mandag, desember 20, 2004

Heim til Blåsenborg

Eg tek attende det der om å lengta etter å frysa på nasetippen. Ein frys over heile seg, og det er ikkje kjekt.

Men Blåsenborg står. Det er vakkert med svarte fjell og kvite toppar, stålgrå Samlafjord. Eit rosa skin på himmelen over Husedalen; sola er på veg over fjellet i retning Lofthus, men når ikkje Huse før i februar.

onsdag, desember 15, 2004

Mental omstilling

frå flaum, potensiell syklon, krigsredsle og 30 varmegrader pågår! No skal eg finna fram skorne mine som eg ikkje har brukt sidan eg var i Noreg sist, venja meg til sokkar (om eg finn nokon) og fundera på korleis det vert å koma til Flesland i lett sommarskjorte. Om 24 timar sit eg på flyet til Amsterdam,og så er det berre eit steinkast til Bergen. Eg gler meg til å frysa på hendene, til å sleppa myggoljesmøring to gonger om dagen, til grovbrød og sveitserost, til å lesa aviser, men allermest til å møta ein nyklekt kulturvitar, ein skribent/forfattar, og to filosofar - held på å verta.

tirsdag, desember 14, 2004

Krigshissing og flaum

Alle venta syklon, men saa langt har me berre faatt regn. I boetter og spann. Ein kollega paa vei til Batti melder om vatn opptil rutene paa bilen.

Men det folk fryktar mest no, er ny krig. I nabolaget gaar tigerpusane rundt og mobiliserer fjortenaaringane til to vekers vaapentrening. Folk pakkar sakene sine. Og propagandakrigen held fram.

søndag, desember 12, 2004

Bollywood og menneskerettar

2 drepne og 15 skadde etter at ein granat vart kasta mot publikum på Bollywood-show i Colombo i går. Tidlegare hadde buddistiske munkar protestert mot showet fordi det vart halde på dødsdagen for ein buddistmunk som døydde i fjor. Her er buddistmunkane - bikkusane - svært så aktive politisk, og har sitt eige parti som deltek i parlamentet. Enklaste måten å karakterisera dei trur eg er med omgrepet ekstrem-nasjonalisme.

I Trincomalee markerte me menneskerettsdagen idag. Ein bråte med born frå alle etniske grupper deltok med song og drama. Mens tema for dramastykka i fjor var bortføringar, arrest og fengsling, fokuserte dei dette året på familievald,fulle fedre og born som blir slått. Me tolkar faktisk dette som eit framsteg!

Dr. G, president for Raudekrossen i Trinco fortalde meg under markeringa at folk flest trur at den norske fredsforhandlaren som kjem på vitjing til Sri Lanka i morgon, vil bli fortald at tigrane seier opp våpenkvileavtalen,og at krigen vil byrja etter Thai Pongal - ei viktig hinduistisk høgtid som vert feira 14 og 15 januar. Me får sjå....

Idag er det elles end of mission for D. Han er lukkeleg på vei til Colombo og Bergen med ny status som student og spouse - ektefelle.

fredag, desember 10, 2004

What to do, no?

Har hatt sikkerheitsmoete og diskutert stoda. Me er svaert saa klare over at rykteflaumen er stri, og at me ikkje skal tru alt me hoyrer. Likevel er rapportane om vaapenutdeling, rekruttering av nye kadrar, barnerekruttering osb litt for mange og litt for detaljerte til at dei kan avfeiast. Propagandamaskina er i gang: "me trur ikkje lenger paa fredsprosessen, me treng di stoette om det vert ny krig, ver klar til aa reisa paa kort varsel". Positiv utvikling gjennom dei siste to-tre aara verkar vera gloymd, det folk hugsar er krigen paa 80 og 90-talet. Kollektiv post-treumatisk stress-syndrom, var karakteristikken fraa ein kollega. Likevel er det for tidleg aa seia noko om kva veg dette tek. Me er for tida paa det nivaaet som enklast kan summerast med eit typisk lankesisk-engelsk uttrykk: What to do, no?

onsdag, desember 08, 2004

Stille?

Merka meg paa veg attende from hovudstaden i gaar at barrikadar, og soldatar med vaapen klare, er svaert saa tilstades langs vegen inn mot Trinco. Vel attende paa arbeid faar eg inn den eine meldinga etter den andre om nyrekruttering av tigerkadrar, barnerekruttering, tvangsrekruttering, utdeling av vaapen til sivile, osv, osv. Sjoelv om rykteflaumen her kan vera stri og ein ikkje skal tru alt ein hoyrer, er det mykje som tyder paa at ei opptrapping av eit eller anna er i gang. Saa kanskje er det ikkje syklonen me skal frykta i dei naeraste vekene, men heller andre katastrofar.

tirsdag, desember 07, 2004

Reinsdyr, jolanissar og palmar

Eg har vore i Colombo. Der hang det plastikk-jolanissar i palmane og i hotellhagen var det fullt av kvite reinsdyr. Inne på hotellet selde dei peparkakehus og det var fullt av kvite jolatre. Snåle greier i eit land der buddhismen er største religionen nest etter hinduismen. Men vesterlandske handelstriks verkar vel her og.

Det viktigaste med turen var at eg fekk tak i billett heim! Landar på Flesland fredag 17 klokka kvart på elleve. Ta mot meg vel.

D har vore i avskjedsmiddag med Tigerpusane ikveld og har fått avskjedgåve. Notatblokk med Praba som glansbilete på innsida, kamuflert med kvite duer på framsida. Eg er skrekkeleg misunneleg. Eg og vil ha!

torsdag, desember 02, 2004

Stille

Plutseleg vart alt fredeleg og roleg. Fullt av folk i gatene, hektisk trafikk, butikkane fyllest med matvarer igjen (og prisane søkk). Ingen alarmerande telefonar om uro og bråk, og forventningar om nattesøvn utan avbrot. Ein av grunnane til roen er skildra her . Mr.Aadnesis gjer jobben sin...

