lørdag, desember 24, 2005

Blåsenborg i snø

som ikkje varde særleg lenge før regnet tok over. Men kva kan ein venta seg på Vestlandet? Så lenge peparnetene er i boks, pinnakjøtet ligg til vatning, og jolabrakjen er pynta, er det jol godt nok!

God jol til alle!

mandag, desember 19, 2005

Heime

Her skulle det eigentleg vore eit bilete av Blaasenborg i snø. Men sidan eignelutene mine er spreidde; kameraet her, datakabelen i Bergen, er det ikkje mogeleg. Alt eg kan seia er at det er vakkert. Kvitt. Kaldt. Roleg. Godt. Me pakkar jolegåver, tenkjer på å jolepynta huset, og har all verdens tid. Men om natta drøymer eg om Trincomalee. Og om dagen tenkjer eg litt på nye oppgåver, til dømes dette.

torsdag, desember 15, 2005

Hei, her er eg...

paa kontoret vaart i Colombo, etter fire dagar med moete og planlegging for neste aar paa Hotel Mount Lavinia, den gamle residensen til guvernoeren fraa kolonitida. Eg har starta dei siste dagane med aa tenkja: eg skal lytta og kommentera, men dette gjeld ikkje lenger meg. Og etter ei stund er eg likevel midt i diskusjonen, med innlegg som: " eg tykkjer me skal gjera slik og slik neste aar",".. men daa maa me hugsa fyrst aa gjera det og det..." Kor vanskeleg det er aa distansera seg fraa folk og hjelpetiltak eg har brunne for i meir enn to aar!

Men no tel eg timar: om mindre enn 33 timar flyg me inn over Bergen, Norway. I sommarkle og med tropevarme i ryggen. Bergen skal ha regn og ei varmegrad fredag ettermiddag, les eg i bt.no. Det gaar vel bra det og....

fredag, desember 09, 2005

Kjenslemessig utsliten

etter til sist aa ha reist fraa Trincomalee. Avskilen har drege seg over altfor lang tid, med fyrste farvel-moete for to veker sidan. Det verste var faktisk aa seia adjoe til Meena, the tea-lady paa jobben, krigsenkje og internfordriven. Ho gav meg avskilsgaave og det var ikkje lett aa takla...

Men det er nesten flaut aa seia at det aller verste var aa reisa fraa kattane. Me har funne gode heimar for dei, og har oppfoert oss ansvarleg paa alle vis. Men det er faelt naar katten som ein trudde var godt plassert i ny heim braatt smyg seg rundt foetene mine, staar utanfor doera og grin, sit ved porten og ventar paa at eg skal koma heim. Eg skal aldri, aldri meir vera svak og ta meg av kattar som vert til overs naar andre reiser.

No sit eg i Colombo, neste veke blir full av moete og seminar for aa oppsummera 2005 og planleggja 2006. Og saa reiser eg heim. 16 desember. Til Flesland, Norway, fredag ettermiddag.

mandag, desember 05, 2005

Og konflikten gaar sin gang...

I Muthur, soer for byen, drep folk kvarandre paa bestialske maatar, sidan laurdag har tre muslimar og tre tamilar lista livet, fleire er sakna, nokre hundre familiar flytta heimanfraa i redsel for nye aatak. LTTE og muslimske leiarar har diskutert og blitt samde om aa roa ned situasjonen, men det var foer det siste liket (saa langt) vart funne seint i gaar kveld. I Jaffna har det og vore mange drap i helga, der er det foerst og fremst soldatar som er drepne.

I foelgje ein heimelsmann med god greie paa konflikten, var dei 24 timane mellom laurdag kveld-sundag kveld dei mest spente sidan vaapenkvileavtalen vart underskriven i februar 2002. Det kjennest slett ikkje ut som om eg har tid til aa reisa herifraa; det verkar heilt gale naar eg kjenner etter.

Men eg har flytta ut av huset. No er eg attende i UNHCR sitt gjestehus, der eg budde daa eg kom for to og eit halvt aar sidan, og der eg skal vera dei siste fire nettene.

torsdag, desember 01, 2005

Jobb-tempel

Eg synes ikkje eg kan forlata Trinco utan aa fortelja at i tillegg til aa ha eigen banan-aaker, har kontoret vaart ogsaa eige tempel. Det ligg i hagen paa framsida av kontoret, og er flittig brukt. Av naboen.

onsdag, november 30, 2005

Bale

Huset er nesten tomt. Sambuaren har pakka toeler og ting, og i morgon dreg han avgarde til Colombo. Att sit eg i eit tomt hus, med tre kattar , ei seng og eit kjoeleskap. Eg smaaryddar paa kontoret, skriv hand-over-notes, og lurer paa om eg har gloymt noko. Eg har vondt i magen som om eg sit paa venterommet til tannlegen. At det skal vera saa vanskeleg aa reisa fraa folk og dyr! Men kanskje om nokre dagar klarar eg aa hugsa at den 16 desember sit eg paa flyet til Bergen. Det ser eg fram til!

tirsdag, november 22, 2005

Kontor-bananer


Eg ser paa kontoret med nye auger (teikn paa at det gaar mot avreise). Dette er faktisk fyrste gong eg har kontor med eigen bananaaker (kan ein seia det tru?). Denne klasen heng utanfor kontoret mitt. Men modne vert dei ikkje foer eg har reist.

søndag, november 20, 2005

Kaldt

Eg les prosjektframlegg frå ein av partnarorganisasjonane våre. Dei skriv om alt det gale som har hendt folket her og kvifor dei treng oss til å ordna med fleire helsetenester. Eg les med undring at folk i tillegg til krig og tsunami må tola "den bitande kulden i løpet av vinteren". Sidan det seiest at temperaturen i Trinco aldri går under 26 grader tykkjer eg dei smører litt tjukt på... Men i dag har det vore ned i 20.6 grader, og EG FRYS. Så kanskje det med bitande kulde har noko for seg likevel. Relativt sett...

fredag, november 18, 2005

Neste: Sudan

I foelgje media har Sri Lanka ein ny president . Folk flest i Trinco er lite glade og nervose for framtida. Eg tenkjer vel saa mykje paa at neste arbeidsoppdrag vert tilbakevending av flyktningar og internflyktningar til soer-Sudan. Kapoeta er namnet paa neste heimstad.

Mot

Oppteljing etter presidentvalet i gaar er i gang. Paa TV i gaar var ein tamil i nord intervjua, og sa foelgjande: Me royster om me blir fortalde at me skal roysta, og me royster slik me blir bedne aa roysta. I Jaffna var frammoetet 0.7 %. Av dei 89454 veljarane i Kilinochchi, roysta ein. Det maa vera ein motig person.

torsdag, november 17, 2005

Te

Eg leita etter oppskrift paa iskrem paa nettet, og fann dette (naar ein bur i Sri Lanka, er det kjekt aa vita kva ein te-infuser er):

Hva is en te infuser?

En te infuser is en mindre perforere basket-like beholder med en hinged åpning. Tapte te is plassere derinne de infuser, hvilke is dengang lukke og lowered into de tekanne fylle med koke vann. De tiny hull i de infuser tillate de vann til interact med de te blad. En tiny kjede med en krok at 1 avslutning is feste til de topp av de infuser. De krok bedding hen de rim av de tekanne så de infuser kan nemt be fjerne. Te infusers are usually gjør av rustfri eller chromed stål, skjønt der are og porselen og sølv modellere.

tirsdag, november 15, 2005

Snart slutt

Om ein månad reiser me frå Trincomalee, og eg byrjar å skjøna det. Me har byrja å pakka. Det er ikkje lett å riva opp røtene, igjen. Og eg undrar: Kva har Sri Lanka, aust, gjort med meg gjennom to og eit halvt år? Eg har lært meg å nikka hovudet sidelangs, slik tamilar flest gjer når dei vil seia: jaja, neinei, kanskje det ja....Eg har lært meg å vera mindre utålmodig, og kan tilogmed sitja tre timar på møte der folk snakkar nesten berre tamil eller sinhala og berre litt engelsk, utan å protestera. Eg har lært meg å køyra bil som ein innfødd (og det er jammen ikkje mykje å ta med heim til jul), det inneber konstant tuting for å seia: her kjem eg, hut deg or vegen, det betyr slalåmkøyring mellom fotgjengarar og syklistar og traktorar og tuk-tukar, og det betyr sjølvsagt køyring på venstre side. Og er har lært meg srilanka-engelsk: t.d. I will go and come. Berre at denne gongen vil eg go og ikkje come .

Kva tek eg med meg? Det klarer eg ikkje å sjå enno. Kanskje veit eg det når eg sit på Blåsenborg, har pynta juletreet og ventar på pinnakjøtet, kanskje ikkje før eg er på plass ein eller annan stad i verda for neste oppdrag.

lørdag, november 12, 2005

Vakre Trincomalee, vakre Sri Lanka

Sjaa kor vakkert det er i Trincomalee , eller i Uppuveli, eller korleis folk lever i tsunamileirane i Nilaveli. Bileta er tekne av BBC sin journalist/tolk Dushiyanthini Kanagasabapathipillai. Eg fann bloggen hennar paa nettet, her er linkar til mange, mange gode bilete fraa Sri Lanka.

torsdag, november 10, 2005

FISK

Ei ny bylgje har naadd Trincomalee; denne gongen daud fisk. I heile havnebassenget driv det tjukke lag med daud fisk, tonnevis av fisk, strendene mellom marine-basen via ferjeleiet og langs Indre Havnegate er dekka med rotnande fisk. Ekkelt er det! Lukten er heller ikkje god for aa seia det slik.

Ingen veit kvifor fisken doer. Alle er redde det er paa grunn av giftutslepp, men mange meiner det er mangel paa oksygen i vatnet, eller fordi saltinnhaldet i vatnet minkar grunna regnet. Det regnar nemleg MYKJE for tida. Ryktet om Trincomalee som feriestad er uansett betydeleg svekka for tida....

I slike stunder er lukt viktigare enn mandat, og no sit eg med hundre bytter, eigentleg oyremerkt for intern-flyktningar, som skal utleverast til frivillege som vil hjelpa med aa samla saman fisk. Men framleis har ingen kome for aa henta byttene, og eg er redd for at dugnadsaanda er svakare enn fiskelukta.

søndag, november 06, 2005

Elefantar igjen

Thomas Rogers, britisk offiser paa attenhundretalet, var beroemt eller snarare berykta fordi han skaut meir enn 1,400 elefantar i omraadet rundt Nuwara Eliya (Hill Country). No til dags finn ein ikkje elefantar i dette omraadet. Rogers vart drept daa lynet slo ned, og folk flest meinte dette var ei straff fraa gudane for illgjerningane hans. No ligg grava hans goymd og gloymd paa ein gammal kyrkjegard bak golfklubben i Nuwara Eliya. Men to gonger har lynet ("fire from heaven") slaatt ned, treft gravsteinen hans, og delt steinen i to. Dette har eg laert paa informasjonssenteret paa Horton Plains, ein av nasjonalparkane i Sri Lanka som me har vitja denne helga.

Lyn og tora

Monsunen er her, og med den torever som me knappast har sett makan til tidlegare. Truleg slo lynet ned i huset eller i vassleidningane utanfor. Kjoekenet var fullt av blaatt lys, sambuaren fekk stoyt, og lap-top og DVD-spelar doydde. Det verste er lap-topen, ikkje minst fordi han inneheld bilete fraa to aars liv og lagnad i Sri Lanka. Men kanskje kan innhaldet reddast?

tirsdag, november 01, 2005

God Dipavali!

I kveld feirar me dipavali, lysfest. Det knatrar og smell av fyrverkeri og kinaputtar; me tykkjer det er merkeleg at folk etter tjue år med konflikt finn moro i bråk som minner så sterkt om krig og ufred.

søndag, oktober 30, 2005

Jarlsberg

Ja, me har vore i Colombo for møte, og for å feira sambuaren sin fødedag på fredag. Stor middag på thairestaurant, godt byte etter veker med rice and curry!

Etterpå var det ostehamstring på supermarknaden (ost får ein ikkje i Trinco). Der fann me Jarlsberg, og Riddarost - med norske flagg! Pris: godt over 200 kroner kiloet. Det er meir enn ein tredjedel av månadsløna til ein sikkerheitsvakt i Trincomalee.

Fargespel

På vei tilbake frå Colombo i går, passerte me kafeeen ovom Kandy-krysset. Kafeen er måla i gult, oransje og lilla, og den er flott! Seinare køyrde me forbi eit nytt hus langs A-6; halve huset var sjokkrosa, resten var knall oransje. Kjempeflott var det også.

Om eg hadde sett desse fargekombinasjonane på hus langs veien mellom Kinsarvik og Odda, hadde eg meint det var så vakkert då? Kanskje ikkje. No undrar eg meg over korleis det kan ha seg at eg tek inn fargar på ein annan måte her enn i Noreg.

onsdag, oktober 26, 2005

Telt i monsunregnet

Skrekk og gru! I gaar fann me 18 familiar som framleis bur i telt, og som ikkje visste nokonting om dei ville kunna flytta til betre hus med det foerste. Og dette skjer etter at me har hatt moete paa moete med lokale styrsmakter og frivillige organisasjonar for aa vera sikker paa at alle som treng hjelp er fanga opp av hjelpeapparatet!

torsdag, oktober 20, 2005

Tjueni nye hus

Etter tsunamien lovde presidenten at folk skulle vera i nye hus etter tre månader. Etter ei stund modererte ho dette til seks månader. No er tjueni permanente hus ferdigstilte her i Trincomalee, av dei ca 6,500 som skal byggjast. At folk kvir seg for å flytta inn i dei nye husa er ei anna sak. Ikkje så rart sidan styresmaktene ikkje har klart å planleggja vatntilførsel som skal vera ferdig samstundes med husa.

Men kanskje det er like godt at så få hus er bygde? På søndag kom meldinga om at forbodet mot flytta tilbake til områda som ligg inntil 200 meter frå havet, er endra. No er det 50 meter som gjeld. I dag kom dei fyrste meldingane om at folk tek (dei mellombelse) husa sine på ryggen og flytter heim til strandsona. Det hadde vore vanskelegare å flytta permanente hus.

tirsdag, oktober 18, 2005

Norsk politikk

Forbausande stor interesse for den nye norske regjeringa her i Sri Lanka. Men sidan dei fleste her kjenner Solheim er det kanskje ikkje saa rart.

søndag, oktober 16, 2005

Cool eller hot?

Cool eller hot mat; spørsmålet gjeld ikkje kryddertilsetjing, eller temperatur. I samtalar med kollegaer byrjar eg få innblikk i (for meg) komplisert kunnskap om kategorisering av mat. Spørsmålet om kald eller varm bestemmer tydelegvis når du et kva mat, både med omsyn til morgon/kveld, og sesong. T.d., det meste av frukt er kald, og skal derfor ikkje etast under regntida. Men ananas er varm, og kan etast når det regnar. Bananer er nøytrale, men ikkje alle typar bananer. Forvirra? Det er eg, men eg prøver å skjøna meir.

Spørsmålet om å verta våt når det regnar er også viktig. I følgje kollegaer må ein ikkje bli våt i håret, då blir ein sjuk. Min teori om at folk har ein plastikkpose på hovudet når det regnar fordi dei er redde for at hårolja skal bli vaska vekk, må forkastast. Eg blir fortalt at om ein blir våt i håret av regnet, pleier folk å ta ein dusj. Då blir heile kroppen våt, og ein vert ikkje sjuk. Å bada er også greitt, for då blir heile kroppen våt. Påstandar om at sjukdom grunna (varmt) regn i håret ikkje gjeld for skandinavar blir sett på med stor skepsis, og deretter avvist.

Alt dette har med balanse å gjera, blir eg fortalt. Regn ("kaldt"): hot mat. Varmt ver: cool mat. Delvis våt kropp: fare for sjukdom. Heilvåt kropp: væta er balansert, ikkje farleg.

Eg prøver framleis å forstå meir av desse levereglane og ber om orsaking om eg framsteller dei på ein kunnskapslaus måte.

tirsdag, oktober 11, 2005

Lesetrening



Eg tykte bloggen fortente eit bilete. Dette er vinnarbiletet fraa fjoraarets fototevling i samband med markeringa av aarets flyktningdag. Internflyktningar fekk utdelt kamera og vart bedne om aa ta bilete av kvardagen sin. Her laerer ungane i Nilaveli internflyktningleir i Kuchchaveli aa lesa.

lørdag, oktober 08, 2005

Boom

Eit djupt drønn i kveldsmørket. Nært. Kunne det vera hjå naboen? Nei, ingen skriking og roping, så det var kanskje ein rask trommekvervel frå templet borti gata. Eg held fram med lesinga. Men kvifor i allverda kjem ikkje vakten? Han skulle ut for å henta maten sin, og no har det gått meir enn ein time. Når han tilsist kjem inn porten nesten utan pust, fortel han at heile kvartalet vårt er avsperra av soldatar, han blei kroppsvisitert og sjekka på kvart gatehjørne før han endeleg klarte å koma seg attende til huset. Det smell igjen. Og igjen. Me vert samde om at dette er ein kveld for heimeliv.

Seinare visar det seg at drønnet var ein handgranat mot politiposten oppi gata, dei neste smella kom seg reportedly, som det heiter på rapportspråket mitt, av at ein nervøs soldat mista skytevåpenet sitt, skaut seg sjølv i foten og deretter ei dame i foten. Granaten er visstinok den 46te kasta mot politi/arme-postar sidan sist i august. Me vert meir og meir sitjande inne om kveldane, ingen vits å risikera å koma i vegen for nervøse soldatar eller granatkastande sivilistar.

søndag, oktober 02, 2005

Proctor

Proctor Ismail er grannen vår. Proctor er eit spesielt menneske. Han er advokat, den eldste i byen, ferdig utdanna jurist i 1945! Han er ein humanitær aktivist og arbeider for ein frivillig organisasjon. Då tamilar i nabolaget fekk brent ned husa sine, opna Ismail huset sitt og delte med seg det han hadde. Han samlar folk frå dei ulike etniske samfunna i moskeen for å snakka om samhald.

Kvar morgon går Proctor tur på stranda for å sjå på soloppgangen. Deretter går han i retten, der han er om føremiddagen, seinare arbeider han med å ta mot klientar til 7-8 on kvelden. Seks dagar i veka, eller sju. Typisk nok var han hos ein klient nær stranda då tsunamien kom, og måtte springa for livet for å koma seg bort. Kontoret hans er som eit museum, fylt av lukten av gammalt, gulnande papir. Proctor sjølv er og som eit museumstykke der han sit mellom kontoristane sine og dikterer mens dei skriv på maskin. Med blåkopi. Innimellom kjem ein kontorist inn og går bort til skapet i hjørna. Der ligg alle sakene arkivert, tilsynelatande i ein stor haug utan system. Men berre tilsynelatande: elegant dreg kontoristen fingeren nedover langs ryggen på alle mappene, og fiskar ut den eine han leitar etter.

Eg har stor respekt for Ismail, han er eit heilstøypt menneske som brukar livet sitt for å tena folket han lever mellom. I dag ser eg på nettet at andre også har syn for Proctor sine kvalitetar.

fredag, september 30, 2005

Twist for ein lankesisk soldat

I dag stod det ein soldat utanfor porten til kontoret. Sidan me av prinsipp ikkje likar våpen, og ikkje vil vernast med slike, gjekk eg og snakka til han.
- Kunne du kanskje tenkja deg å flytta til naboporten, du skjønar - av prinsipp osb, men ta det ikkje personleg.
- Jaha? Vel, det er vel greitt.
- Og viss det skulle vera noko spørsmål frå sjefen din om kvifor du flytter over til naboporten, sei han skal ta kontakt med meg.
- Jaha? Ja, det er vel greitt.

Ein halvtime går, så kjem sjefen. Eg må ut på gata, folk med våpen slepp ikkje innom porten. Prinsipp..
-Jaha, og det var eit problem med grøfta bak plassen der soldaten står?
- Nei, slett ikkje, men av prinsipp osb.
- Jaha? Vel, det er vel greitt.

Etter ein time er det high tea. Sidan ein koffert frå Norge alltid inneheld norsk sjokolade for arbeidskameratar, er det utdeling av Twist til teen. Og for å markera at det ikkje er personleg, går eg utanfor porten for å gje Twist til den lankesiske soldaten også. Men han er vekk.

Praha

Sist veke var eg i Praha for aa feira vetlasyste sin femtiaarsdag. Her skulle det vera eit bilete av henne paa Karlsbrua i Praha, men av ein eller annan grunn ville ikkje blogger ta mot biletet. Men Praha var flott, veret bra, brusteinen relativt snill med ein strekt ankel. Og Kafka-museeet veldig spennande!

mandag, september 26, 2005

Blåsenborg, alltid Blåsenborg

men den kortaste vitjinga nokonsinne; ei natt, tjue timar. Elles Bergen, Praha, Bømlo. Og typisk nok, ferieforbannelsen slo inn som vanleg - denne gongen trakka eg over og har ein fot som er blå og gul frå midt på leggen og ned. Eg er den perfekte arbeidstakar - sjuk og skada berre i ferietida....

På torsdag er eg attende i Trinco, og er spent på om dei siste teltbuarane langs hovudgata har fått seg ein stad å bu (i samsvar med lokalregjeringa sine lovnader like før eg reiste), om muslimane og tamilane i Iqbal Nagar har klart å byggja ti nye hus for kvarandre (som dei var bombesikre på at dei ville klara før eg reiste), om det er like mange soldatar langs vegane og i gatekryssa som då eg reiste.

Det som er sikkert og som eg ikkje treng å vera spent på er at den "ulovlege" buddhaen framleis står på plassen sin ved fisketorget, at valkampen er i gang og at dei fleste regjeringstilsette såleis ikkje lenger har tid til anna enn å førebu valet, at nokre vil halda fram med å kasta granatar mot check points med jamne mellomrom, og at det vert nye hartalar i dei komande vekene. M.a.o, business as usual.

onsdag, september 14, 2005

Trøtt. Men glad.

Orkar ikkje forklara. Men det har noko å gjera med at saker ein set i gang funkar. Nervøs dag, med vitjing av den største donoren vår. Mykje planlegging på forhånd, me må gjera godt inntrykk, visa at pengane deira blir brukte på ein god måte. Media er der. Eg forklarer og prøver å få dei til å forstå kva me prøver å oppnå, og plutseleg så hender saker og ting som viser at SLIK ER DET. Smilande, lukkelege folk som ryddar land, byggjer hus, diskuterer reinsing av vasskanalen, planlegg paddy-såing. Når eg skriv dette, slår det meg at det høyrest ut eg beskriv som ein kinesisk propagandaplakat frå syttitalet. MEN SLIK ER DET. Og eg er glad. Og trøtt.

lørdag, september 10, 2005

Val 2005

Presidentvalet er fastsett til 22 november, og alle diskuterer potensielle kandidatar og alliansar. Avisene melde tidlegare at JVP har gått i allianse med statsministeren og støttar hans kandidatur på vilkår av at han kvittar seg med Noreg som fredsforhandlar. Statsministeren gjekk deretter ut og sa at dette ikkje var sant. So da. Me vanlege folk er mindre glade for påstanden om at frå midten av september til slutten av desember vil alle offentleg tilsette vera opptekne med valet, og ingenting anna vil bli prioritert. Kva då med arbeidet med å skaffa vatn og elektrisitet til tsunami-offer som bur i leirar? Kva med dei 116 familiane som framleis, etter meir enn 8 månader, bur i telt inne i Trincomalee (det er fleire telt i andre deler av Trinco)? Kva med dei som bur i leirar utan skikkeleg drenering, no når monsun-regnet er på veg?

Sjølv har eg gitt opp vårt eige val; i går gjekk fristen for forhåndsrøysting ved ambassaden ut. Sidan ambassaden ikkje har ope i helgane, ikkje opplyser på web-sidene sine om opningstider for valet, og ikkje svarer på e-mail, var det vanskeleg å utføra borgarplikta. Det får så vera. Eg har røysta jamt og trutt sidan eg fekk røysterett, men har røysta mi nokonsinne ført til noko? Nei.

Men eg vert sur om Torstein manglar ei røyst på måndag.

torsdag, september 08, 2005

Tropisk influensa

I dag gjev eg meg sjoelv lov til aa vera privat og sytete. Feber, hovudverk og rennande nase er vanlegvis ikkje kjekt, men verre enn verst naar ein oppheld seg i tropisk klima. Eg meiner det er lov aa tykkja synd paa meg sjoelv, men er sikkert ei plage for den naeraste som maa troysta og vera snill. No er det verste over, men eg har smitta halve kontoret. Godt planlagt!

torsdag, september 01, 2005

Kiss Movements

Stadig organiserer me kiss movements. I dag organiserte me eit kiss movement for Richard, som kom fraa Colombo. For dei som ikkje er kjende med lankesisk-engelsk, hoyrest det kanskje ut som noko ein gjer spesielt for svaert gode vener eller kanskje tilogmed for ein kjaerast. Kysseroersle.... Men kiss movement betyr at to bilar koyrer fra kvar sin stad, moetest omtrent paa midten, og utvekslar passasjerar eller gods. Bakpaa nokre bilar staar det av og til "do not kiss me!", som truleg betyr "ikkje koyr saa naer at du koyrer borti meg!" "Short eats" er eit anna lankesisk fenomen, som betyr fast food paa godt norsk. Og naar eg ber kollegaen min om ei teneste, seier han " I will do the needful", og kastar seg paa push-biken for aa foelgja opp saka. Lankesisk-engelsk er eit flott spraak!

søndag, august 28, 2005

Tidsrekninga i Trinco starta 26 desember 2004

Etter hyggeleg middag med vener i gaar kveld, havna me paa fest hos hyggelege samarbeidspartnarar. Der var det ein braate med folk. Skikkeleg mykje folk. Nesten alle utlendingar, alle driv dei ei eller anna form for humanitaert arbeid, og dei fleste har eg aldri sett foer. "Eg har hoyrt at du har vore her svaert lenge" sa ein av dei til kollega E (som har arbeidd i distriktet i snart fem aar). "Kom du like etter tsunamien?".

Eg minner meg sjoelv om at me "gamle" (i tydinga: arbeidde her foer tsunamien) ikkje har einerett til Trincomalee og dei som treng hjelp her, at det er bra at det kjem inn meir hjelp. Men det er likevel tankevekkjande at mange av desse folka aldri viser seg paa samordningsmoete, at dei lokale styresmaktene i mange tilfelle ikkje vert informerte om nye tiltak som vert sett i gang i landsbyane dei har ansvar for (og slett ikkje vert spurde om raad).

Like etter tsunamien vart det skipa til eit seminar der me diskuterte "DO NO HARM"-prinsipp. Faa av dei nykomne hjelpearbeidarane tok seg tid til aa delta. Kanskje det er tid for eit nytt seminar?

torsdag, august 25, 2005

Critical!

Aa tinga flybillettar fraa Trinco er ikkje lett. Sambuaren har ein reisebyraa-kontakt i Colombo, og naar denne kontakten endeleg har forstaatt at me tenkjer oss heim i september og ikkje i desember, ringjer han til meg og skrik critical, critical i telefonen. KLM har kansellert alle avgangar via India fordi det er critical. Det hoyres skraemande ut, ikkje minst etter alle flyulukkene i det siste. Kanskje me ikkje kjem oss heim i det heile? Kva daa med hyggelege fiskemiddagar i Bergen, naustbygging paa Boemlo, 50-aarsdag i Praha og andre hendingar me ser fram til? Til sist skjoenar eg at critical betyr at det er vanskeleg aa faa billettar. What to do, no? Vel, vanskeleg viser seg aa bety at billettane kostar litt meir enn sist gong me reiste. Det staar me i, og saa er dagen ikkje saa critical likevel.

torsdag, august 18, 2005

Liv og lagnad i Kumbukwewa


Om det er nokon som trur elendet ikkje er likeleg fordelt mellom dei ulike etniske samfunna i Trincomalee, fortel dette biletet noko anna. Slik bur ein sinhalesisk familie i Kumbukwewa. Senga staar paa eit jordgolv som er gjort litt hoegare enn jorda utanfor for aa halda vatnet unna. Men taket er holete, saa dei faar nok sin del av monsun-regnet uansett. Faar eg det som eg vil, skal dei under skikkeleg tak foer november.

søndag, august 14, 2005

Situasjonsrapport

Mens bt melder at Sri Lanka står på randa av ein ny krig, og ud åtvarar nordmenn mot å reisa til øya, har me brukt sundagen til å bada i Bengalbukta og til å drikka lime-jus og eta grilla jumboreker på stranda ved Club Oceanic.

lørdag, august 13, 2005

Drap

Denne gongen var det utanriksministeren sin tur. Det er unntakstilstand, sikkerheitsstyrkane har løyve til å arrestera folk og halda dei kor lenge som helst, utan rettargang. Det er vanskeleg å spå om korleis situasjonen kjem til å utvikla seg. Tigrane har uttalt at dei ikkje står bak drapet (hadde nokon venta noko anna?). På grasnivå i Trinco er det stille og roleg, folk oppfører seg som vanleg på ein laurdag - kjøper fisk og grønnsaker på torget og kastar seg seinare ut i trafikken med alle pakkenellikane sine med same dødsforakt som dei elles gjer. Det største problemet vårt i dag har faktisk vore straummangel. Men lyftar me blikket, ser me sjølvsagt eit langt alvorlegare bilete: hevn, nye drap, ingen fredsforhandlingar, kanskje ny krig. På nettsidene i Colombo diskuterer folk drapet, og polariseringa er stor. Ministeren, som var tamil, er sett som ein stor helt av mange og som ein forrædar av andre. Eit utsegn er: gjer ende på våpenkvileavtalen, og kast nordmennene ut! Eg ser at redaktøren i eit tilfelle såg seg nøydd til å sensurera karakteristikken av nordmenn (nordmenn i tydinga fredsforhandlarar og våpenkvileobservatørar). Akkurat no er det nok tryggare i aust enn i hovudstaden. Iallefall for nordmenn....

søndag, august 07, 2005

Dag og Tid ved Bengalbukta


Dette er eit bevis på at ein kan finna Dag og Tid mange stader, også på ei strand ved Bengalbukta. Viktigare enn Dag og Tid var likevel at i dag bada eg i det indiske hav for fyrste gong etter tsunamien. Den psykiske badesperra er borte. Men det var likevel litt skummelt å sjå klesrestar halvt nedgravne på stranda, kunne det vera noko under? Det var det sjølvsagt ikkje, bortsett frå sand. No skal eg bada ofte!

Lukkeleg dag i Iqbal Nagar


På fredag leverte eg ut 39 skøyte til tamilar og muslimar i Iqbal Nagar. Sidan eg kom hit for to år sidan, har eg hatt mange møte med desse folka. Mange bur i eit flyktningsenter som eg meiner er det verste i Sri Lanka. Dei eig ikkje land, lit ikkje på regjeringa, og har nekta å ta mot tilbodet om nytt land i Iqbal Nagar utan at dei får dokument som syner retten til å bu der. Regjeringa på si side har nekta å levera ut skøyte før folk reint fysisk har flytta dit. Total blokkering med andre ord, som har vart i tre år. Eg har sett mange sinte fjes, mange skuffa fjes gjennom desse åra. Men sist veke lausna det! Regjeringa skreiv ut skøyte, eg leverte dei ut, og sjeldan såg eg så mange blide fjes på ein gong. No byrjar eit nytt liv for 39 familiar, UNHCR byggjer ny veg, brønn og hus, og alle er veldig, veldig glade. På biletet skriv ei av kvinnene under på skøytet, mens presidenten i landsbyen og jordskiftemannen frå kommunen passar på at alt går rett for seg!

lørdag, juli 30, 2005

Trincomalee Solskinsfestival


Trincomalee solskinsfestival paagaar mens eg skriv, tre tusen ungar og to tusen foreldre og frivillige fraa tsunami-raaka omraade i fem divisjonar i distriktet har det kjekt i lag paa stadion. Ungane har faatt farge etter kva divisjon dei kjem fraa.

Blaatt for Kinniya.
Lilla for Muttur.

Rosa for Kuchchaveli.

Gult for Eachcilampattai.

Oransje for Town and Gravets.

torsdag, juli 28, 2005

Realitetar

Eg sit paa kontoret og diskuterer eit av samarbeidsprosjekta vaare med ein velkjend og respektert akademikar og aktivist fraa byen. Praktiske detaljar som loener og transport. Nesten umerkeleg gaar me over til aa diskutera menneskerettsbrot, og korleis ein kan sikra rask, og kontant reaksjon naar overgrep skjer. Me diskuterer drapet paa Sivaram, kjend tamilsk journalist, og plutseleg skjoenar eg at mannen framfor meg ikkje er ukjend med tanken paa at det kan vera han neste gong. Ei kort stund snakkar me om korleis det aa vera kjend, aa vera uredd i spoersmaal som gjeld urett, kan vera den beste vernet ein har. Samstundes er det slike haldningar som gjer at folk blir drepne. Eg frys paa ryggen og kjenner meg liten.

tirsdag, juli 26, 2005

Solskinsfestival!

Tre tusen ungar frå kystlina langs Trincomalee skal koma til bydn og vera med på solskinsfestival på laurdag! Drama, dans, musikk, utkledningsball, utstillingar. Bu saman med andre ungar med ulik etnisk bakgrunn. Vera langt borte frå mor og far. Gløyma tsunami-leirar, øydelagde hus, døde vener og slektningar - for ei stund.

Tilskipinga er ein stordugnad mellom lokale og internasjonale organisajonar, ei markering av etnisk samrøre og venskap, og ein siger over alle krefter som nører konflikten - om det går bra, og det skal det! Sjølv skal me eskortera ungane på veien fram og tilbake frå festivalen; FN-symbolet er respektert og borgar for trygg transport når ein skal kryssa usynlege liner mellom kontrollpostane til tigrar og militære.

søndag, juli 24, 2005

Trincomalee paa ein sundag

er stille og fredeleg trass i drapet paa ein eldre mann i Thampalagamam i gaar kveld. Det er rart aa vita at sist veke, daa eg framleis naut norske fjell og fjordar, var det saa spent at folk trudde at krigen var like om doera. Sidan eg kom attende, har freden senka seg over Trincomalee by. Truleg ikkje takka vera meg, men heller paa grunn av alle soldatane som verkar vera plasserte kvar femte meter langsetter vegane. Det betyr at det er lagt lok paa konflikten, som putrar og kokar vidare under yta. Men Buddhaen, spoer du kanskje? Ja, statuen er framleis her, og er sjoelvsagt kjelde til meir konflikt. Me har hatt vitjing fraa Noreg dei siste dagane og passerte Buddhaen ein av kveldane. Rundt Buddha er det soldatar saa tett som hagl, sandsekker og piggtraad, og han ser absolutt ikkje ut som om han er paa veg til ein betre, meir passande stad. No er Buddha nemleg plassert mellom eit fisketorg og ein groennsakmarknad, og naer to brennevinsutsal. Slik plassering er aa visa mangel paa respekt for Buddha, vert det sagt. Men det ser ut til aa vera underordna.

lørdag, juli 23, 2005

Kakerlakk og maur

Det skjer interessante ting paa golvet ved sida av kontorpulten min. Ein (stor!) kakerlakk, minst 2 cm lang, har sjoelvdaua og ligg paa golvet. Nokre hundre maur (bittesmaa!) er i ferd med aa flytta han, kvartil veit eg ikkje. Det er mykje aktivitet, men det ser ut som om maurane har problem med aa bestemma retninga. Akkurat no spinn kakerlakken rundt og rundt, og det kan sjaa ut som om maurane treng hjelp med (retnings-) konfliktloysing. Trass i problemet har dei likevel i loepet av dei siste tre timane klart aa flytta kakerlakken minst 30 centimeter.

Eg kunne ha kosta alt vekk, men eg har tenkt aa lata maurane bala paa til i morgon. Slik kan eg sjaa kvar dei har tenkt seg med byttet.

Om nokon trur eg ikkje har noko aa gjera fordi eg betraktar slike ting, kan de tru om att.

mandag, juli 18, 2005

Ein sørgjeleg dag

Attende på jobb. Kjekt å sjå att kollegaer, kjekt å vitja Kachcheri og møta folk som er vera blide og glade for å sjå meg att. Men trist at to kollegaer har døydd under tragiske omstende mens eg var borte. Ein kollega på kontoret i ein naboby drukna mens personalet var på søndagstur for nokre veker sidan. Og for fire dagar sidan døydde sjefen vår, brått og utan nemnande forvarsel. Det er trist, det er urettferdig, og det er vanskeleg, ikkje berre for dei næraste som står att men også for eit kollegium som har hatt nok tragediar det siste halvåret og som alt har ein arbeidssituasjon som er tøff nok.

torsdag, juli 14, 2005

Oppsummering

Sommarferien 2005: Besøk av kjekke folk, besøk til kjekke folk, nynorske festspel, fjell(og li)turar med mykje vatn, Sunnmøre og Bømlo med mykje hav, Bergen (altfor lite...), latskap i hagen i Kinsarvik, regn og sol, men ikkje bading. Og mykje meir. Men altfor lite tid, sjølv om fire samanhangande ferieveker er eit særsyn. I morgon går turen til Bergen, og tidleg laurdag morgon via Amsterdam til Colombo. Eg har ikkje tenkt (mykje) på Trincomalee dei siste vekene, men i byen er det no meir spent enn på svært lenge, med mange skyteepisodar og granatåtak.

mandag, juni 27, 2005

26 juni 2005

er halvårsdagen for den store tsunamikatastrofen. Jobbmessig er eg glad, på denne dagen vart det annonsert at organisajonen eg arbeider for er invitert attende til Indonesia for å halda fram med hjelpearbeidet for dei tsunamiråka, eit område me måtte forlata i mars.
Privat markerte eg dagen med tur i Husedalen saman med familie, eit område langt frå strendene i Sør Aust Asia både med tanke på natur og temperatur. Men kva gjer det om gradestokken viser 12 grader når landskapet (og vassdrivet frå fossane) nesten tek pusten frå ein. Her er Bjødnabykset, der store mengder vatn sprengjer seg gjennom ei smal kløft før det eksploderer mot steinane nedanfor. Kan ikkje beskrivast, må opplevast.

Husedalen sundag Posted by Hello

Husedalen - Soetefossen mot Hardangervidda Posted by Hello

Fram fr� skogen Posted by Hello

mandag, juni 20, 2005

BLÅSENBORG

Det er godt å vera heime. Huset står, regnet siler, løvetannen veks. Bulldozer-pusen på ferie frå Bergen har vunne sin fyrste slåsskamp og skræmt bort den største katten me har sett på lenge. Søvnen er djupare enn Samlafjorden, men draumane handlar framleis om tigrar og lankesiske soldatar.

torsdag, juni 16, 2005

Regjeringskrise? Å nei, ikkje her...

Vakna til regjeringskrise, men som vanleg i dette landet snur kriser seg til kvardag i løpet av nokre timar.No sit presidenten og regjeringa hennar tilsynelatande trygt med støtte frå barndomsven Ranil (elles i opposisjon), mens marxistane, JVP, har forlete regjeringa. Sjølv let eg krise vera krise og reiste i felt. Eg nyt godt av å arbeida for ein organisasjon som har arbeidd i desse områda under mest heile krigen, ei tid då få organisajonar tok sjansen på å vera her. Når me køyrer langs vegane, møter me folk som lyser opp når dei ser bilen med logoen vår, smiler og vinkar og ser ut som om dei har møtt ein god gammal ven. Det er stas for meg, og ein god siste dag på jobb før eg reiser til Colombo/Bergen i tidlege morgontimar på fredag. Så må eg heller prøva å leggja vekk orda frå tigerleiaren eg hadde møte med i føremiddag, då eg spurde om utsiktene for internflyktningar til å reisa heim til eit område geriljaen kontrollerer: "situasjonen har gått frå vondt til verre, me ventar ny krig og du kan berre gløyma tanken på å hjelpa folk heim til denne landsbyen no".

mandag, juni 13, 2005

Trincomalee på ein måndag

Eg kan velja å skriva om maurinvasjonen som møtte meg då eg kom heim i kveld; maurane hadde teke over boksen med kattemat og det såg ut som om det var meir maur enn mat i boksen. Eg kan halda fram med skildra toget av maur som marsjerte frå kjøkendøra til disken der maten stod. At dei kasta seg over hendene mine og beit før eg fann giftboksen til sambuaren og starta den store maurmassakren. Eller eg kan velja å skriva om kor godt det er med Frukost knekkebrød med ost til frukost; knekkebrød som er ein levning frå Raudekrossen i Noreg som dreiv sjukehus i Eachchilampattai i vår, og som dreiv forbi på ei fjøl på laurdagskvelden (knekkebrodet og ikkje sjukehuset). Eller eg kan leggja ut om kor bale det er å koma heim seint, ha gløymt husnøklane (innelåst) på kontoret, mens han som har ekstranøklane er på familiebesøk og ikkje svarar på telefonen. Alt for å sleppa å nemna spørsmålet om buddha-statuar, hartal, veisperringar, munkar som demonstrerer/sveltestreikar/truar med setja fyr på seg sjølv. For ikkje å snakka om at ei av hovudstadsavisene i går melde om at tigrane byggjer ulovleg flyplass i Trincomalee med hjelp frå ein internasjonal hjelpeorganisajon, med støtte frå FN.

lørdag, juni 11, 2005

Buddha-statue, munkar og JM

Det vert stadig tydelegare at den stakkars buddha-statua framfor klokketårnet, som i følgje dom i retten i Trincomalee skal fjernast innan 15 juni, berre er eit symbol på andre og større ting (Orsak Buddha, for å antyda at du ikkje er stor). Fyrst og fremst er det ein maktkamp mellom dei to partane i konflikten, men meir og meir også om striden om Joint Mechanism (JM) - om korvidt tigrane skal delta i fordeling av hjelpa som kjem inn etter tsunamien. Trinco by er framleis stappfull av soldatar, og ingen trur at det vert noka løysing innan den magiske datoen, og alle ventar ny uro! I Kandy sveltestreikar ein munk mot JM, og sikkert også mot fjerning av statua, og skal vera i ein kritisk tilstand. I Colombo vart munkar som demonstrerte mot presidenten sitt hus stoppa med vannkanoner og tåregass. Og JVP, marxistane som sit i regjeringsposisjon saman med presidenten sitt parti, har sagt dei dreg seg ut om ikkje presidenten seier nei til JM seinast 15 juni. Når eg i tillegg kan nemna at horoskopet for Trincomalee by seier at 15 juni 2005 kjem til verta ein dårleg dag for byen, er det nok lett å forstå at me sit i små grupper og planlegg styrkte tryggleiksordningar. Eg for min del er i tillegg oppteken av at vegane ut av Trinco ikkje blir blokkerte, slik at eg kan nå flyet til Bergen på fredag. Sambuaren er klok, har alt reist og landar i Bergen om få timar. Heldiggrisen.

torsdag, juni 09, 2005

Norsk-svensk (re) union

I Trincomalee vart 7 juni markert gjennom forsøk på å gjenskapa unionen. God hjelp kom frå danskar, britar, lankesarar og sveitsarar, men berre fire av dei åtte inviterte svenskane kom på reunionsmiddagen i Channel Lane. Me tolkar det som mangel på interesse og slår fast at det er framleis ikkje grunnlag for ein ny union. Men alle, uansett etnisitet, likte røykelaksen.

tirsdag, juni 07, 2005

Ampara

Eg har vitja Ampara. Det er det omraadet i Sri Lanka som var hardast raaka daa tsunamien slo mot land i desember. I Kalmunai vitja eg landsbyen til kollega S. Berre i hans landby doydde mykje over tusen menneske, meir enn i heile Trincomalee distrikt. Langs stranda ligg eit fleire hundre meter breitt belte av knuste husrestar. Innimellom restane sit mange av familiane som ein gong budde der, nokon rensar murstein for sement med tanke paa gjenbruk. Andre berre sit. Folk me snakka med i ein leir i innlandet sa at dei gravla for mange i landsbyen sin og kan ikkje tenkja seg aa flytta attende.

torsdag, juni 02, 2005

Og for dei som lurer

Buddhaen står framleis på plassen framfor klokketårnet, kransa av piggtråd og vakta av 1500 soldatar og politimenn.

Hartal. Ikkje hartal. Kanskje hartal. Hartal utsett.

Hartal likevel. Slik er det å driva hjelpearbeid for tida. Mesteparten av tida synest å gå med til å vurdera sikkerheitssituasjonen. I går vart den STORE hartalen,som skulle vera total og dekka heile nordaust, utsett fjorten dagar. Men no er det varsla hartal i morgon likevel, og turen min til Batti og Ampara for å sjå på hjelpearbeidet der vert kanskje avlyst. Og elles høyrer eg at den STORE hartalen skal kanskje ikkje vera hartal i det heile, men ein protest der alle (tamilske) parlamentsmedlemer skal sveltestreika utanfor eit av templa i Trincomalee.

Elles har eg site på møte i to og ein halv time og høyrt styresmaktene diskutera på sinhalesisk, utan omsetjing, berre for å få høve til å stikka inn nokre velvalde ord om miner, og om korrupsjon, på slutten av diskusjonen. Eg kjenner meg stadig oftare som Trincomalees største møteplagar, som alltid kjem med upassande kommentarar på møte med regjeringsrepresentantane.

mandag, mai 30, 2005


Snart seks maanader etter tsunamien..

Kvar er husa?

Eg merkar meg aukande kritikk i utanlandske media mot gjenoppbyggingja i landet. Det skjer lite, og grunnen dei fleste intervju-objekta gjev er den same: byråkratiet. Hovudstaden bestemmer alt. Og om eit vedtak om eit gjenoppbyggingsprosjekt vert gjort, er det langt frå sikkert at det vert gjort kjend for dei det gjeld.I går høyrde eg at ein velkjend verdsomfattande organisasjon hadde planar om husbygging i eit område i Trinco, førebuing var godt i gang i samråd med lokale styresmakter. Men så viste det seg at ein annan organisasjon hadde skrive kontrakt med regjeringa i Colombo om det same området. Mykje ressursar ut vindauga til inga nytte!

Men vert det hus av slikt? Biletet ovom viser situasjonen i eit område sør i distriktet. Teltlivet er diverre ein realitet for svært mange sjølv meir enn fem månader etter at bylgja slo.

torsdag, mai 26, 2005

Buddha med piggtraad

Etter lange og harde tak, med trugsmaal om altomfattande hartal hengande over Trinco og heile nordaust Sri Lanka, vart partane i gaar samde om at rettsavgjerda fraa siste veke skal gjennomfoerast. Det betyr at buddhaen og nokre hindu-tempel, som alle seiest aa vera ulovleg oppfoerde, skal fjernast innan ei veke. Om dette vil bli gjort utan meir ufred, er det store spoersmaalet. Hundrevis av familiar har forlete byen, eller har flytta til vener og kjende i stroek som dei trur er trygge. Born gaar ikkje paa skulen, mange held seg borte fraa jobben, og inn-boksen min er full av e-postar om avlyste moete. I mellomtida har buddhaen faatt piggtraadgjerde og skyteposisjonar rundt seg, og spesialstyrkar fraa haeren til aa passa seg. Gandhi-statua ved det gamle universitetsomraadet var det derimot ingen som passa paa. No er ho borte, fullstendig smadra etter at hovudet fyrst vart slaatt av.

tirsdag, mai 24, 2005

Vesak

Det er Vesak Poya, buddhistane sin viktigaste fullmånedag gjennom heile året. Vesak markerer "Buddha's birth, enlightment, and passing away" (mitt norske buddistiske ordtilfang er for svakt til å omsetja enlightment), og legg vekt på å fremja fred, harmoni og forståing mellom alle menneske. I Trincomalee vert harmonien ivareteken av tusen elitesoldatar og politi som er bussa inn for å sikra folkefest utan granatkasting og slåssing med machete. Høge herrar frå hovudstaden har vore her for å mekla, og hartalen er følgjeleg avlyst i fire dagar mens presidenten tenkjer på å finna ei løysing på spørsmålet om den ulovleg oppførde buddha-statua (som er eit symbol på djupare problem og ikkje problemet i seg sjølv).

I går kveld var det ustilling av vesak-lampar i byen, og me gjekk for å sjå. Dei flottaste lampane er laga av politi, hær og marine. Full kroppsvisitering for å koma inn på området der marinen hadde sett opp sine artisiske lampar, som er fulle av buddistisk symbolikk. Fascinerande å sjå at soldatar og offiserar må ha brukt dagar og veker på å konstruera sirlege papirlampar med intrikate papirklipp-dekorasjonar som liknar på blonder og kniplingar. Trist å sjå at lampane må vernast med maskingevær.

fredag, mai 20, 2005

Hartal, fjerde dag

og dette ser ikkje ut til å ta slutt. Buddhaen sit framleis framfor klokketårnet, framfor han ein munk med bensinflaske og fyrstikker klar om nokon skulle prøva å flytta statua. Innimellom slengjer nokon ein granat eller to mot ein butikk eller ein bil, mens andre brukar skytevåpen eller kniv. Det er spent, mange har reist frå byen, inkludert mange hjelpearbeidarar. Me byrjar å verta bekymra for om dei som bur i leirane får mat og drikkevatn. Sjølv har me eit lager og klarer oss rimeleg bra. Men turen til Colombo i helga, bryllaupsfest på Transasia og kjøpefest på supermarknaden, vert avlyst. Korleis kan me reisa i denne situasjonen? Det sender ut feil signal, og me vil ikkje bidra til den gryande panikken me merkar mellom folk i dag. Så her sit me i Channel Lane, med satelitt-telefon, radio og landkruser på standby, klare for ei lang helg...

tirsdag, mai 17, 2005

Syttende mai i Trincomalee

starta med ein granat mot den nye buddha-statua som nokon hadde plassert framfor torget sist natt, heldt fram med ein ny granat paa fisketorget i dag tidleg og seinare med sprenging av ein handgranat ved kyrkjegarden. Mykje salutt med andre ord! Men absolutt ingen grunn til aa gaa i syttendemaitog her idag, det er hartal og situasjonen er spent.

fredag, mai 13, 2005

Norsk territorium

Nei, det er ikkje den norske delegasjonen som har lagt under seg land på aust-Sri Lanka i pausane mellom fredsforhandlingane. Men det er faktisk ei øy som heiter Norskeøya. like sør for Trincomalee, utanfor Sampoor. Bak namnet er det ei historie om norske landmålarar som ein gong for lenge sidan var på oppdrag i dette området, og som budde ei tid på denne øya. Trur eg. I går var eg i Eachchilampattai, og kollegaen min peikte og sa "der er norskeøya". Tsunamien var ikkje snill med dette området, som de kan sjå av dei sundbrotne palmane i sjøkanten. "Kor høg var bølgja?" spurde me ein mann som budde i nærleiken. "Trur de eg hadde tid til å sjå etter slikt", sa mannen, "eg hadde nok med å springa min vei".

