torsdag, september 30, 2004

Fantastiske historiar fraa jungelen

Eg saag 53 ville elefantar paa veg heim fraa jobb i gaar ettermiddag! Ein av dei var saa naer at eg kunne nesten ta paa han. Han var grinete, vifta med oyrene og kasta gjoerme. Eg trur han var sur fordi nokon hadde stole alle halehaara hans mens han sov, han hadde ein rar hale som enda i ingenting. Kanskje det vert billegsal paa elefanthaarsmykke dei naeraste vekene? Eg sa vakre ord til han, for aa kjenna meg trygg i framtida. Ein kan aldri vita med elefantar....Sist veke angreip ein elefant eit ektepar i Tiriyai. Kona hadde snakka stygt om elefanten tidlegare, og elefanten sprang etter henne og kasta henne inn i jungelen. Og alle har vel hoyrt om politikvinna i Kandy, som rette fram ei banan til ein av elefantane i Perihera-prosesjonen, men goymde banana daa elefanten ville ta den. Neste gong elefanten saag politidama, loefa han henne hoegt oppi lufta og sette henne nedatt, uskada. Verre var det med mannen som..Nei no er det nok med elefanthistoriar. Men det er sant at dei er gule under foetene.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Er det slik at dei skal goeuma seg i leverposteien, det?
Takk for gaaver! Skilpadda staar og nikkar paa stovebordet no.

Riddar B.

brita sa...

Gule foeter har dei for at ingen skal kunna sjaa dei naar dei flyt oppned i vaniljesausen, laerde eg for mange aar sidan. Derimot kan du sjekka om det er fotspor i leverposteien om du trur ein elefant har vore i kjoeleskapet ditt - uloyves.