Pust ut, slapp av.

Kvelden var hektisk med ein straum av meldingar om etnisk motiverte personaatak, knivstikking, brenning av hus, og mange tamilar flykta fraa heimane sine i to stroek av byen. Smaaprovokasjonar fraa sinhalesarar starta rykteboersen og panikken breidde seg. Men heldigvis var det ingen alvorlege episodar. Idag har alle gaatt heim fraa kyrkjer, kovils og skular der dei fann ein trygg soveplass for natta, byen er roleg og me kryssar fingrane for at det skal halda. Igjen.

onsdag, desember 01, 2004

Krise med stil?

Under internkrigen i Makedonia i 2001 innfoerte me omgrepet "krise med stil" med alt det innebar (utan aa gaa i detaljar..). Her er slikt vanskelegare aa innfoera, det er saa lite "med stil" aa finna! I gaar steig prisen paa egg med 40 %, for dei som klarte aa faa tak i slike luksurioese godsaker. Sjoelv slappa eg av med broedbaking og vindrikking i heimen etter ein lang dag. Eg er sikkerheitsansvarleg for FN og det er ei arbeidskrevjande oppgaave for tida.....

I dag er det gravferd (sjaa nedom). Gravferdsfylgjet ville gaa til buss-stasjonen med liket, saa rundt i byen og til kontoret til D. Det har politiet hindra ved aa setja opp vegsperringar. No vonar dei gravfylgjet vil halda seg i sinhalesiske omraade foer dei gaar til gravplassen, og at konfrontasjonar kan unngaast. Dei fleste ventar likevel braak, og byen held paa aa toema seg igjen. Bensinkoear, ingen busstransport, kontor og bankar stengjer. Me held kontoret ope saa lenge me kan, me er ikkje part i denne konflikten og ser ingen grunn til aa vera urolege.

tirsdag, november 30, 2004

Bikkusar og oss

Sjå korleis bikkusar, oss og andre prøver å løysa konflikten i Trinco!

Badelivet tek slutt

Trincomalee er som ein spoekelsesby. Nokre stakkars turistar som har forvilla seg til badebyen har plutseleg oppdaga at staden ogsaa har andre sider. No proever dei aa koma seg ut med militaer eskorte, men tilogmed det ser ut til aa vera umogeleg idag. Situasjonen er ei sterk paaminning til oss alle om at dette faktisk er eit land i krig, med sterke etniske konfliktar. Den store tigeren sin tale sist laurdag, der han hintar om at tolmodet har grenser, er ei anna paaminning om at situasjonen raskt kan endra seg.

I dag tidleg var det moete mellom navy, arme, politi, bikkusar og hinduprestar, muslimar og andre for aa roa ned situasjonen. Like etterpaa vart ein sinhala sjaafoer som forsvann i gaar funnen hakka i hel paa ein sidevei. I morgon er det gravferd for ein annan sinhalesar, som vart drept i gaar. Det er smaa utsikter for rask nedkjoeling av sterke, heite kjensler.

mandag, november 29, 2004

Kontrastar

I går bada me i Bengalbukta og hadde lunsj på Nilaveli Beach Hotel i Trincomalee. Idag er det utgangsforbod etter granatåtak på buss, med ein drept og fleire såra. Og med det meir vald. No har politi og hær lagt jernhanda si over Trincomalee og seier at situasjonen er under kontroll.

fredag, november 26, 2004

The Birthday of the Great Leader

Fins det nokon betre? Eg likte spesielt dette:"From time immemorial, according to a belief that prevails among the Eastern nations, a true leader will emerge to redeem his people, during a period of ecliptical calamity. It becomes incumbent on the people of that nation to distinguish the true, impeccable leader from the selfish, opportunistic fakes. Any nation that expunges fakes and follows the true leader in his struggle for emancipation, will be triumphant in the end. The Bible and Indian epics bear testimony to this belief"....
Elles vert det meldt frå Trinco at bursdagskaka hans blei brent av folk som ikkje heilt kjøper dette med the "impeccable leader", det var tåregass og skyting, og no er det utgangsforbod....

tirsdag, november 23, 2004

Dengue-feber

Svenskane har lenge mobba oss norske for aa vera spesielt svake; alle nordmenn i Trinco med unntak av meg hadde hatt Dengue-feber. No er det svenskane sin tur! Trass i ryddekampanjar og opplysningskampanjar for aa hindra fleire Dengue-utbrot, er ein ny epidemi i sving, og denne veka er to svenske kollegaer nede for full telling. Me i Channel Lane rustar oss med mygg-middel, sprayflasker med insektgift, og sjekkar at myggnettingen ikkje har hol. Eg vil gjerne halda statusen som einaste norske utan Dengue, husbonden har daarleg erfaring med sjukdommen og ser gjerne at det ikkje blir fleire utbrot. Og saa vil me saa gjerne heim til jol!

søndag, november 21, 2004

Dødsstraff

Søndag morgon, stor oppvask og skitne golv etter ein vellukka bacalao-kveld. Sambuaren er i felt, me blei vekte før 7, drap i Seruwila. Truleg politisk. Det fyrste i Trinco på ei stund, mange andre i Batti og Jaffna. I Colombo blei ein høgsterettsdomar skoten og drepen på fredag. Det har ført til at presidenten har aktivisert lova om dødsstraff. Sidan 1976 har dødstraff automatisk blitt omgjort til livsvarig fengsel. No skal folk hengjast for drap, valdtekt og narkotikabrot.

