lørdag, mai 15, 2004

Barnesoldatar

For to dagar sidan vart sju tidlegare barnesoldatar frå distriktet her som hadde stukke av frå Tigrane, henta tilbake. Foreldra deira og dei sjølve vart banka opp heime i husa sine, før ungane/ungdomane vart førde bort. Kjekke folk, kva?

Frå kollegaer andre stader i aust og nord kjem det stadig fleire meldingar om rekruttering av born. Dette skjer i ein periode like etter at Tigrane har gjort eit stort nummer av at dei ikkje rekrutterer barnesoldatar, og at dei slepp fri barnesoldatar som "har meldt seg som soldatar og oppgitt feil alder". Sjølv hadde me vitjing å kontoret i går av ei mor, internflyktning, som melde frå om at sonen på 15 var forsvunnen og mest sannsynleg rekruttert.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Neste 1. mai skal eg gå bak tigerparola med ropert og vatnballonger. Eg får ikkje lov til å laga kommentar med namn. Men det er meg - bulldosaren.

Anonym sa...

Bra! Bra!
Brita!

Anonym sa...

Eg las forresten i avisa at nokon hadde kasta stein på den norske ambassadørboligen i går. Det var vel singalesarar, reknar eg med.
Eg får heller ikkje skriva namnet mitt, men det er eg; Riddar Blåræv.