mandag, mai 24, 2004

Merkelege saker å sjå når ein minst ventar det

På vei heim frå bebuarval-møte i Nilaveli internflyktningleir idag, såg eg noko som er vanskeleg å skildra. Eg trudde fyrst nokon flytta tivoli-utstyr, for det var så mykje dingeldangel som snurra rundt i lufta ovom veien framfor bilen min. Men då eg kom nærmare såg eg at det var to kroppar som liksom flaut i lufta, imellom duskar av lauv som og sveiv rundt der oppe. Det viste seg å vera to menn som hang i ein kranliknande innretning som køyrde etter vegen, kroppane var festa med krokar i huda på leggene, i ryggen og på overarmane (og det var temmeleg grotesk det heile). Hinduistiske fakirar på veg til tempelet, til endå ein hindufestival! Denne gongen var det truleg Chidi Mari som vert feira i mai/juni av Siva-dyrkarar. Kjelder seier at å hengja etter krokar på denne måten har vore gjort i mange tusen år i hinduistisk kultur, og er ein del av strevet etter å utforska sambandet mellom kropp og ånd.

Eg held meg heller til Ganesh, elefantguden.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Køyrde dei etter vegen, hengande i ein KRANBIL??

Anonym sa...

Køyrde dei etter vegen, hengande i ein KRANBIL??

Anonym sa...

Eg var visst så aoandotten at eg måtte skriva to gonger.
B-Doser

brita sa...

Vel, dei som hang i krana køyrde ikkje bilen (eller traktoren), dei berre sveiv rundt høgt oppi lufta. Flygemenn, kallar husbonden dei. Der var ekkelt, det kjendes som om nokon slo meg i magen då eg skjønte kva eg såg.