torsdag, oktober 20, 2005

Tjueni nye hus

Etter tsunamien lovde presidenten at folk skulle vera i nye hus etter tre månader. Etter ei stund modererte ho dette til seks månader. No er tjueni permanente hus ferdigstilte her i Trincomalee, av dei ca 6,500 som skal byggjast. At folk kvir seg for å flytta inn i dei nye husa er ei anna sak. Ikkje så rart sidan styresmaktene ikkje har klart å planleggja vatntilførsel som skal vera ferdig samstundes med husa.

Men kanskje det er like godt at så få hus er bygde? På søndag kom meldinga om at forbodet mot flytta tilbake til områda som ligg inntil 200 meter frå havet, er endra. No er det 50 meter som gjeld. I dag kom dei fyrste meldingane om at folk tek (dei mellombelse) husa sine på ryggen og flytter heim til strandsona. Det hadde vore vanskelegare å flytta permanente hus.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har nett høyrt intervju med deg på radioen, det var bra!

Litt rart med bølgjeskvulp og bakgrunnsstøy, sånn med tanke på at intervjuet vart gjort i Bergen, men likevel.

Anonym sa...

Ja, det var eit kjekt intervju! Du snakka nett likt som Ingrid Espelid Hovig. I byrjinga jaffal.

brita sa...

Har de ikkje høyrt bølgjene bak godstolen til Grete?

Elles reknar eg med at tilvisinga til Ingrid EH er eit komplement. Men sjølvsagt er me i slekt langt der ute (iallefall har me felles slekt og de veit at i Sørfjorden reknar me minst med både seksmenningar og sjumenningar) så det skulle berre mangla at me ikkje snakkar likt....