onsdag, februar 28, 2007

TR 1 kallar

I felt snakkar me ikkje i mobil, men i radio. Dei innvidde veit at det fins eit eige radiospraak, med veletablerte ord og vendingar som alle (i teorien) forstaar. Og ingen har namn, men kallesignal. T (Tango) er koden for Kapoeta, forkorting for KPT (Kilo Papa Tango). Eg er Tango Romeo 1. Eg er litt misunneleg paa sjefen i Juba som har kallesignal Juliet Romeo 1, det hoyrest heilt shakespearsk ut, kva?

Romeo (R) staar for refugee, og alle som jobbar for min organisasjon har denne bokstaven i sitt kallesignal, uansett kvar i verda dei er. UNICEF brukar Charlie (C for Children), og matvareprogrammet har Foxtrot (F for food).

Over radioen, og elles, hoyrer eg at kollegane mine utviklar radiospraaket vidare. Dei seier ”eg har gaatt for Lima” (L for lunsj), ” eg er i Oskar” (O for office), eller eg er paa Hotellet (H for home). Sjoelv bur eg i Whisky Whisky (WW for Well Water).

torsdag, februar 22, 2007

Godt nytt

Tenk deg 9 maanader i telt under afrikansk sol, eller troperegn, med laptop, vifte, myggspray, fraa 8 om morgonen til 6 om ettermiddagen. I dag ser eg enden paa det; fem hyggelege menn fraa Juba har starta aa setja saman prefabrikerte kontor til oss. Om nokre veker kan eg kanskje skryta av kontor med air condition, Insh Allah - og om kollegaer klarar aa frakta generatoren, som er i Malakal, hit.

lørdag, februar 17, 2007

Nesten arrestert?

Her ein dag vart eg stoppa av ein offiser som paastod at eg hadde koyrt for fort. Dette skjedde like ved brakkene der haeren held til. Eg fortalde hoefleg at eg hadde koyrt i 40 km/t, at dette var utanfor tettbygd stroek og det var verken fotgjengarar eller bilar i veien. Det hjelpte lite, han ropte og skreik, proevde aa tvinga opp doerene paa bilen og sa eg ikkje fekk lov aa koyra vidare. Tilsist ba eg han om aa senda ein skriftleg klage, og koyrde min veg.

Sidan eg er i den lukkelege situasjonen at eg har gode kontaktar i det hoegare lag av den institusjonen denne offiseren representerer, var det ikkje lenge foer sjoelvaste generalen sende sin mann for aa seia "orsak" og "unnskyld" og "denne saka var ikkje behandla korrekt" og "kan du vera saa god aa gloyma det heile?"

Seinare har eg skjoent at eg trass alt var heldig, andre sjaafoerar som har blitt stoppa paa same stad har anten blitt banka opp, eller tvinga til aa springa opp og ned langsetter vegen saa fort dei klarar.

mandag, februar 12, 2007

Nye kostar

Fylket har faatt dommar. Tidlegare har retten vore sett med hoevdingane som dommarar. I loepet av fem minutter har dei gjennomfoert rettsaker og doemd mang ein person til aar i fengsel, ofte for saker som kan synest vera smaa og relativt uskuldige.

Den nye dommaren har vald ein annan veg. Han slepper folk ut av av fengselet, iallefall dei som sit der paa eit noko tunt grunnlag. Min heimelsmann i styresmakta fortel meg at folk som sit inne t.d., for utruskap, eller for aa gjort ei jente gravid, no faar lov aa betala ei bot og slepp straffa som kan vera nokre aar i ein varm konteiner eller i eit illeluktande rom i det halvt nedramla fengselet.

Han fortel vidare at bota for aa vera utru med t.d kona til grannen er 7 kyr (som maa betalast til grannen). Det same maa ein betala (til far, maa vita)om ein har gjort ei jente gravid . Min heimelsmann tykkjer det er mykje betre at jenta og guten kan gifta seg, dei 7 kyrne vert avbetaling paa medgifta (som kan vera 60 kyr for eit godt gifte), og saa er saka ute av verda.

onsdag, februar 07, 2007

Kven har kontroll?

På veg frå flyplassen inn til Nairobi sentrum i morgon-rushet på måndag (ja, eg er frisk og attende på jobb) køyrde me forbi ein bilførar som les avisa mens han køyrde (trafikken i Nairobi er nokså heavy...). Bak på bilen hadde han eit klistremerke som sa: GOD IS IN CONTROL. Så enkelt livet kan vera...