mandag, juni 26, 2006

Lokidor, Lokolong, Lokonyen, Loremo

Det har forundra meg at saa mange menn har namn som byrjar paa L. Til doemes min ven Lopate, eller kollega Lokal, eller Lokidor og Lola som eg moette i dag. Forklaringa: dei er alle fraa Toposa-stammen. Dette fortalde Lola og Lokidor. "Kvifor?" spoer dumme meg. "Tradisjon!"er svaret. Det har alltid vore slik, og namnet kan ogsaa fortelja om barnet er foedd i loepet av regntida, eller toerketida. I tillegg kan namnet fortelja noko om plassen barnet er foedd. Lokidor fortel at namnet hans betyr doer. Han flirer og seier at kanskje foedde mor hans han mens ho var pa veg inn doera. Lola seier at hans namn betyr vindauge. Ingen kommenterer den foedselen, men eg ser at dei tenkjer sitt. Jentene? Jenter har namn som byrjar paa N.

Neste utforskingsoppgave er kvifor somme menn heiter Jok, Bior, Thon, Biar, Leek.

torsdag, juni 22, 2006

onsdag, juni 14, 2006

Slange i paradis

I gaar drepte me ein STOR kobra like bak telt-kontoret mitt. "Me" er kanskje overdrive, eg heldt meg paa trygg avstand mens nokre av dei lokaltilsette gjorde jobben. Det var ei brutal gjerning, fyrst mange slag med jarnstenger, saa toemde dei diesel over han. Slangen doydde liksom gradvis fraa hovudet bakover til halen. Det var trist aa sjaa. Men eg er sliten mellom behovet for tryggleik i kvardagen, og relativt positive kjensler for ein slange som burde ha sin plass her, han og.

Me saag tilsaman tre slangar denne dagen, to i kontor-leiren, ein i bu-leiren. Regnet faar dei til aa koma fram, og no har me toemt ei tunn strime med diesel rundt tukulane vaare for aa halda dei vekke.

Kapoeta=paradis? Litt overdrive, kanskje....

lørdag, juni 10, 2006

Sterke kvinner

Etter at partane hadde skrive under fredsprotokollen i Machi (sjaa nedom), kasta kvinnene moeteleiaren opp i lufta og bar han gjennom landsbyen.



Men fyrst song dei for dei frammoette kyrne. Eller kanskje det var for mennene.

tirsdag, juni 06, 2006

Fred mellom Boya og Toposa

I gaar hadde eg ein kjekk dag! Eg deltok i overlevering av stole kveg fraa Boya-stammen til Toposa-stammen. Dette er lekk i arbeidet regjeringa gjer for aa gjera opp med gamle synder og verta kvitt gammalt vondt mellom stammane.

Her sit Toposa-eigarane, og dei Eldste, og ventar paa at Boya-folket skal koma med det stolne kveget.

Daa Boya-folket kom langsetter vegen mot Toposa-folket, slakta Toposaene ein kvit okse for aa helsa Boya-folket velkomne til landsbyen. Dei delte hovudet fraa kroppen, og la ein del paa kvar side av vegen slik at folk og kveg skulle gaa midt mellom oksedelane (kveget var litt motvillig til aa passera, igrunnen ikkje saa rart...)

Kveget paa veg


Saa var det talar i tre timar. Boya-leiaren hadde med eit spyd som var meir enn hundre aar gammalt. Han sa at det hadde tilhoyrt ein fredsforkjempar, og at spydet skulle verna freden ogsaa no. Han lovte at alle som heretter ville gjera noko som skada freden, ville doy! Etterpaa velsigna han alle, lovte at alle leiarane ville verta velsigna med tvillingar, og la til at alle skulle verta rike, tilogmed me kvite som deltok i denne fredshendinga.

I tillegg maa eg leggja til at kommisaeren kalla meg syster, viste meg fram til alle dei frammoette saman med dei to legane vaare, sa at me var her for aa hjelpa, og baud alle dei Eldste om aa sikra at me vert vel tekne vare paa og at ingen gjer oss noko vondt!

fredag, juni 02, 2006

Sudan igjen...

etter ei veke i Noreg med m.a. ei fantastisk kjaerleiks-ferjereise mellom Kinsarvik og Utne, som fylgde ein vakker hoegtid i heradshuset i Kinsarvik, med to lukkelege hovudpersonar og mange hoegtidsstemde gjester. Stor takk til alle som bidrog til feststunda, og til dei som gjorde det mogeleg for underskrivne aa moeta i bunad!

Skulle gjerne ha markert dette med vakre bilete, men sidan eg pakka for ein tre dagars tur til Nairobi daa eg forlot Kapoeta meir enn tre veker sidan, var ikkje kamera fyrste-valet. Det laag trygt i Sudan mens eg var i Hardanger.

Sudan er som foer, men mykje har heldigvis skjedd mens eg var borte. Vaart medisinske hjelpeprosjekt er i gang, roynd helse-personell er paa veg og me planlegg aa starta ambulerande helsearbeid i landsbyane, fraa telt i fyrste omgang. Det er kjempekjekt aa sjaa at det skjer positive ting! Og det var kjekt aa sjaa at folk var glade for aa sjaa meg tilbake i Kapoeta. Eg trur det var like foer kommisaeren gav meg ein klem...

I dag har me skrive kontrakt for aa byggja vaar eigen ’compound’ (manglar framleis eit godt norsk uttrykk), og om nokre maanader vil me ha vaare eigne kontor, husvaere, kjoeken og matsal, moeterom, og treningssal. Me planlegg tilogmed aa byggja eit lite ’fjell’, som ingenioren forebels kallar Brita-haugen. Men imens flytter me kontoret til ein tryggare stad enn der me er no. Ulempen er at me maa jobba fraa telt dei naeraste maanadene.

Det gaar det og.