Det er vel heller tvilsamt om dette vil føra til mindre kriminalitet. Dei fleste vert aldri tekne av politiet uansett. Eller dei kjøper seg fri.

fredag, november 19, 2004

Tørrfisk

Eg har høyrt at Noreg tidlegare gav tørrfisk som humanitær hjelp til sveltramma folk i Afrika, men at somme brukte fisken som takmateriale og ikkje forstod at det var mat. Kanskje er dette ein rasistisk myte, kanskje har det skjedd - kva veit eg? Dagfinn har iallefall tatt med tørrfisk frå Bergen til Trincomalee, og i morgon serverer me bacalao, lankesisk øl og norsk akevitt til vener og kjende. Taket vårt lek heldigvis ikkje lenger, og tørrfisken kan nyttast til betre tiltak.

tirsdag, november 16, 2004

Multi

Veka starta med muslimsk Eid al-Fitr og Eid-lunsj hos Proctor Ismael, tre dagar etter hinduistisk Deepavali, og komande fredag er det buddhistisk Poya-dag. Det har sine fordeler aa arbeida i eit multi-religioest land. Snart er det jol attpaatil!

I dag har eg hatt moete med muslimske internflyktningar som har faatt lovnad om land men som ikkje vaagar aa flytta fordi dei ikkje stolar paa regjeringa. I tillegg er dei redde for baade Tigrar og elefantar som det er flust av i omraadet. Diskusjonane om flytting har paagatt i nesten to aar utan resultat, men i dag verka det som om noko loysna. Dei neste stega i prosessen er planlagde, og om alt gaar i rett retning skal dei vera paa plass i den nye landsbyen foer neste Hajj i slutten av januar. Eg kryssar fingrane og startar lobbying for aa skaffa mest mogeleg hjelp..

lørdag, november 13, 2004

Ifthar i Trincomalee

Fredag samla notabilitetane seg i Trincomalee og feira Ifthar. Tamilnet var der.

Syklon på veg?

Meterologisk institutt har varsla at ein syklon kan koma i løpet av dei neste to månadene, og at folk må førebu seg. Førebuingar sålangt går ut på å tolka teikn. Til dømes, i Batticaloa seier folk at laguna er full av symjande slangar, truleg fordi vatnet har stige på grunn av lågt trykk. Ifylgje lokalkjende, hende dette også før den store syklonen i 1978. Slangar eller ikkje slangar, dei to største flyktningleirane i Trinco ligg ved sjøen, og eg kan berre tenkja meg korleis ein syklon vil fara fram med palmebladhytter og blikkskur. Difor står disaster preparedness på programmet for komande veke.

torsdag, november 11, 2004

Lysfest

I dag feirar hinduane Deepavali, lysfesten, som er ein av dei mest populaere og glamoroese festivalane innan hunduismen. I Trincomalee fyller hinduane hus og hagar med lys, og butikkane set halve kokosneter ved inngangen, fyllte med brennande olje. Det er vakkert! Dagen symboliserer frigjeringa fraa alle vonde krefter i verda og siger for rettferda.

Som eit apropos: eg har nett kome attende fraa vitjing til tigrane for aa soekja informasjon om tre smaajenter som har forsvunne i ein av flyktningleirane. Ei av dei er stadfesta rekruttert som barnesoldat, og me reknar det som sikkert at dei to andre ogsaa har havna i tigerkloerne. Men som saa ofte var det ingen tilstades som ville snakka med meg.

Human Rights Watch har forresten offentleggjort ein ny rapport i dag om barnesoldatar i Sri Lanka.

God Deepavali!

mandag, november 08, 2004

St.Mary's syng om fred

Hundre skuleborn fraa alle tre etniske grupper song om einskap og fred, sambuaren tala og underskrivne vart presentert som 'the beloved wife of Mr. Aa'. For alle detaljar, sjaa http://www.tamilnet.com/art.html?catid=13&artid=13336

lørdag, november 06, 2004

Giardius Lambilus

Eg hoyrer at halve Bergen er angripen av eit lita (lambi)lus og at baade Ladegaardsgaten og Lyder Sagensgate er i faaresona (paa BT kan ein soekja etter kva gater som faar vatn fraa Svartediket). Rart, tenkjer eg - som bur i ein by utan soeppelordning, der kloakken renn open gjennom gatene, der all oppvask vert gjort i kaldt vatn, der ikkje berre kyr og laushundar men ogsaa folk gjer fraa seg alle tenkjelege og utenkjelege stader. Men faar me magesjau? Nei.

lørdag, oktober 30, 2004

Der elefant moeter kval

Regjeringa vedtok denne veka eit planutkast fraa turistministeren om aa utvikla Trincomalee til 'a major eco-tourism attraction' og eit senter for kvalforsking. Ifoelgje aviser er Trincomalee kjend mellom kval-elskarar over heile verda som 'the Whale Capital'. Tema for prosjektet er 'der elefant moeter kval', og ein detaljert plan skal vera klar om to maanader. Prosjektet skal innehalda eit internasjonalt forskningssenter, hotell, naturreservat, aqua-park, temapark og kjoepesenter.

Finansiering staar det ingenting om. Igaar vitja eg eit regjeringsdrive senter for internflyktningar der taket hadde rasa ned og skadd nokre av innbyggjarane. Senteret er noko av det verste eg har sett i loepet av mine ti aar i internasjonalt hjelpearbeid, og eg har sett ein del. Kanhenda prioriteringa av planarbeid fraa regjeringshald i Colombo burde vera annleis. Eller kanskje draumen om eit internasjonalt elefant/kval-senter er ein overlevingsmekanisme for folk som har hatt krig i snart tjue aar?

lørdag, oktober 23, 2004

Sist veke i faa ord

16 October: Another killed in the East : A Tamil civilian resident in Batticaloa came under hand grenade attack late night on Saturday while the victim was inside his house asleep. The victim (26) said to be an ex – Cat cadre was at home when a grenade-carrying assailant stormed the house and threw a hand grenade at him.

