tirsdag, september 21, 2004

Ei veke ferie er over

og eg er attende i Trincomalee. Alt er ved det same, meir eller mindre.Myggen bit, det er varmt, me har framleis politivern. Det nye er ein sveltestreik ved klokketårnet i sentrum i von om at det skal få tigrane til å frigje kidnappa heimevernsfolk. Og i dag har det vore hartal, singalesarar brende dekk ved 4th Mile Post og vegen til Colombo har vore stengd.

5 kommentarer:

Anonym sa...

har du byrja aa sveltestreika og no daa? mi aktivistmor! staa paa og drikk mykje vatn!
bulldoser

brita sa...

Jau, det hadde teke seg ut! Det er no elles familiane til dei som er kidnappa som sveltestreik, veit du. Vonde tunger seier at sveltestreikar i dette landet er spesielt effektive fordi folk sveltar seg paa skift. Eg veit ikkje sikkert kor langt eit skift plar vera; kanskje 8 timar? Det skulle eg nok klara utan problem!

Elles var ferien fin, me var i Habarana og saag meir enn hundre ville elefantar, i Dambulla saag me Rock Temple, i Kandy tanntempelet, og saa laerte me alt me treng aa vita om te paa teplantasje i Nuwara Eliya. I tillegg saag me mange fine fossar i hoeglandet (lankesiske sjaafoerar skjoenar forresten ikkje kvifor nordmenn ikkje blir super-entusiastiske ved aa sjaa ein foss...)

Anonym sa...

Som god bergensar (eg har blitt tvangsflytta) burde eg vel ikkje vera saa entusiastisk som eg er for dette: Eg har faatt meg nye stoevlar! Dei er blaa og gule og fine og flotte!

brita sa...

Grattis! Er dette bulldozarstoevlar eller blaarevstoevlar eller noko anna? Eg trur nesten eg maa byrja aa bruka stoevlar eg og; om eg ikkje finn ein tuk-tuk til aa ta meg heim om kvelden, maa eg vassa gjennom gatene. Dei som har vore i Trincomalee og sett gatesystemet veit kva det inneber: kuskit, hundeskit, matrestar og kloakk blanda med regnvatn. Fysj!

Elles har me no opptil seks kattar: to kattungar som skulle hentast til ny heim ville ikkje flytta og beit og klorte saa mykej at den nye eigaren gav opp (mellombels), to hankattar har saa godt som flytta inn i hagen og tevlar om kattemor. Saa no er det liv i leiren!

brita sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.