torsdag, mai 20, 2004

Spraak

I dag var eg i Thampalagamam i moete med fordrivne muslimar som ynskjer aa venda heim til landsbyen sin etter 14 aar i utlegd. I samband med med laerde eg noko nytt: muslimar i Sri Lanka snakkar tamilsk men har ein eigen dialekt som ikkje er knytta til geografi, men etnisitet - eller kanskje det er rettare aa seia religion....Ein muslim fraa Trincomalee snakkar ulikt ein tamil fraa Trincomalee, men sameleis som ein muslim i Batticaloa, lenger soer. Uttalen er ulik, og mange ord sameleis.

Fins det liknande fenomem i Noreg? I mitt Norsk Maalungdom-liv paa syttitalet brukte me omgrepet sosiolekt, men det var aldri knytta til religion....

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har lagt merke til at pastoren i Levende Ord alltid seier "JESOSS!" i staden for jesus, når han tyt i veg på TV. Om dette er eit uttrykk for religionsdialekt eller at han er frå Stavanger er eg ikkje sikker på.
- Riddar B.

brita sa...

Kanskje det kan kallast religiolekt?

Magnus sa...

Eg kjenner ikkje Sri Lanka serleg godt. Men dette høyrest litt ut som stoda på Balkan. Kroatar, bosniarar og serbarar snakkar same språket - meir likt enn norsk og svensk, eller nynorsk og bokmål. Dei ulike folkegruppene er deinert ut frå religion. Mellom kurdarane er det og ulike dialektar som og har samaband med ulike religionar.