18 October: Youth found shot dead on roadside: On information received from civilians, Security Forces recovered a dead body of a youth with gunshot injuries west of Batticaloa town today morning. The victim’s legs were chained and tied together at the time of recovery.

19 October: Civilian shot dead inside his house: A civilian has been shot dead by an unidentified armed group in Batticaloa around 3.30 a.m while he was asleep inside his house.

19 October: Ex-parliamentarian shot dead by CAT: A former Member of Parliament for the BATTICALOA district has been shot dead by two CAT pistol men around 6.40 p.m. The assassins have been identified as X and Y of the Wanni CAT pistol group. On the request of the Late Mr. X, Police had been providing security to him fearing an impending attempt on his life. A police constable who was attending to the victim’s personal security was also injured in the attack.

19 October: Confrontation between CAT and another armed group claims Muslim’s life: Five Muslim civilians who went to collect firewood on four bullock carts have been abducted by twenty unidentified CAT cadres. One detainee died when another unknown group suddenly opened fire towards the location forcing the CAT men to flee the scene.

20 October: Unidentified armed person kills civilian: A civilian has been shot dead in Trincomalee by two unidentified persons on 20 October 2004 around 8.00 p.m.



onsdag, oktober 20, 2004

Vetlepus Leo

er doed. D fann han utanfor porten daa han kom fraa arbeid i gaar kveld. Truleg har ein av nabobikkjene bite han i hel. Og eg er lei meg.

tirsdag, oktober 19, 2004

On nokon lurer

på kvifor siste skrivne post er sletta, er det berre fordi eg tykte teksten vart for vanskeleg å ha ståande i ein blogg. Og det er vanskeleg å forklara kvifor, i ein blogg.

Av politisk utvikling elles, er det verd å nevna at heimevernssoldatane som har vore haldne av tigrane i to månader, no er frigjevne. D henta dei i tigerkontrollert område på laurdag. Dette bør bety at det vert fredelege veker framover, utan hartal og demonstrasjonar, der me kan konsentrera oss om arbeidet og sleppa å tenkja tryggleik føre alle andre oppgåver. Men politivaktene i hagen vår er her enno.

fredag, oktober 08, 2004

Hartal i Trincomalee

I kveld skriv eg ikkje om elefantar men om hartal. Under ein hartal er kontor, butikkar, offentleg transport, skular, marknader stengde. Brenning av dekk høyrer gjerne med. Vald av og til men ikkje alltid. I dag var hartalen organisert av ein tamilsk organisajon (les tigrane?) og var ein protest mot buddistiske busetjingar og tempel, for tamilsk sjølvstyre (ISGA) og mot marinen sin "okkupasjon" av tamilsk land. Demonstrantane brende bildekk og stengde vegar. Bussar vart steina, og det har vore tillaup til open konflikt mellom sinhalesarar og tamilar. Rykta seier at ein ny hartal kan verta organisert i morgon, eller sundag, eller måndag, denne gongen av sinhalesarar. Så her sit eg, og vonar at eg har nok mat for ei langhelg utan butikkar og med marknaden stengd.

mandag, oktober 04, 2004

Elefantar får rosa flekker

når dei vert gamle. I tillegg vert dei skrukkete, nett slik folk.

Sidan eg ikkje fekk ta bilete av dei 53 ville elefantane eg såg sist veke, tenkte eg at eg kunne visa ein ekte Habarana-elefant.

Tidlegare brukte folk i Habarana å tjora ein elefant til eit tre ute i jungelen i kveldinga. Så køyrde dei ut nokre turistar og sa: Men sjå, der er ein vill elefant!

For dei som nyleg har vore på elefantsafari i Habarana: Dette var før, og ikkje no.

Gammal elefant badar

lørdag, oktober 02, 2004

EG KJEDAR MEG

eg kjedar meg eg kjedar meg. Sambuaren er vekkreist, folk svarar ikkje paa telefon, eg gidd ikkje jobba endaa eg sit paa kontoret, det er overskya, eg har invitert folk til broed og ost og vin, eg har skrytt av at eg kan baka broed med oliven, eller kvitloek, eg burde eigentleg gaa heim og baka broed....

fredag, oktober 01, 2004

Sytten dagar

har sveltestreiken ved klokketaarnet i sentrum no vara. Familiane til to sinhala heimeverns-soldatar som vart kidnappa av tigrane i august, proever paa dette viset aa faa dei to lausletne. Sveltestreik-konseptet her er symbolsk meir enn reelt: dei sveltar seg paa skift og berre om dagen. At demonstrasjonen er fredeleg, kombinert med at sambuaren har reist til Noreg paa ferie, har foert til at eg har faatt ein betre kvardag: politivernet er oppheva og dei to politimennene paa terrassen min er borte. For aa skjula at her bur ein nordmann, har eg klistra opp UNHCR-logoar paa porten (sidan berre 12 nordmenn er tilsett i UNHCR paa verdsbasis - ifoelgje Bistandsnytt - reknar eg med at ingen ekstreme sinhalesarar vil mistenkja meg for aa vera norsk...)

