søndag, oktober 02, 2005

Proctor

Proctor Ismail er grannen vår. Proctor er eit spesielt menneske. Han er advokat, den eldste i byen, ferdig utdanna jurist i 1945! Han er ein humanitær aktivist og arbeider for ein frivillig organisasjon. Då tamilar i nabolaget fekk brent ned husa sine, opna Ismail huset sitt og delte med seg det han hadde. Han samlar folk frå dei ulike etniske samfunna i moskeen for å snakka om samhald.

Kvar morgon går Proctor tur på stranda for å sjå på soloppgangen. Deretter går han i retten, der han er om føremiddagen, seinare arbeider han med å ta mot klientar til 7-8 on kvelden. Seks dagar i veka, eller sju. Typisk nok var han hos ein klient nær stranda då tsunamien kom, og måtte springa for livet for å koma seg bort. Kontoret hans er som eit museum, fylt av lukten av gammalt, gulnande papir. Proctor sjølv er og som eit museumstykke der han sit mellom kontoristane sine og dikterer mens dei skriv på maskin. Med blåkopi. Innimellom kjem ein kontorist inn og går bort til skapet i hjørna. Der ligg alle sakene arkivert, tilsynelatande i ein stor haug utan system. Men berre tilsynelatande: elegant dreg kontoristen fingeren nedover langs ryggen på alle mappene, og fiskar ut den eine han leitar etter.

Eg har stor respekt for Ismail, han er eit heilstøypt menneske som brukar livet sitt for å tena folket han lever mellom. I dag ser eg på nettet at andre også har syn for Proctor sine kvalitetar.

Ingen kommentarer: