lørdag, mai 22, 2004

Rismarkene vert klargjorde for planting

og nokre er alt tilplanta. Den fyrste vekstperioden er vakrast; kvar firkant tilplanta med ris har sin eigen farge, og tilsaman lagar alle smaarutene eit stort lappeteppe i ulike groensjatteringar. Ris heiter forresten paddy her, og 'paddy cultivation' er ei svaert viktig naeringsgrein.

Eg naut synet av rismarkene paa veg heim fraa eit moete i Vavuniya i gaar, og burde ha teke eit bilete av dei - men det gjorde eg ikkje! Vavuniya er ein liten filleby som ligg nordvest for Trincomalee og som har vakse seg stoerre fordi han er den siste utposten foer Tiger-land lenger nord. Det beste ein kan seia om byen er at han har eit supermarked (Suppermarket paa Lanka-engelsk) som sel ost, og at det er mogeleg aa kjoepa vin der!

Seinare paa kvelden var det avskjedslag for distrikt-nestsjefen for Sri Lanka Monitor Mission. Fyrverkeri, grilla kjempereker og anna godt paa stranda! Men sambuaren maatte tidleg heim, han tek dykkarsertifikat desse dagane og maatte vera klar for fyrste dykk klokka sju i dag tidleg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Paa vestlandet ser det moerkt ut for morellene, sidan det snoer og er beinkaldt. Det maa vera bale aa vera fruktbonde! Eg tek foroevrig sertifikat i filosofi. Det er supperkeisamt.
BulldoCr