torsdag, september 30, 2004

Fantastiske historiar fraa jungelen

Eg saag 53 ville elefantar paa veg heim fraa jobb i gaar ettermiddag! Ein av dei var saa naer at eg kunne nesten ta paa han. Han var grinete, vifta med oyrene og kasta gjoerme. Eg trur han var sur fordi nokon hadde stole alle halehaara hans mens han sov, han hadde ein rar hale som enda i ingenting. Kanskje det vert billegsal paa elefanthaarsmykke dei naeraste vekene? Eg sa vakre ord til han, for aa kjenna meg trygg i framtida. Ein kan aldri vita med elefantar....Sist veke angreip ein elefant eit ektepar i Tiriyai. Kona hadde snakka stygt om elefanten tidlegare, og elefanten sprang etter henne og kasta henne inn i jungelen. Og alle har vel hoyrt om politikvinna i Kandy, som rette fram ei banan til ein av elefantane i Perihera-prosesjonen, men goymde banana daa elefanten ville ta den. Neste gong elefanten saag politidama, loefa han henne hoegt oppi lufta og sette henne nedatt, uskada. Verre var det med mannen som..Nei no er det nok med elefanthistoriar. Men det er sant at dei er gule under foetene.

søndag, september 26, 2004

Myggstikk-kløe

Eg trur det må ha vore nedbørsrekord i Trinco i dag, når det ikkje ausar ned silregnar det. Og med det kjem myggen. No har eg tre nye myggstikk, og det klør! Av ein eller annan grunn er eg de einaste av alle nordmenn i Trincomalee som ikkje har fått Dengue-feber, så eg kjenner ein viss prestisje i å unngå mygg og dermed smitte. Må nok skjerpa meg og smørja betre! Det er mange teoriar for kvifor nordmenn og nesten ingen andre får Dengue. Svenskane sin teori er at nordmenn er spesielt sarte og svake. Andre hevdar at presidenten har trent dengue-myggen til å angripa nordmenn spesielt (det var ho som i si tid snakka om lakseetande nordmenn som ikkje var i stand til å skapa fred nokon stader; eg trur ho fyrst og fremst uttalte seg om Bondevik...)

tirsdag, september 21, 2004

Ei veke ferie er over

og eg er attende i Trincomalee. Alt er ved det same, meir eller mindre.Myggen bit, det er varmt, me har framleis politivern. Det nye er ein sveltestreik ved klokketårnet i sentrum i von om at det skal få tigrane til å frigje kidnappa heimevernsfolk. Og i dag har det vore hartal, singalesarar brende dekk ved 4th Mile Post og vegen til Colombo har vore stengd.

Mens Grete fann ein elefant i elva...

Og så skal teen leverast på teplantasjen

Teplukkarar i Kandapola, Nuwara Eliya.

Gjester ynskjer tillukke.

Og brura tek mot ein telefon under seremonien....

Hindubrudlaup i Vavuniya, kollega Venthini gifter seg!

torsdag, september 09, 2004

Liv og lagnad i Channel Lane

har teke ei ny vending. Torer eg seia at me har faatt politivern? (Ikkje alle her likar norske monitorar.) To kjekke unge politimenn invaderer hagen kvar kveld, med uniform, blanke sko og strittande maskingevaer. Dei er hoeflege og kjekke, men det er liksom ikkje lenger det same aa sitja ute i hagen og nyta solnedgangen med eit glas kvitvin. Me har gjest fraa Noreg, som truleg tykte fyrste kveldsseta vart litt vel eksotisk....

søndag, september 05, 2004

Lat sundag

i Channel Lane. Det er triveleg å vera heime når ein har selskap av to hyperaktige kattungar som er høgt og lågt og alle stader, ein mammadalt-kattunge som mest vil kosa, og ei kattemor som stadig innyndar seg for å få meir mat. Dei to hyperaktige har no fått namn: Leo og Lynx. Den siste liknar på ei gaupe, derav namnet. Mammadalten heiter Lemmus, fordi han liknar på eit lemen.

Men om det er relativt fredeleg i heimen, er det meir uroleg utomhus. Ikkje så gale i Trincomalee (med unntak av nokre halvgalne munkar og andre ekstremistar som okkuperte kontoret til D i slutten av veka), men talet på politiske mord i Batticaloa og i Colombo er høgare enn nokonsinne. Folk er nervøse, og er redde for ein ny krig. Politikarane pratar om nye fredsforhandlingar, men kjem aldri over pratestadiet. I Trincomalee har tigrane sendt ut propagit-grupper i landsbyane og i flyktningleirane for å rekruttera nye kadrar. I ein av leirane rekrutterte dei tre jenter sist torsdag, den yngste 12 år og den eldste 16. Offisielt har dei slutta å rekruttera barnesoldatar, i praksis.....


Ettermiddagskvild

mandag, august 30, 2004


Ku frå Trincomalee Technical College

Kyr

Sidan eg er oppteken av dyr: Denne veka såg eg at ei ku i nabolaget har lært seg å opna porten vår. No skjønar eg kvifor eg stadig vekk har store kyr som beiter utanfor inngangsdøra mi. Og då eg gjekk heim frå arbeid ein dag, stod det i ku og drakk av drikkefontena utanfor Technical College.

Blackie - storepus

Vetlepus i Channel Lane

søndag, august 29, 2004

Fire traumatiserte kattar

gøymer seg under senga på gjesterommet. Ein stor og tre små. Dei skjønar ikkje at dei har kome til ein god heim, og at Channel Lane er eit mykje betre alternativ enn eit fråflytta hus ved stranda. Bilete følgjer såsnart dei har blitt husvarme.

torsdag, august 26, 2004

Museumsarbeid

I fem dagar har eg arbeidd i eit museum, med faks som viktigaste kommunikasjonsmiddel. Den viktigaste nyhendekanalen har vore haeren si vev-side. Saker blir utsett, livet blir for komplisert naar ein ikkje kan senda sakspapir elektronisk. Skulda har eit indisk skip som skada internetkabelen mellom Sri Lanka og India. Resultat: ingen tilgang til bt.no, folkabladet, hotmail, banken; umogeleg aa vitja Olaug sitt rom med utsikt, Einar paa ein onsdag eller andre viktige kjelder for dagleg aandeleg foede. For ti aar sidan visste eg knapt kva internett var, trur eg iallefall. No kjennest det som om ein likegodt kan halda seg heime fraa jobb naar e-posten ikkje fungerer.

Men no er me paa nettet att (det gaar seeeeiiiint), og relativt late dagar utan e-post er over. A-jo!

onsdag, august 18, 2004

Namalwatte - returlandsby utan det meste

Namalwatte er ein av fleire andre landsbyar der folk no vender heim etter mange år i utlegd. Meir enn hundre familiar er i ferd med å etablera seg på nytt, og har bygd seg jordhytter langs vegen. Dei manglar det meste; skule, do og vatn kanskje det viktigaste. Men optimismen blømer, og trua på framtida er stor. Dei fiksar det meste om dei berre får pittelitt hjelp.

I Namalwatte såg me ein kjempestor tusker (elefant med støyt-tenner) som storma avgarde på marka bortom landbyen. Folk vart redde, elefantar er farlege og kan gjera mykje skade på folk og hus og avlingar. Dei forklarte av dei vanlegvis spring avgarde og klatrar opp i tre om det kjem elefantar. Men dei sa og at å sjå ein tusker betyr lukke. Idag er altså ein lukkedag for meg.

Og lukkelege eg har vore i eitt-årsdag til Lakshima, dotter til Thaya som er ein av vaktene våre. Mykje glitter og stas, sjå bilete.

Eitt-aarsdag i Trincomalee

lørdag, august 14, 2004

Raatt og rote fraa Channel Lane

Eit politisk drap eit steinkast fraa heimen, ein handgranat likeins, og eit likkiste paa kontortrappa hos husbonden. Det er denne veka i korte trekk. Nokre (gjett kven?) skaut ein av EPDP grannane vaare tysdagskvelden, og for aa demonstrera mot politisk vald gjekk gravfoelgjet paa vitjing til monitorane. Greitt nok, fordi det skapar merksemd omkring ein slik roten maate aa driva politikk.

Men det har vore roleg sidan, i Trincomalee. Og varmt. Det er turt, boendene klagar over turken og alle ventar paa regntida. Imens har eg tenkt aa nyta badelivet i Nilaveli i morgon, fyrste sundag utan arbeid paa fleire veker....

Sovedokker

fredag, august 06, 2004

Fredag morgon

Frukost i Channel Lane: Brunt broed, brunost, sveitserost og Friele Frukost-kaffi. Nam-nam.

søndag, juli 25, 2004

Katt eller ikkje katt?

Etter eit år med standhaftig motstand mot å ta husdyr inn i heimen, er me plutseleg i ein tilstand av sterk freisting: me har fått tilbod/bøn om å ta over ein eller fleire Unicef-kattungar, fordi matmor skal reisa frå landet. Vanskeleg val. Og kanskje spesielt etter å ha blitt påminna kor sjarmerande kattar kan vera etter to vekers vitjing i heimlandet (sjå bilete). 

Nytt medlem i Blaasenborg Vel

mandag, juni 14, 2004

Lydkrig

EPDP (tamilsk opposisjonsparti) auser ut tamilsk kveldsmusikk over høgtalarane sine. Vanlegvis opnar dei sendingane med politisk propaganda klokka 6 om morgonen, til stor frustrasjon for norske naboar som gjerne vil sova ein time til. Men kveldsmusikk er uvanleg, kanskje er det hemn for festen vår fredag, der folk dansa til klokka 3? EPDP har elles 24 timars politivern, ikkje grunna naboar som vil klaga på lyd, men fordi her er ei rørsle som kallar seg 'the sole representative of the Tamil people', og som har ein tradisjon med å eliminera annleis tenkjande. PLOTE er ein annan granne, også opposisjonsparti, med liknande politivern. PLOTE spelar verken musikk eller propaganda; i så måte ser det ut som Tigrane har oppnådd det dei vil.

lørdag, juni 05, 2004


Tre ville elefantar saag eg paa vei heim fraa jobb i gaar! Dette er ein av dei....

onsdag, juni 02, 2004

Sko-oeskje i taket

Herr Jayachandra, divisjons-sekretaeren i Kuchchaveli (tilsvarande raadmann i kommunen) har ei sko-oeskje festa i taket i gangen utanfor kontoret sitt. I oeskja bur det ein liten fugl, som flyg inn og ut gjennom eit hol i sida. Dette saag eg i gaar daa eg vitja Kuchchaveli.

mandag, mai 31, 2004

Ein liten siger

Rekrutteringskontoret som Tigrane opna sist veke i Alles Garden, ein av intern-flyktningleirane i Trincomalee, er stengd! Og utan blygsel (er det korrekt nynorsk?)tek eg æra for det. Det er uhøyrt å driva politisk verksemd i ein flyktningleir; det bryt med internasjonale avtalar, det bryt med 'Guiding Principles for Internal Displacement', og det set UNHCR si upartiske stilling i fåre. Det fortalde eg Tigrane,og dei lydde.

tirsdag, mai 25, 2004


Vidunderet er ferdig. Ein BSA 1958 modell motorsykkel, reparert i loepet av fem maanader av Joseph, stolt sykkelmekanikar fraa Trincomalee (og mykje mas fraa ein utolsam eigar til venstre i biletet).