I bakgrunnen:Norway Island, Eachchcilampattai.

søndag, mai 08, 2005

Norsk leverpostei

Me har fått nyss om at eit parti med norsk leverpostei fins i Trincomalee, og har ei lita von om å få tak i nokre boksar ein av dei fyrste dagane.
Leverposteien skal visstnok ha kome hit med norske hjelpearbeidarar. Mens folk her ikkje har problem med å forstå kva importert mjølkepulver er (ku avbilda på pakken), hermetisert fisk (fisk på boksen), er det vanskeleg å akseptera leverposteien frå Stabburet, som har bilete av eit lyslugga barn.

Til glede for to hardingar som ikkje har noko imot curry og ris, men som set stor pris på brød med leverpostei til frukost!

onsdag, mai 04, 2005

Telt. Eller byråkrati i arbeid

Sist laurdag fekk me telt! 200 store, gode familietelt! Dei me har venta på i tre, snart fire månader! Lankesisk byråkrati i praksis, - tre gonger har me fått dei klarerte frå tollen, berre for å oppleva at styesmaktene har endra tollreglane, hanka telta innatt og fortald oss at me må starta på nytt. Men no er dei her, på lager i Trinco, fire månader etter tsunamien...

søndag, mai 01, 2005

1 mai

1975 var eg student, leiar i målungdomen, rein og raud, og held 1 mai tale på Voss. På veg til toget om morgonen såg eg plakatar over heile byen som fortalde at USA var jaga ut av Saigon, og eg måtte skriva om talen min på toget til Voss. På Voss regna det sidelengs, det var bikkjekaldt, og det var eit under at folk i det heile orka å bli verande for å høyra på, slik veret var. Ein som blei verande, må ha vore ein politimann i sivil. Han skreiv seinare rapport, og fortalde at xx, kjend poet og bibliotekar på Voss i den tida, hadde lokka folk med gratis middag etter toget. Rapportøren visste kvar eg budde, kva eg studerte, kor mange som gjekk i toget, kor mange som høyrde talen min, og kor mange som tok mot tilbodet frå poeten om gratis middag. Dette har eg lest i mappa mi, som eg fekk tilsend for tre veker sidan då eg var heime i Noreg. Men han skreiv ikkje at poeten serverte fiskesup og kjempegode heimelaga karve-rundstykke. Han var nok ikkje invitert.

lørdag, april 30, 2005

Politiske drap

les me no om nesten kvar dag. Den siste i rekkja er Sivaram, journalist og redaktoer i TamilNet. Respektert, ikkje minst fordi han var kjend som ein reflektert og analytisk journalist som skreiv fritt og kompromisslaust om det han var overtydd om.

tirsdag, april 26, 2005

Familien elefant på tur

På vei heim frå Colombo i ettermiddag køyrde me forbi to elefantbabyar, tre småelefantar i tenåra, og tre elefantmødre som alle gjekk og åt gras like ved sida av veien. Elefantmor såg strengt på oss, slengde med øyrene og snudde rompa til oss, som om ho sa "kva er de de glor på? har de aldri sett tre elefantvenninner på tur med ungane sine før?" Me skjønte hintet, og køyrde forsiktig vidare.

lørdag, april 23, 2005

Hus, hus, hus

I dag vel eg å fokusera på oppbyggjelege ting. Av 7000 planlagde krisehus er no halvparten ferdige eller blir ferdige i løpet av komande veke. I heile dag har eg vore rundt og sett på hus (krisehus, ikkje permanente), me har opna nye "landsbyar" og overlevert nøklar til familiar som flytter inn. Kjekt! Noko er bra, noko ikkje så bra, men iallefall betre enn telt! Og dei fleste er nøgde. I Veloor møtte eg skjellseljaren vår frå Nilaveli. Han hadde fått nytt hus, smilte som ei sol. Alle problema med å få ungane attende til skular og universitet hadde ordna seg. Kanskje delvis på grunn av mine tidlegare forsøk på å få utdanningsdepartementet til å ta tak i problemet? Eg vil jo gjerne tru det....

Elles melder media i dag at regjeringa vil ha guddommelege lærarar, sidan dei har så viktige oppgåver. Korleis er det med det guddommelege i den norske lærarstanden?

tirsdag, april 19, 2005

Eg hadde gloymt

kor varmt, og kor fuktig det er i Trincomalee i april. Og at det kjennest endaa varmare naar ein kjem fraa fem plussgrader i Noreg. Men trass varme, sjuhundreognittini e-postar og eitthundreogsju rapportar aa lesa er det kjekt aa vera tilbake, kjekt aa sjaa kollegaer att. Sathis vert usikker i blikket nar eg seier at eg har gaatt paa ski; det er ikkje heilt enkelt aa forklara kva sno og skigaaing er til ein som aldri har vore utanfor oya. Stephen er mest oppteken av om Ridder B og Bulldozer likte mango-chutneyen han sende med oss heim. Men alle seier "du ser saa frisk og utkvild ut, du maa ha hatt ein god ferie!". Og det er sant.

onsdag, april 13, 2005

Godt nytt år!

I dag er siste dagen av år 1922 etter Saka-kalenderen, og ved midnatt byrjar år 1923. Saka var konge i India, kjend for sin visdom og kunnskap om astrologi. Då Saka døydde, byrja lankesiske kongar å bruka denne kalenderen i takksemd for Saka sine gode råd. Idag er nyttår den einaste større festivalen som vert feira av både tamilar og sinhalesarar i Sri Lanka.

På Blåsenborg er feiringa idag heller symbolsk. Tradisjonelle rituale som t.d. bading i olje eller koking av risgraut over open eld er ikkje aktuelt, og det er dårleg med tempel å vitja i Hardanger. Men neste måndag er me på plass att i Trincomalee, så kven veit om ikkje det vert litt (forseinka) nyttårsfeiring likevel.

torsdag, april 07, 2005

Hadde gløymt

kor kaldt regnet er på Vestlandet i tidleg april. At det ikkje kjem i form av ei byge no og då, men at det regnar tjuefire timar i døgeret. Men hadde også gløymt kor lyst det er om kveldane, korleis krokusane kryr opp av plenen på denne tida. Kor godt det er med varme frå vedfyrt ovn når kulda har bite seg fast i heile kroppen. Kor stilt det er, og kor djupt ein søv.

torsdag, mars 31, 2005

Førtiåtte timar

Når ein er så sliten at ein kjenner seg kvalm når ein går på arbeid om morgonen, kjennest det bra å tenkja på at om førtiåtte timar sit ein på flyet på vei til Flesland, Bergen. Men det hjelper også å sjå tjue-ein ville elefantar langsetter vegen på veg heim frå jobb.

tirsdag, mars 29, 2005


Lankesisk eksosrype

Venting

Saa sit me her og ventar paa ein ny tsunami. Nytt jordskjelv utanfor Sumatra, 8,2 eller 8,5, ingen veit heilt sikkert. Tsunami-varsel har gaatt ut. Marinen varsla gjennom aa bruka sirenene sine, folk lyttar paa radio og er ute i gatene og fylgjer med paa kva som skjer. Det er ei merkeleg stemning, men relativt stille, ingen panikk. Sjoelv sit eg paa kontoret, har varsla alle tilsette og veit at dei er trygge. Sjoen er roleg, og det er ingen teikn paa at det kjem ei ny boelgje. Om ingenting skjer den neste timen kan me kanskje alle gaa heim og sova...

mandag, mars 28, 2005

Internasjonal standard

I felt for å sjekka om tsunamileirar held internasjonal standard: 136 familiar deler 5 latriner. Det er sånn omlag 1/5 av minimumsstandard (ikkje rart det luktar p...når ein stig inn i leiren). 2000 liter vatn for to dagar: omlag 1/20 av minimumsstandard.
Dette er truleg ikkje noko å visa fram når generalkommissæren kjem på besøk frå hovudstaden på laurdag. Eller kanskje er det akkurat det ein bør?

Vatn for to dagar for 136 familiar

Tsunami-krisehus

søndag, mars 27, 2005

Krabbe på taket!

Ein mann sa til meg nyss at ein skal halda auga med dyra om ein vil ha dei første varsla om naturkatastrofar. I går kveld fann me ein krabbe i hagen, som straks rømde inn i nedløpet frå takrenna. Krisj. krasj, sa det inni røyret etterkvart som krabben tok seg oppetter i retning taket. Der er han framleis. Eg skjønte raskt kvifor kattane snakka til meg med opphissa katterøyster kvar gong eg gjekk ut i hagen i går ettermiddag, det er trass alt ikkje kvar dag at ein krabbe med store klør kryp rundt i buskane våre.

Sidan det er ein trafikkert veg og mange murar mellom havet og oss, er det ikkje lett å skjøna kvifor krabben er her, eller korleis han har kome hit. Dagfinn foreslo at det er ein landkrabbe, og då eg spurde kva det er, sa han "landkrabbe nett slik som deg". Den mest spektakulære teorien er sjølvsagt at krabben flyktar frå havet fordi det er ein ny tsunami på veg. Men kanskje han berre likar seg på eit tak? Utsikten er sikkert mykje betre enn frå Bengalbukta.

fredag, mars 25, 2005

Påske???

Tidleg ein langfredagsmorgon skulle ein sitja på hytta i Viveli og smørja matpakke for turen til Sinsenkrysset, Langedalen eller Viheller. Ha sukkerbitane klare i tilfelle Reidar drosjesjåfør kjem på kaffibesøk utpå dagen. Laga rebusar og gjera klart for å gøyma påskegodtegget som alle eigentleg er for vaksne til å leita etter.

Men her sit eg. Påsken i kortversjon: 30 grader, hindufestival til ære for Kali, hartal (denne gongen sinhalesisk i protest mot sein hjelp), sveltestreik framfor klokketårnet (munken som nesten var død i går fekk besøk av ministrar frå hovudstaden og skal såleis ha gått med på å eta att), langfredag (vår hindu hushjelp har fått fri for å gå på katolsk langfredagsmesse), gresk nasjonaldag (er invitert på mottaking på SKIPET, som no avsluttar to månader som hospitalskip og set kurset mot norske fjordar med turistar), Poyadag (fullmåne, månadleg nasjonal fridag for alle uansett religion), tre-månaders markering av tsunamien (var invitert til multi-etnisk/religiøs todagars markering som starta kl.6 i dag tidleg, men valde svevnen). Elles trur folk at det kjem ein ny tsunami dag, men det trur ikkje eg - så no er det tid å tutla seg på arbeid.

God påske til alle, anten de er på fjellet, i låglandet, eller på sjøen!

søndag, mars 20, 2005

Ta toget!

Me står i morgonkø for å kjøpa billett til toget frå Trincomalee til Colombo. Sjekking av togtider dagen før gjev følgjande resultat: Toget går klokka seks, eller sju. Men om me kjem halv sju, eller seinast kvart på sju, er det bra.

Og det gjekk bra, no er sambuaren på veg til hovudstaden for sin fyrste skuledag på freds- og konfliktløyseskulen. Han har kosta på seg andreklassebillett til 15 kroner. Men ein kan og gjennomføra den ti timar lange reisa på tredje klasse for 86 rupi, vel 5 kroner.

Gode vener har sagt at togturen er ei oppleving (på godt og vondt) og at ein bør ta denne turen iallefall ein gong i løpet av opphaldet. Naturopplevinga skal vera stor. Eg sit att heime, minnest liknande turar med lokaltog i Makedonia, og er litt misunneleg.

torsdag, mars 17, 2005

Wellakari

"Wellakari, wellakari", ropar alle ungane, peikar og spring i ring rundt oss naar me vitjar tsunamileiren i Muthur. Min nykomne UNICEF-kollega trur det betyr "velkomen" og smiler breitt. Men han tek feil; wellakari betyr "bleikansikt" eller "kvit mann/kvinne". Etter ti minutter har ungane roa seg saapass ned at dei torer ta paa oss, og snart har eg to jentungar hangande i kvar hand. Naar eg seier at eg vil ta dei med meg i bilen attende til Trinco, breier panikken seg og vips! er dei borte mellom blaa telt.

onsdag, mars 16, 2005

Statistikk og statistikk

Eg les nyutgitt tsunami-statistikk frå regjeringa,og ser at talet på øydelagde og skada hus i Trincomalee, hus som ikkje kan buast i, er 4,643. Korleis kan det då ha seg at dei frivillige organisasjonane har blitt bedne om å byggja nesten 7,000 krisehus?

søndag, mars 13, 2005


Brita bak Bawas benk

Basseng og tank flyt over i einannan

Bawa og Kandalama

Om nokon har lurt på kvar me har vore dei siste dagane, er svaret Kandalama! Kandalama er ein gammal irrigasjonstank bygd for mange hundreår sidan. G. Bawa, Sri Lanka sin berømte arkitekt, teikna hotellet ved tanken. Hotellet er ein km langt og sydd inn i naturen på ein måte som gjer at ein nesten ikkje ser det før ein trakkar på steget framfor resepsjonsdisken.

Det var stille, stille. Berre lydar frå fuglar og apekattar, og så eit elefantskrik i ny og ne. Aurvedisk massasje. Tre symjebasseng, som ser ut som om dei flyt over i tanken. Båtturen på tanken måtte me slå frå oss, på grunn av alle krokodillane som var sett i det siste.

Problemet er å kom i gang etter så mykje velvære. Og i morgon er det hartal igjen!

Elefant hadde dei og..

Kandalama hotell, verd eit besøk!

torsdag, mars 10, 2005

A propos telt

Kvinnene frå møtet den 8 mars snakka også om problemet med at fleire familiar må dela telt i leirane mens dei ventar på betre bustad. Somme bur framleis under plastikk-presenning.

Like etter bølgja bad regjeringa om telt, mange telt, 50,000 telt. Då telta vel var tinga, bestemte dei seg for at det ikkje var trong for telt likevel. For seint, alle telta var på veg. Og for å få tollklarera telta som alt var komne, måtte alle organisasjonar oppgje i detalj kor mange telt kvar liten landsby treng. Dei siste fire-fem vekene har me her i Trinco venta på 1000 familietelt som ligg i tollen i Colombo. Sist veke vart dei endeleg frigjevne, men samstundes vart nye tollreglar innførde, telta vart tatt tilbake og innlemma i det nye tollsystemet. Så no må me søkja på nytt, for tredje gong, om frigjeving av telta.

tirsdag, mars 08, 2005

Kvinnedagen

Moete i byhallen i dag, med seksti kvinner fraa leirar i Trincomalee som ville fortelja korleis dei opplevde situasjonen sin. "Om eg visste korleis livet ville verta etter tsunamien, hadde eg heller lete bylgja ta meg," sa ei. "To familiar eller meir bur i eitt telt, me har ikkje lenger privatliv. Det er varmt, og me kvinner sit inne i telta heile dagen," sa ei anna. "Me vil ha hus, ikkje telt og mellombelse loysingar," var bodskapen fraa alle. Moetet vitna om mangel paa informasjon, mangel paa framgang i hjelpearbeidet, mykje frustrasjon.

I gaar moette eg ein major som var like frustrert som desse kvinnene, ogsaa han over mangel paa framgang. "Ingenting skjer, etter ti veker bur folk enno i telt." Han klaga over at ingen spoer dei det gjeld korleis dei vil organisera livet sitt etter tsunamien. Han sa seg ikkje samd i mine ymt om at regjeringa stikk kjeppar i hjula heller enn aa tilretteleggja for dei som vil hjelpa, men han saag ut som om han hadde tenkt same tanken.

Ein interessant allianse.
God 8 mars!

lørdag, mars 05, 2005

Laurdag i Trinco

Etter ein dag hartal med butikkar og kontor stengde i protest mot torsdagens byggjeprosjekt, er laurdagen veldig, veldig normal. Trafikk-kaos i byen, kakafoni av tuting fraa tusen tuk-tukar som proever aa pressa seg framom kvarandre i strevet for aa koma fyrst fram med sine fem passasjerar og fjorten plastikk-posar fraa dagens markedsvitjing. Innimellom dette eit utal av bussar som skal til Irranaikerny, Colombo eller Sinnakinniya, lastebilar som stoppar midt i gata for aa lossa ris, kokosnoetter eller arak-brennevin, damer i sari som koyrer motorsykkel og ungdom paa sykkel som truleg aldri har hoyrt at det fins reglar for korleis ein skal oppfoera seg i trafikken.

torsdag, mars 03, 2005

Here we go again

Og saa er ballet i gang att. Utgangsforbod og hartal. Denne gongen paa grunn av ulovleg bygging. Av alle ting vel eit av regjeringspartia aa starta husbygging for sinhalesarar paa leikeplassen bak stadion, eit omraade som er regulert som fellesareale og der det absolutt ikkje er meining at nokon skal byggja hus. Resultatet er demonstrasjonar, vegstenging, brenning av bilar, steinkasting. Saa no er det utgangsforbod. Gatene toemest, og det er tid aa koma seg heim fraa jobb.

mandag, februar 28, 2005

Gjetost

Heile historia om prosjektkontor og krisehusvære og telt eller ikkje telt (meir om det siste ein annan gong) har etterkvart vorte så absurd at eg heller vil skriva om norsk ost. På supermarknaden i Colombo fann me norsk "Gjetost" til sånn ca 200 kroner kiloen. Med norsk flagg. No lurer me på kvifor geitost vert heitande gjetost når han vert eksportert til utlandet. Kva meiner Studentmållaget i Bergen?

PS Me kjøpte ikkje gjetost, i protest mot både språk og pris.

søndag, februar 27, 2005

Kva ansvar følgjer med eit sett nøklar?

Eg har fått nøklar til nytt kontorbygg i Kachcheri, fem kontor. Offisiell opning har funne stad, utført av Commissioner General frå Colombo som kom fykande i helikopter saman med mykje mediafolk. Kontorbygget er den gamle tenestebustaden til Government Agent og har plass for ingeniør, jordskiftekandidat, resepsjonist, med meir. Det gjevaste kontoret har skilt der det står Project Director. Eg er redd det er mitt kontor... Og eg er full av undring over korleis saker og ting vert organisert i dette landet, - og ikkje minst kva denne utnemninga inneber.

I går var alle humanitære inviterte til "the Ship", det greske cruise/sjukehusskipet. Gildt, det er framleis som eit lite eventyr for oss å nyta luksusen på eit slikt skip (sjølv om symjebassenget er utan vatn). Endå gildare å bruka søndagen til å lesa aviser og drikka ingefærøl i hagen, utan ein einaste plan for resten av dagen!

fredag, februar 25, 2005

Nesten lankesar?

Sist veke spøkte eg med at eg ville finna meg ein fast krok i Kachcheri (distriktsadministrasjonen), sidan eg likevel var i Kachcheri nesten heile dagen, kvar dag. Spøk er farleg. I morgon kjem the Commissioner General for Essential Services med helikopter frå Colombo for å opna Trincomalee Shelter Project Office for Tsunami Victims. Og Government Agent har annonsert at eg er utnemnd til leiar for dette kontoret. Dette må nesten vera jamgodt med å vera rekna som innfødd...

Korleis mine overordna i FN ser på saka, vil visa seg.

onsdag, februar 23, 2005

Små kvite sommarfuglar

flaug over vegen då me køyrde heim frå Colombo i ettermiddag. Millionar av sommarfugler, mil etter mil, alle på veg frå nord til sør. Vakkert. Det såg ut som det første snøfallet ein klar, kald haustdag i Noreg, med store kvite snøfiller som dansar att og fram i lufta.
Christie - sjåføren - seier at buddistane trur desse sommarfuglane er på veg til Adam's Peak for å tilbe Buddha. Sidan det er Poya-dag i dag, ein av dei viktige Poya-dagane, som vert feira i tre dagar, er det kanskje slik?

Ein av mytane om Adam's Peak: Adam døydde og kom til himmelen.Men sidan han ikkje førde seg slik det høvde, måtte Gud visa han ut or Paradiset. Sidan Gud likte Adam og tykte det var for gale at han måtte reisa, avgjorde han at Adam skulle forvisast til den staden på jorda som var best nest etter himmelen. Då Adam sette foten ned i Sri Lanka, laga han eit avtrykk som står den dag i dag. Du finn det på Adam's Peak

Colombo: Sushi, biff, fish and chips, engelsk pub (men mest møte berre for å ha sagt det). Varm dusj. Godt!

søndag, februar 20, 2005

Colombo!

Etter 54 dagar i Trincomalee, med ein dag vitjing til Vavuniya (ein by det ikkje er verd aa snakka om) som einaste avbrot, reiser eg no til Colombo for tre netter paa fint hotell, hoeve til aa gaa i butikkar, til aa gaa paa restaurant. Kanskje sushi til middag i kveld? Trass i eg veit at framfor meg er to dagar med moete fraa tidleg morgon til seine kvelden, kjennest det littegrann som ferie....

fredag, februar 18, 2005

Fire timar sydenferie

Ti minutters koyring og tre politikontrollpunkt bortom Trinco by ligg eit gresk cruise-skip. I slutten av april set det kursen mot nord med turistar som vil sjaa norske fjordar. No ligg skipet ved kaien i Trincomalee og er sjukehus. Frisoersalongen er omgjort til gynekologisk undersoekingrom, i hyllene paa taxfri-butikken ligg det morfin-ampullar og diare-middel. Casinoet er fullt av humanitaer hjelp. Og i restauranten serverte dei i gaar kveld gresk tzatziki, dolmades og vin fraa Halkidiki til fire hjelpearbeidarar/monitorar som ikkje har ete stort anna enn rice and curry dei siste seks vekene. Gresk ferieparadis....

onsdag, februar 16, 2005

tirsdag, februar 15, 2005

Kachcheri

er namnet på distriktsadministrasjonshuset. Det ligg inne i Fort Fredrick, eit gammalt fort frå den tida portugisarar og seinare engelskmenn rådde her. Sjølve administrasjonshuset var heimen til Admiral Wellington, som regjerte fleire hundre år sidan. I dette huset sit eg store deler av dagen og prøver å samordna.... No har rejeringa lagt ned eit samordningsorgan, oppretta to nye, og i tillegg utpeikt eit departement til å samordna Trinco spesielt. Frå denne veka og framover skal me samordnast av politikarar som ikkje er frå Trinco, med 'støtte' frå eit kjempestort råd som truleg ikkje får noko å seia.

Men Wellington House lever på ein måte sitt eige liv, veggene her har sikkert opplevd meir spennande saker enn det dei opplever no.

søndag, februar 13, 2005

Do No Harm

Møte med regionale styresmakter, nasjonale ressurspersonar og hjelpeorganisasjonar om korleis ein kan driva hjelpearbeid utan å gjera skade. Svært interessant, og viktig - ikkje minst når det kjem inn hjelpeorganisasjonar som manglar basisinformasjon som t.d. at sinhalesarar og tamilar ikkje snakkar same språk. At det faktisk fins nasjonale og lokale styresmakter, lover og reglar, og at det å presentera planane sine til ein tilsett i lokaladministrasjonen ikkje er tilstrekkeleg til å kunna starta å byggja hus.

Sambuaren måtte prioritera andre viktige oppgåver, - tur til hovudstaden for å kjøpa kaffi og ost.

fredag, februar 11, 2005

Naturgass

I rekkja av kreative idear for å hjelpa folk som er råka av bylgja, er den om å skapa arbeidsplasser ved å spa ned kumøk, tilsetja bakteriar (er det naudsynt?) og produsera metangass som kan seljast som brensle/energi.

tirsdag, februar 08, 2005

HARTAL

Fyrste hartal i Trinco etter tsunamien (hartal=general shut down of society), organisert av Tigrane, i protest mot drapet på ein prominent tiger-leiar, ein tidlegare parlamentsmedlem,og fire andre i går kveld (sørom oss). Teikn på at situasjonen er på veg tilbake til "normalt"?

søndag, februar 06, 2005

Mother no more

How are you? What is your name? Mother, sister, no more. Tsunami, sa den vesle jenta i teltleiren i Adampodai, og smilte til meg.

Etter eitt og eit halv år i Trincomalee, har eg sett mange døme på at smilet og låtten vert brukt for å løyna sorga.



fredag, februar 04, 2005

Kvardagsjordskjelv

Sist fredag var panikken laus i Trinco; folk trudde ein ny Tsunami var på veg, og heile byen visste det i løpet av ti minutt. Eg kjende også panikken i eit augneblink: kvar er D, kvar er kollegaene mine, korleis kan eg varsla dei? Kvar gjer me av oss? Vesle Rosin, son til Steven på gjestehuset, vart send heim frå skulen av lærarane, som sa han måtte springa det han kunne for ei ny bølgje var på veg. Han var så redd at han ikkje kunne snakka, og gøymde seg i kjøkenet heile ettermiddagen. Fyrst då kollega Sara fortalde (laug) at me hadde snakka med vitskapsfolk som sa at det ikkje kom noka ny bylgje, torde han å koma ut or huset.

Ryktet var faktisk skapt av eit jordskjelv utanfor Nicobar Island i Bengalbukta, men denne gongen berre 5.6 på skalaen. No sjekkar me kvar dag web-sida som melder jordskjelv. Visste de at i siste veke var det sånn ca 15-20 jordskjelv i dette området kvart døgn, alle mellom 5.0 og 5.6 på skalaen? Dei siste to dagane har det roa seg ned, og eg søv betre om nettene....

torsdag, februar 03, 2005

Papaya og husbygging

I dag har me ete heimeavla papayafrukt! Trea våre har vakse seg kjempehøge i løpet av litt meir enn eitt år,og er ei utfordring å hausta...

Eg trekte meg som leiar i lokal-regjeringa sin shelter-komite i dag tidleg, på grunn av manglande oppfølgjing frå lokale styremakter. Men det gjekk ikkje, og no lovar dei - om ikkje gull og grøne palmar - så iallefall at eg skal få den informasjonen eg treng for å gjera jobben, nokon til å hjelpa med papirarbeid, og velvilje! I går brukte eg dagen til å jakta dokument eg trong, som eg visste fanst, men som var forsvunne. Det viktigaste verkar vera å arkivera dokument, ikkje at folk skal få lesa dei. Etterpå klarte me å verta samde om viktige planar for husbygging for Tsunami-offera, og no byrjar eg faktisk å tru at det vil verta nye hus, til sist!

onsdag, februar 02, 2005

Gullkysten og dei fattige grannane

Millionane strøymer inn for å hjelpa folk i landsby x på stranda, mens folk i landsby y rett oppi vegen ikkje får hjelp i det heile, trass i at dei også har mista alt og vore fordrivne i mange år. For det er skilnad på folk: er du t.d. Tsunami-fordriven får du 1500 rupi i månaden til mat, er du konflikt-fordriven må du klara deg med 335 rupi.

tirsdag, februar 01, 2005

Ekteskap

kan vera kjærleiksekteskap eller arrangerte ekteskap. På desse kantar er det siste langt vanlegare enn det fyrste. Foreldra vel ein brukande kandidat, horoskopa vert samanlikna, og ti kriteria vert vurderte. Om det er 60% klaff eller meir, OK. Mindre enn 60%, gløym det!

Mens eg trur at eg og sambuaren ville ha 100% klaff om me sjekka horoskopa våre, meiner han det ville vera 0%. Etter meir enn 30 års sambuarskap (!), vel eg å tolka dette som uttrykk for mistru til astrologi/horoskop heller enn mangel på tru på forholdet...

Brureparet

lørdag, januar 29, 2005

Samordning

er framleis ikkje greitt. Når regjeringa hoppar bukk over samordningsorgan dei sjølv har etablert, og det eine nivået ikkje veit kva det andre vedtek og gjer (og omvendt), kjem tilogmed røynsla frå Ullensvang herad til kort. Eg vil heller skriva om noko anna: Babyskilpadda har forsvunne, ho har truleg rømt ut i naturen der ho høyrer heime, og det er kanskje like greitt! Dertil: eg har kjøpt min fyrste sari som er blå med gull og raudt, eg har vore til skreddaren for å få sydd sariblusen, og på måndag skal han brukast!

torsdag, januar 27, 2005

Strategi, påfuglar og skilpadder

Eg har vore i Vavuniya på møte for å drøfta vidare arbeid og strategi. Mellom andre kollegaer møtte eg S. , kollega som den siste månaden har leia arbeidet vårt i Ampara. I Ampara er umåteleg mange døde, mange er sakna, og mange hus knust (eg har ikkje statistikken i hovudet og no er eg heime i stova). S. skil seg frå oss andre ved at han sjølv er frå området der han arbeider. 2,000 menneske døydde i bygda han kjem frå. Han kjenner alle han skal hjelpa. Eg tenkjer at eg er heldig som framleis har ei form for avstand frå tragedien, og at eg kan gå heim og leva (nesten) normalt nokre timar kvar kveld.

På vei heim frå Vavuniya i føremiddag såg eg påfuglspel. Det har eg berre sett på fjernsyn før. Det var flott.

Dessmeir fann me ei bittelita babyskilpadde på vegen. No har ho flytta inn Channel Lane 23, til stor interesse for fem kattar før ho rømde inn i blomejungelen ved terrassen.

tirsdag, januar 25, 2005

Thaipusam

I kveld har Jeyakanth (vakten vår, som nesten er som del av familien etter alt som har hendt) feira Thaipusam. Han og fiskarane i Back Bay har tilbede sjøen, som dei plar gjera kvart år. I år er denne markeringa litt spesiell, seier Jeyakanth. Ingen av fiskarane eller familiane deira i Back Bay mista livet under tsunamien, og han trur dette er fordi dei kvart år passar på å markera Thaipusam. Og såleis kjennest heller ikkje sjøen som farleg for fiskarane i Back Bay, trass i det som har hendt.

mandag, januar 24, 2005

Samordning

e'kje greitt. Best som ein har fått nokre organisajonar til å verta samde om kvar dei skal konsentrera husbyggjearbeidet sitt, landar det ein ny organisasjon som vil byggja i same område. Når den siste samstundes får velsigning frå lokale styresmakter, som før har gitt same velsigninga til ein eller to andre organisasjonar, blir det problem. Og så sit det ein stakkars harding midt imellom og prøver å samordna, med røynsle frå byråkratiet i Ullensvang herad, og som i sitt einfald trur at styresmakter har ei slags orden på ting. Ikkje her so, iallefall er det avogtil vanskeleg å sjå ordenen. Men det er berre å bretta opp skjortearmane, sputta i nevane og hiva seg innatt i kaoset i morgon. Hus skal bli, til sist!

søndag, januar 23, 2005

Blackie, Lynx, Lemmus, Gråpus og Brunost

Ein heilt normal dag, som starta med Friele Frukost kaffi og sveitsarost. Restane etter ferie i Noreg. Nam nam.

Tid til å betrakta kattane våre, som har innteke familien utan plan (frå vår side). Plutseleg var dei berre her. Blackie er mor, Lynx og Lemmus er jenteungane hennar, og dei to minste er førebels Gråpus og "den gule" (eller "Brunost"). Lemmus er den moderlege, som passar småkattane og kosar med dei når mor ikkje har tid. Lynx har aldri tid til slikt, men lærer derimot kjetlingane opp i ugagn, som t.d. akkurat no når ho ligg ved sida mi og riv sund søndagsavisene mens Gråpus ser beundrande på (og sikkert kjem til å gjera likeins neste søndag). Om tre veker er Gråpus og Brunost store nok til å skiljast frå mor (og systrene). Men kva gjer me om ingen vil ha dei? Det er det store spørsmålet...

lørdag, januar 22, 2005

Regn , regn over tsunamileirane i Trinco

Har vitja stadig fleire leirar. Og sett stadig fleire område der bylgja har slått. Men det er rart, ein stad er alt øydelagd, like nedom kan ein finna stader der nesten ingenting er skada. Det må vera sjøbotnen utanfor som har ført til så ulike fylgjer.

Mange bur under plastikkpresenning (sjå bilete nedom) og dei siste dagane har det hølja ned natt og dag. Nokre har fått nok, og flytter til vener og kjende for ei stund (og geitene flytter inn under presenningen). Andre fortel ope at dei søv heime om natta, og held seg i leiren om dagen, slik at dei kan få sin del om nokon kjem for å dela ut hjelp. Men mange, mange har ingen stad å gjera av seg, husa er knuste, båten og levebrødet er borte. Og alle er fattige uansett kva Tsunamien gjorde med dei, så til sist kjem nok hjelpa til nytte anten det er slik eller slik....

fredag, januar 21, 2005

Det som skjer, skjer

Er de redde for å flytta attende, spurde eg i leiren i Jaya Nagar. Det som skjer, det skjer, sa mannen og nikka hovudet på lankesisk vis. Landsbybuarane her bur i telt og under plastpresenningar, ikkje langt frå stranda der bølgjene slår og lagar mykje lyd. Eg ville tru lyden var skræmande etter det dei har opplevd. 18 døydde, og murhus er knuste til småbitar.

Langs vegen sør mot Trinco ligg den eine leiren etter den andre. Dei fleste bur i telt, ein del under presenning. Striregn dei siste tre dagane har jaga mange inn til mellombels opphald hos slektningar og vener. Men ingen klagar. Dei har fått mat og vatn, "tak" over hovudet, det mest naudsynte av ting dei treng for å klara seg, helsetenestene fungerer.

Kystveien inne i bysentrum er også vorten internflyktningleir.Langs fortauskanten og på kvar ein liten open plass langs gata ligg det eine teltet etter det andre. Her bur fiskarane som før budde på stranda i Back Bay. Det er uvisst om dei kan flytta attende, eit framlegg til nye forskrifter forbyr gjenoppbygging i ei sone på 200 eller 300 meter langs kysten. Ikkje lett å få forståelse for mellom fiskarane som tradisjonelt bur i havkanten.

Jaya Nagar Tsunami-leir

Tsunami-leir, Kuchchaveli

torsdag, januar 20, 2005

Kvar er folk?

I morgon har eg lovt meg sjoelv at eg skal ut or kontoret! Saa mange moete, saa mykje papir, prosjektframlegg, tidsfristar - folk me arbeider for aa hjelpa vert statistikk og tal. Det er paa tide aa kasta seg ut i royndomen att. I morgon vil eg til Veloor, Kumpurupiddy, Gopalapuram, Valaiyoothu eller Veerancholai, for aa snakka med dei som har mista heimane sine, for aa faa eit betre inntrykk av situasjonen.

onsdag, januar 19, 2005

Vandrehistoriar

Om nokon trudde på soga om havfrua i Chennai, må eg skuffa dei. Denne soga har vore sirkulert dei siste åra, og seiest å vera om ei havfrue som vart funnen på Filippinane. Men skal ein tru informasjon frå nettet, fins ikkje havfruer. Derimot har det vore vanleg i hundreår at folk har laga ein slags dokker av apekattar og fisk, for å visa fram til folk. Denne havfrua er truleg ei slik ei.

Elles kjem ulukker sjeldan aleine: onkelen til vakten vår kolta på sykkel for tre dagar sidan. Han er ein av fiskarane som budde langs stranda her i byen. Idag døydde han på sjukehuset av skadane. Att sit enkja med fem born frå 14 år og ned.

tirsdag, januar 18, 2005


Her er ho (han)! Litt skrukkete..

Havfruer

Den som har sett den lille havfrue i København, veit at havfruer er vakre og feminine. Ikkje slik i det indiske hav. Ifølgje media har tsunamien kasta på land ei havfrue i India. Denne "havfrua" har hovud som ein gammal mann, grått hår, stor munn og mange tenner, antydning til bart og skjegg, armar. Resten er fisk. Eg har sett bilete av frua (oldingen) som no, ifølgje soga, er tatt vare på i eit museum i Chennai.Eg hadde tenkt å visa bilete av fenomenet, men av tekniske grunnar gjekk ikkje det. Kanskje i morgon?

Elles meldest det både frå Thailand og Sri Lanka om Tsunami-spøkje. T.d. om leik og lått frå turistar på stranda, men når folk ser etter, er stranda tom! Eller drosjar som tek opp turistar som skal til flyplassen, men når sjåføren snur seg for å snakka til passasjerane, er det ingen der.....

mandag, januar 17, 2005

Dagen i dag

Møte med ny FN-sikkerheitsoffiser, briefing av innkomande frivillig organisasjon, intervju med tsjekkisk fjernsyn, møte med FN-logistikar, møte om distribuering i byen, møte i regjeringa sin Task Force, koordineringsmøte med internasjonale organisasjonar (hjelp, dei vert fleire dag for dag), skriving av dagsrapport, køyra folk heim som ikkje har bil, få kjeft fordi ein har skrive noko feil i dagsrapporten, trøysta folk som er utslitne, diskutera lagerproblem med sambuaren. Takk for i dag og god natt!

søndag, januar 16, 2005

Do not trust a Greek carrying a gift

Me har omskrive dette fyndordet til "Do not trust an American carrying a rub hall". I dag har me venta 9 timar paa flyplaasen paa eit amerikansk fly som skulle koma med ein rubhall til oss (nytt lager). Hallen kom til sist, og han er raud. Det er alt eg har aa seia. No vil eg heim og kvila.

lørdag, januar 15, 2005

Pause

Etter snart tre veker post-Tsunami er det godt med ein dag heilt aleina paa kontoret. Alle har fri, med melding om at det er forbode aa koma paa jobb idag. Me har gaatt tom for hjelp, ventar forsyningar fraa Colombo, og eit fly med tre rub-hallar i morgon. Det vert nok aa gjera for alle seinare.

I dag har eg hatt vitjing av skjell-seljaren fraa hotellet i Nilaveli. Han har fire ungar som gaar paa universitet/hoegskular (svaert uvanleg i denne delen av landet), noko han er enormt stolt over. No har han mista baade hus og levebroed, og veit ikkje korleis han skal klara aa halda ungane paa skule. Eg har lova aa ta opp saka med regjeringa sin representant her; kanskje ei form for stipend for Tsunami-raaka studentar kunne vera mogeleg.

Dei faa skjella han klarte aa berga fraa bylgja ligg no framfor meg paa kontorpulten. Eg er nok den fyrste kunden hans dette aaret, og den siste for lang tid.

fredag, januar 14, 2005

Ladies' Items

Me har ein omfattande utveksling av e-postar om underklede; det er snakk om aa "feminisera" pakken med ting og tang som vert delt ut til Tsunami-offera. "Alle" spoer etter "ladies' items", som me reknar med betyr menstruasjonsbind. Elles diskuterer me om hjelpepakken boer innehalda dameunderbukser, eller ogsaa underskjoert for sarien, og kva med bh? Slike saker er vanlegvis ikkje prioriterte og ikkje del av standard-hjelpepakkane (som inneheld presenning, kokekar, myggnett, vasskrukke, tallerkar, kniv, saape, sarong, sovematter, og faktisk menstruasjonsbind men det har me gaatt tomt for...).



onsdag, januar 12, 2005

Mitt favoritt-tema elefantar

Eg har sett bilete av elefantar som hjelper i oppryddinga i Thailand, og i gaar hoyrde eg om ein elefant som redda livet til eit barn som leika i vatnet. Elefant-hjelpearbeidar, eg likar tanken!

I Trincomalee er det berre ville elefantar, og ingen av dei har saa langt meldt seg som frivillege i hjelpearbeidet. Men eg er overtydd om at dei har samlast, utan at me veit det, og bestemt seg for fylgjande - i solidaritet med tsunami-offera:
- ikkje lenger springa raskt gjennom markene naer landsbyar og skraema folk
- ikkje lenger trakka paa skoyre palmebladhytter
- ikkje lenger oydeleggja risavlingane til folk

tirsdag, januar 11, 2005

Suttekoppar og teddybjoernar

Det er mange rare dyr i Arken, for aa sitera ein gammal bekjend. Og det er somme hjelpeorganisajonar som er noko underlege. Ein moette me her om dagen, dei ville selja souvenirar til hjelpearbeidarar i Trinco til minne om tsunamien i Sri Lanka, og dessutan ville dei dela ut suttekoppar til ungar (slike med lok med hol). Ikkje har eg skjoent at det er eit brennande behov for slike koppar mellom ungane her, men ein veit aldri. Ein annan organisajon vil ha hjelp til aa samla inn teddybjoernar og dela ut til ungar for aa faa dei til aa smila. Ein edel tanke, men kanskje ikkje heller fyrsteprioritet.

Me andre putlar med planar om aa byggja nye hus til ungane. Modellar av mellombels loysingar for dei som er raaka er betre enn dei husa mange budde i foer tsunamien. Saa kanskje foerer denne bylgja til noko godt; folk som levde i elendigheit vil endeleg faa hjelp til aa bu i eit skikkeleg hus.

mandag, januar 10, 2005

Skulane startar

i dag, og mange Tsunami-flyktningar må finna seg ny plass å bu etter å ha budd i skular dei siste 15 dagane. Vanleg pensum-undervisning startar andre veke, den første veka er det bøn, og leik. Dette er lankesarane sin måte å bearbeida treumatiske opplevingar.

Helsestyremaktene seier dei har kontroll over helsesituasjonen i Trinco, på Task Force-møte idag kom det fram at dei er takknemlege for hjelp frå utanlandske medisinke organisasjonar men ber om at alle som vil hjelpa samordnar med dei. To tilfelle av overdoseforgiftning er kjende; folk går først til den lokale legen, deretter til den utanlandske, og så et dei medisinen dei får frå begge legane.

Eg har blitt utpeikt som leiar for regjeringa sin "shelter"-komite i Trincomalee. Det skal bli utfordrande og spennande.

D reiser rundt i Kuchchaveli nord og leverer ut naudhjelp. Han er dårleg betalt: to små sjokoladar er alt han har fått dei siste fire dagane.Men han får mykje godvilje frå kono, når ho ikkje er for trøytt...

søndag, januar 09, 2005

Hotell langs kysten

Etter lunsj i dag vitja me strendene nord for Trinco. French Garden var borte, alt var knust, men dei har alt starta å byggja nytt. Club Oceanic er delvis øydelagd, men har fiksa mykje og hadde alt mange gjester (hjelpearbeidarar).

Strandhotellet i Nilaveli var eit sjokk. Alle bungalowane på stranda er heilt borte, bassenget fylt med sand og skrot. Me snakka med hotellsjefen som sa "Tsunami, what to do, no?" Han rekna med å vera i gang att om fire månader. Ein av dei andre tilsette fortalde at det var 300 gjester og tilsette i hotellet då bylgja kom, mange barn. Dei tilsette klarde å få nesten alle ut av området, før dei sprang sjølv. Åtte turistar døydde, og resepsjonisten. Då me vitja i dag, sorterte personalet personlege eignedeler som låg att; pass, medisin, sololje, bøker.

Det var skræmande å sjå kva krefter som har vore i sving.

Hotellet sett fraa strandbaren.

lørdag, januar 08, 2005

fredag, januar 07, 2005

torsdag, januar 06, 2005

Ransel og sjokolade

Idag fekk ungane som bur paa skulen i Main Street (men som eigentleg bur paa stranda i Back Bay der alle husa er borte) skriveboeker, ranslar og sjokolade fraa den israelske organisajonen som er her. Eg saag ikkje ungane idag, men kollegaene mine som var med paa utdelinga, og israelarane, gaar rundt og ser lukkelege ut. Det var visst stor stas. I ettermiddag er dei i Nilaveli, m.a. i Veloor (sjaa nedom). Min frivillige husbond har vore i Kuchchaveli nord, er skrekkeleg effektiv og faar gjort mykje!

I natt sov eg minst 6 timar, for fyrste gong paa ei tid. Det var godt.

onsdag, januar 05, 2005

Kofi

kjem på vitjing på laurdag. Det er bra, fordi vitjinga set fokus på situasjonen i Trincomalee, ikkje så bra fordi det tek mykje tid som kunne brukast til å hjelpa folk. Men eg trur at hovudsida er bra, for å bruka eit kjend uttrykk frå syttitalet. Kofi veit det ikkje enno, men han skal få sjå situasjonen i Kinniya. Til dømes sjukehuset som de kan sjå litt lenger ned på denne sida. Og kanskje internflyktningleiren i Faizal Nagar, der folk i mange år har vore fordrivne frå bygda si lenger sør, var fordrivne igjen i fjor på grunn av ny etnisk konflikt, og atter ein gong vart fordrivne på grunn av tsunamien.

tirsdag, januar 04, 2005

Veloor

Veloor landsby i Kuchchaveli: meir eller mindre viska av kartet sist sundag. 400 familiar, nokre og sytti personar doydde, av dei 40 ungar. 130 familiar bur no i telt paa ei hoegd ovanfor landsbyen. Me er i Kuchchaveli kvar dag og deler ut presenning, sovematter og handklede. Me har med oss frivillige fraa Raude Krossen i Trincomalee, kollegaer fraa UNDP, vakten vaar og nokre av venene hans. Det er hardt arbeid. Kollegaene mine er troytte, og eg er redd for aa slita dei ut. Ein maatte sendast heim i dag med feber og hovudverk. Me har bedd om meir personale, men foerebels veit eg ingenting. Men idag er sambuaren paa plass, og fraa i morgon blir han ogsaa sendt i felt som frivillig. Me treng alle gode krefter for aa faa dette til aa gaa rundt.

mandag, januar 03, 2005


Meir sjukehus

Sjukehuset i Kinniya

Sjukehuset i Kinniya

Idag: vitjing til Kinniya, like sør for Trincomalee by. Ein hjelpeorganisasjon frå Israel kjem inn med hjelp på onsdag og me ser kvar det kan vera aktuelt å senda hjelpa.

Sjukehuset i Kinniya hadde 100 senger og er no knust. Ca 50 pasientar og personale omkom. No arbeider helsepersonalet i eit mellombels sjukehus i det lokale biblioteket, med seks senger. I går hadde dei 1,000 pasientar. Dei fleste pasientane har psykiske problem, men diare i leirane ser ut til å vera eit aukande problem..

Men no kjem hjelpa inn. I Kinniya er det fleire organisasjonar som arbeider med helseproblema, og samordning med helsestyresmaktene er i gang.



lørdag, januar 01, 2005

Godt nyttår

til alle. Me hadde faktisk ei form for nyttårsfeiring i går kveld, folk frå ICRC, USAID, UNICEF, UNHCR, GTZ, VSO, og to flasker champagne. Men det var mykje snakk om bølgjer,ikkje så mykje om nyttårslovnader og slikt. Det vert elles mykje jobbing, idag 13 timar før eg kom meg heim. Men ein får mykje energi når det trengs.

Eg snakka med Anandi, hushjelpen vår, i dag. Huset hennar vart fylt av vatn (mellom 1 og 1,5 meter) og alt er øydelagt.Men alle lever.

Ein partnerorganisajon seier at sjølvmord meir og meir blir eit problem; folk er treumatiserte og det er lite hjelp.I heile aust-provinsen skal det vera to personar som har psykiatrisk utdanning/bakgrunn.

Men me byrjar å få inn hjelp! I dag fekk me inn tre lastebilar med presenning og sovematter. Ein israelsk organisasjon har gitt oss ei stor mengde med NFRIs (Non-Food-Relief-Items i UNHCRsk språkdrakt) inkludert medisin, som me planlegg å gje til sjukehuset i Kinniya. Sjukehuset ligg på stranda, er kraftig øydelagt og 60 pasientar og personale blei feia på sjøen. Norsk Røde Kors kjem her måndag og skal visstnok setja opp eit feltsjukehus i Eachchilampattu (sør i Trinco). Flyktningrådet kjem på tysdag for å sjå på bustadsituasjonen for dei som er råka.

For dei som har vore her: Nilaveli hotel (vårt pustehol på søndagar, med den finaste stranda i heile Sri Lanka) skal vera heilt øydelagt. French Garden, kjend frå Lonely Planet, mange hjelpearbeidarar sin andre heim i Trinco, er jevna med jorda. Men bestefar og bestefar Pragash, Raj som driv gjestehuset og heile familien hans overlevde.

Tsunami

Kvar skal eg byrja? Trincomalee har 925 doede som fylgje av boelgja som slo inn over distriktet sundag morgon, relativt lite samanlikna med omraada lenger soer. 327 er sakna, og 93,400 er heimlause. Ein av dei er Jeyakanth, vakten min. Familien hans har budd i hagen min sidan boelgja feia over stranda der dei bur, knuste huset og alt dei eigde til pinneved. Baaten, som er grunnlaget for levebroedet til faren, er ogsaa knust. Men dei er i live.

I dag reiser me til Kinniya, den verst raaka divisjonen i Trinco. Her er meir enn 400 doede. Ein av vaare intern-flyktningleirar laag paa stranda, me veit ikkje kva som har skjedd med innbyggjarane. Sjukehuset laag ogsaa paa stranda, det er heilt oydelagt, og mange av pasientane vart feia paa havet.

Situasjonen er ganske kaotisk, og samordninga haltar. Men i gaar vart det etablert ein "task force" i Trincomalee med medlemmer fraa tigrane, regjeringa, sikkerheitsstyrkane, og internasjonale organisajonar. Eg vonar den blir eit effektiv reiskap for aa hjelpa folk, og ikkje endar opp som eit supperaad.

Elles er mediafokus paa Galle, og byane i soer. Dei har ogsaa lidd mykje, men samfunna der etter mi vurdering mykje sterkare enn samfunna i aust og vil raskare klara aa koma seg paa fote att. Her er dei aller svakaste raaka, svaert mange av laagkaste eller folk som har vore internflyktningar i lang tid. Eg er redd for at hjelpa som kjem inn vert prioritert til omraada i soer. I Trincomalee er det ingen journalistar fraa Europa eller USA, eller fraa nasjonale TV-stasjonar i Colombo. Det er lettare aa ta ein bil til Galle, reisa attende om ettermiddagen og nyta solnedgangen fraa terassen paa eit av hotella i hovudstaden.

Meir seinare.