fredag, oktober 01, 2004

Sytten dagar

har sveltestreiken ved klokketaarnet i sentrum no vara. Familiane til to sinhala heimeverns-soldatar som vart kidnappa av tigrane i august, proever paa dette viset aa faa dei to lausletne. Sveltestreik-konseptet her er symbolsk meir enn reelt: dei sveltar seg paa skift og berre om dagen. At demonstrasjonen er fredeleg, kombinert med at sambuaren har reist til Noreg paa ferie, har foert til at eg har faatt ein betre kvardag: politivernet er oppheva og dei to politimennene paa terrassen min er borte. For aa skjula at her bur ein nordmann, har eg klistra opp UNHCR-logoar paa porten (sidan berre 12 nordmenn er tilsett i UNHCR paa verdsbasis - ifoelgje Bistandsnytt - reknar eg med at ingen ekstreme sinhalesarar vil mistenkja meg for aa vera norsk...)

Ingen kommentarer: