søndag, september 26, 2004

Myggstikk-kløe

Eg trur det må ha vore nedbørsrekord i Trinco i dag, når det ikkje ausar ned silregnar det. Og med det kjem myggen. No har eg tre nye myggstikk, og det klør! Av ein eller annan grunn er eg de einaste av alle nordmenn i Trincomalee som ikkje har fått Dengue-feber, så eg kjenner ein viss prestisje i å unngå mygg og dermed smitte. Må nok skjerpa meg og smørja betre! Det er mange teoriar for kvifor nordmenn og nesten ingen andre får Dengue. Svenskane sin teori er at nordmenn er spesielt sarte og svake. Andre hevdar at presidenten har trent dengue-myggen til å angripa nordmenn spesielt (det var ho som i si tid snakka om lakseetande nordmenn som ikkje var i stand til å skapa fred nokon stader; eg trur ho fyrst og fremst uttalte seg om Bondevik...)

Ingen kommentarer: