fredag, september 30, 2005

Twist for ein lankesisk soldat

I dag stod det ein soldat utanfor porten til kontoret. Sidan me av prinsipp ikkje likar våpen, og ikkje vil vernast med slike, gjekk eg og snakka til han.
- Kunne du kanskje tenkja deg å flytta til naboporten, du skjønar - av prinsipp osb, men ta det ikkje personleg.
- Jaha? Vel, det er vel greitt.
- Og viss det skulle vera noko spørsmål frå sjefen din om kvifor du flytter over til naboporten, sei han skal ta kontakt med meg.
- Jaha? Ja, det er vel greitt.

Ein halvtime går, så kjem sjefen. Eg må ut på gata, folk med våpen slepp ikkje innom porten. Prinsipp..
-Jaha, og det var eit problem med grøfta bak plassen der soldaten står?
- Nei, slett ikkje, men av prinsipp osb.
- Jaha? Vel, det er vel greitt.

Etter ein time er det high tea. Sidan ein koffert frå Norge alltid inneheld norsk sjokolade for arbeidskameratar, er det utdeling av Twist til teen. Og for å markera at det ikkje er personleg, går eg utanfor porten for å gje Twist til den lankesiske soldaten også. Men han er vekk.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Du må hugsa på å verna om dine favorittar!

Om alt går etter planen skal det vera mogleg å titta på bilete om du trykkjer på linken under.

Anonym sa...

Linke OVER, vart det visst. Eller I.
Trykk på Riddar B!

brita sa...

Eg visste at de hadde blondegardiner men ikkje at de hadde fått prismeljosekrune! Men bileta var fine. Eg trur du må ha eit eller anna talent for slikt. Vil ha meir..

Anonym sa...

Talent og talent, eg har berre klikka laus med makroen, stort sett. Og det av Jomfru Maria er visst litt skeivt, ser eg no.
Men det kjem nok fleire!