødsel og død. Det mest markante er alle papirlampane som heng rundt i sinhalesiske heimar, dei fleste med buddhistiske tema. Politistasjonane kappast om å laga dei vakraste (?) lampane, og syter for vakthald for at ikkje kunstverka skal verta vandaliserte. Husbonden og eg gjekk for å sjå opninga av festivalen, men den regna bort - det var ikkje stort andre enn nordmenn som våga seg ut i regnbyene!