mandag, mai 24, 2004

Merkelege saker å sjå når ein minst ventar det

På vei heim frå bebuarval-møte i Nilaveli internflyktningleir idag, såg eg noko som er vanskeleg å skildra. Eg trudde fyrst nokon flytta tivoli-utstyr, for det var så mykje dingeldangel som snurra rundt i lufta ovom veien framfor bilen min. Men då eg kom nærmare såg eg at det var to kroppar som liksom flaut i lufta, imellom duskar av lauv som og sveiv rundt der oppe. Det viste seg å vera to menn som hang i ein kranliknande innretning som køyrde etter vegen, kroppane var festa med krokar i huda på leggene, i ryggen og på overarmane (og det var temmeleg grotesk det heile). Hinduistiske fakirar på veg til tempelet, til endå ein hindufestival! Denne gongen var det truleg Chidi Mari som vert feira i mai/juni av Siva-dyrkarar. Kjelder seier at å hengja etter krokar på denne måten har vore gjort i mange tusen år i hinduistisk kultur, og er ein del av strevet etter å utforska sambandet mellom kropp og ånd.

Eg held meg heller til Ganesh, elefantguden.

lørdag, mai 22, 2004

Rismarkene vert klargjorde for planting

og nokre er alt tilplanta. Den fyrste vekstperioden er vakrast; kvar firkant tilplanta med ris har sin eigen farge, og tilsaman lagar alle smaarutene eit stort lappeteppe i ulike groensjatteringar. Ris heiter forresten paddy her, og 'paddy cultivation' er ei svaert viktig naeringsgrein.

Eg naut synet av rismarkene paa veg heim fraa eit moete i Vavuniya i gaar, og burde ha teke eit bilete av dei - men det gjorde eg ikkje! Vavuniya er ein liten filleby som ligg nordvest for Trincomalee og som har vakse seg stoerre fordi han er den siste utposten foer Tiger-land lenger nord. Det beste ein kan seia om byen er at han har eit supermarked (Suppermarket paa Lanka-engelsk) som sel ost, og at det er mogeleg aa kjoepa vin der!

Seinare paa kvelden var det avskjedslag for distrikt-nestsjefen for Sri Lanka Monitor Mission. Fyrverkeri, grilla kjempereker og anna godt paa stranda! Men sambuaren maatte tidleg heim, han tek dykkarsertifikat desse dagane og maatte vera klar for fyrste dykk klokka sju i dag tidleg.

torsdag, mai 20, 2004

Spraak

I dag var eg i Thampalagamam i moete med fordrivne muslimar som ynskjer aa venda heim til landsbyen sin etter 14 aar i utlegd. I samband med med laerde eg noko nytt: muslimar i Sri Lanka snakkar tamilsk men har ein eigen dialekt som ikkje er knytta til geografi, men etnisitet - eller kanskje det er rettare aa seia religion....Ein muslim fraa Trincomalee snakkar ulikt ein tamil fraa Trincomalee, men sameleis som ein muslim i Batticaloa, lenger soer. Uttalen er ulik, og mange ord sameleis.

Fins det liknande fenomem i Noreg? I mitt Norsk Maalungdom-liv paa syttitalet brukte me omgrepet sosiolekt, men det var aldri knytta til religion....

Stranda utanfor French Garden, Trincomalee

tirsdag, mai 18, 2004

Syttande mai og steinkasting

Det er visstnok sant at nokon kasta stein paa ambassadoerhuset i Colombo daa ambassadoeren og -doera hadde syttandemaiselskap i gaar. Endaa det stod mykje vakkert om Noreg i Colombo-avisene paa dagen. Det var tilogmed bilete av Sonja og Harald, og syttandemaihelsing fraa Dale Fabrikker. Det er nok ikkje alle som er glade i nordmenn her, tru kvifor?

I Trincomalee var det ingen som kasta stein. Me aat iskrem og drakk brus paa jobben; alle maatte hoyra ein kort tale om grunnlova. Og nokon foreslo at Stephen fraa UNHCR sitt gjestehus skulle syngja den norske nasjonalsongen, men han fekk det ikkje til. Men det var heller ingen som song nasjonalsongen for Tamil Eelam.

søndag, mai 16, 2004

Scandinavian Highlights

Ifylgje annonser i Colombo-aviser i dag kan ein for ca. 1,500 dollar vitja 'Scandinavian highlights'; som omfattar både Brussel, Hamburg, Ustaoset og Brumunddal!

lørdag, mai 15, 2004

Barnesoldatar

For to dagar sidan vart sju tidlegare barnesoldatar frå distriktet her som hadde stukke av frå Tigrane, henta tilbake. Foreldra deira og dei sjølve vart banka opp heime i husa sine, før ungane/ungdomane vart førde bort. Kjekke folk, kva?

Frå kollegaer andre stader i aust og nord kjem det stadig fleire meldingar om rekruttering av born. Dette skjer i ein periode like etter at Tigrane har gjort eit stort nummer av at dei ikkje rekrutterer barnesoldatar, og at dei slepp fri barnesoldatar som "har meldt seg som soldatar og oppgitt feil alder". Sjølv hadde me vitjing å kontoret i går av ei mor, internflyktning, som melde frå om at sonen på 15 var forsvunnen og mest sannsynleg rekruttert.

torsdag, mai 13, 2004


Dette er ein elefant fraa Jaffna-omraadet som gjekk paa ei mine og fekk sprengt vekk halve framfoten. No vert han teken vare paa i Pinnewala elefantbarnehage.

Skilt fraa badet paa Hotel Galle Face i Colombo

onsdag, mai 12, 2004

Vitjing i Thampalagamam

I ettermiddag vitja eg Thampalagamam, ein av dei elleve divisjonane i Trincomalee distrikt. Divisjonssekretaren hadde moete med Grama Sevakas, som er dei lokale representantane for styresmaktene i kvar landsby. Temaet var pengehjelpa som alle har rett paa om dei vender heim etter aa ha vore fordrivne paa grunn av konflikten i Sri Lanka. Kvar familie faar 25,000 rupi, som er ca 2000 kroner. Pengane skal hjelpa dei med ei kriseloysing for husproblema dei fleste (alle) har. Problemet er berre at hjelpa kjem saa altfor seint! Mange av dei som no staar for tur til aa faa utdelt pengane her i Trincomalee, vende heim for meir enn eit aar sidan. Litt vel seint for aa byggja ei lita hytte for aa hjelpa seg den fyrste perioden etter heimvendinga! Eit av problema er at byraakratiet her er nesten umogeleg aa trengja gjennom; ei riktig hengjemyr. Tre ulike moete maa gjennomfoerast fraa den fyrste registreringa av folk, til NECORD, organisajonen som skal fordela pengane, kan starta sin prosess. Om NECORD har pengar paa bok, daa - det er avhengig av Verdsbanken og andre store gjevarar!

mandag, mai 10, 2004

Endeleg sol

saa lenge det varte! Laurdagen var lat og jobbfri, med grilling i hagen og mange gjester. Morgonen starta paa marknaden i Trincomalee,saman med Stephen - UNHCR sin gjestehusvert - for aa handla fisk, reker og groennsaker til grillinga. Stephen har FN-sykkel, kvitlakka med blaalogo, den einaste i sitt slag i denne delen av verda! Me kjoepte tiger-reker og sheer-fisk, ananas til desert. Poteter, lauk og tomater til salat. Tilogmed oliven og olivenolje kan ein kjoepa i Trincomalee; kom ikkje her og sei at denne byen ikkje er midt i verda. Gjestene hadde det bra, og let vel! Ikkje verst naar ein skal stetta smakskrav fraa folk fraa Sverige, Finland, Island, Danmark, Brasil, Palestina, USA, UK, Holland, Sri Lanka,Italia, Sveits og Noreg.

Husbonden maatte arbeida sundagen, men rakk eit lite sykkelstunt foer kvelden sette inn. Planane om bading paa Nilaveli beach maatte utsetjast, og no er kvardagen, og regnet, attende.

torsdag, mai 06, 2004

Mykje hender i løpet av ein månad

Til dømes hadde me ein liten internkrig mellom dei to tigerfraksjonane (LTTE), og 250 familiar vart pynteleg fordrivne/flytta/evakuerte til Eachchilampattai, sør i Trincomalee. Og like pynteleg sendt heim att etter tre døgn i utlegd. Karuna vart slått, Herr P flytta inn sine undersåttar og dett var dett. Vel inn i mai månad er alt vorte så roleg i Aust-Sri Lanka at det mest spanande tema for diskusjon er veret. Skulle tru ein var i Noreg....
Elles feirast Vesak, høgtida som markerer Buddhas fødsel og død. Det mest markante er alle papirlampane som heng rundt i sinhalesiske heimar, dei fleste med buddhistiske tema. Politistasjonane kappast om å laga dei vakraste (?) lampane, og syter for vakthald for at ikkje kunstverka skal verta vandaliserte. Husbonden og eg gjekk for å sjå opninga av festivalen, men den regna bort - det var ikkje stort andre enn nordmenn som våga seg ut i regnbyene!

torsdag, april 08, 2004

Skjærtorsdagaftan

høyrer me framleis på roma-musikk, avløyst no og då av fjernsynsendingar med avhøyr av Ms. Rice, Bush sin trugne allierte i alt som har med krig-mot- terrorisme å gjera. Temperaturen har slite seg under 30 grader, og det har vore mørkt i mange timar. Det er lite å rapportera frå Trincomalee, trass i alle pessimistiske prognosar om slåssing i sør og potensielle (intern)flyktningstraumar er det stille og roleg. Det mest spanande står husbonden for, som har funne ein - til no - ukjend geriljaleir i jungelen. Han frydar seg framleis over andleta til krigarane som ikkje hadde venta vitjing. Eit godt opplegg for ny reklame for Gevalia kaffi ('når noen kommer uanmeldt på besøk')?

Langfredag skal markerast med bading i Bengalbukta/det Indiske hav. Den tradisjonelle turen i hundremeterskogen (i tilfelle dårleg ver), til Sinsenkrysset (om me er litt late), eller til Langedalen via Finnabu (om formen er brukande), er berre ein draum. Kanskje neste år....

mandag, april 05, 2004

Balkansk Roma-musikk i Trincomalee, Sri Lanka

Det er langt fraa Balkan til Trincomalee, men med god tilgang på roma-musikk frå Makedonia kan ein nesten kjenna seg heime - sjølv om temperaturen held seg jamt over 30 sjølv seint på kvelden. Bregovic er favoritten, og tillaup til å smugla inn ungarsk-inspirert musikk vert for mykje for ektemannen, som er stolt av statusen som æresmedlem av romakommunen Suto Orizari i Skopje. Roma-musikken får oss begge til å lengta til Makedonia - etter fire år er Skopje nesten som heim å rekna. Men kven veit, etter to år i Channel Lane, Trincomalee har me kanskje grodd nokre røter her og? Farande fant kjenner seg heime i kvar ein busk, trur eg, og slik er det det nok for oss og. Channel Lane er slett ikkje verst, ei god blanding av tamilar og muslimar i ein by som speglar den etniske røra i Sri Lanka. Her kjenner alle alle, og ikkje minst veit alle kven me er, framandfolk som me er. I så måte er alle lokalsamfunn likeins, anten dei heiter Trincomalee eller Kinsarvik.