søndag, februar 26, 2006

onsdag, februar 22, 2006

Neste steg

skulle eg ha teke i gaar, men eg trakkar framleis paa lankesisk jord og ikkje afrikansk. Men no vert det alvor: neste tysdag sit me paa flyet til Nairobi. Eg har snakka med ein sudanesisk kollega som var i Kapoeta for to maanader sidan, og gradvis laerer eg meir om min nye heimstad. Eg veit at Kapotea er Dinka-land, det betyr at det berre er ein stamme der og dermed ikkje stammekonfliktar. Eg har elles faatt vita at fredsavtalen ikkje berre foerer til at folk vender heim, men ogsaa at ville dyr kjem attende, og formeirer seg. I motsetnad til ville dyr i safariland, som er vane med turistar og bilar, har dei sudanesiske loevene lite skjoensemd for folk som renner rundt i deira omraade. Raadet eg har faatt av mine sudanesiske kollegaer er difor aa passa meg, og spesielt for DET KVITE NASHORNET. Tida vil visa om dette er skjemt eller harde realitetar....Elles har eg faatt vita at eg skal bu i afrikansk luksus naar eg kjem til Kapoeta, telt til 60 dollar natta. Tru det den som vil. Kjedeleg vert det iallefall ikkje.

Spananade er det i Sri Lanka ogsaa. Partane snakkast i Geneve idag, og her spoer folk seg om det vert krig i morgon eller ikkje.

mandag, februar 13, 2006

Elefantar - igjen

Eg tillet meg alltid aa verta entusiastisk over elefantar. I gaar var det Poya-dag, fullmaane, og Perehera i Colombo. Mange har hoyrt om Kandy Pereheraen i august, men ikkje saa mange veit at Colombo har sin eigen Perehera i februar. Colombo Nawam Maha Perahera er eit stort opptog av elefantar og underhaldningsgrupper som dansar og trommar seg gjennom gatene. I gaarkveld var det 102 elefantar med i toget, kledde i gull og glitter, somme i vakre patchwork-frakkar (me tykte dei saag ut som om dei kunne vera laga av Gerd Aase!). Mange elefantar var tuskarar, med store stoyttenner, nokre hadde stoyttann-futteral laga av soelv eller kopar. Og mange elefantar dansa i takt med trommene! Det er vanlegvis litt trist aa sjaa elefantar i lekkjer, eg likar best aa sjaa ville elefantar. Men Pereheraen i gaar var stor!

søndag, februar 05, 2006

Snarveien

Me har flytta til Crescat Residencies; sambuaren meiner namnet kjem av crosscut, eller snarvei paa godt norsk. Her har me utsikt over kremen av Colombo sentrum; det gamle kolonihotellet Galle Face ligg like framfor stovevindauga vaart, bak hotellet ser me det indiske hav, og i gaar sat me i sofaen og saag like ned paa presidenten som held tale paa Independence Day.

Lankesisk 17 mai er ikkje som norsk 17 mai; dagen var ein maktdemonstrasjon med utstilling av heile krigsapparatet. Jagarfly og helikopter suste rundt stovevindauga vaart, paa gata larma tanks og artilleri fram, mens offiserar i koloniale uniformar med raudt, kvitt, gull og glitter helste dei hoege herrar paa tribuna. Tilogmed skuleungane som var utsendt for aa gjera stas paa dagen maatte marsjera - noko dei heldigvis ikkje klarte heilt som tenkt. Det var mange, mange bein og armar i utakt. Heldigvis.

onsdag, februar 01, 2006

Men vender folk heim?

Nei.

Nesten seks tusen nye familiar er no fordrivne etter dei siste vekene med vald. Dei fleste ser ut til aa tenkja 'best aa venta og sjaa' foer dei bestemmer seg for aa stola paa at fredsprosessen vil koma i gang att. Erik sin suksess fraa sist veke glitrar ikkje saa sterkt lenger, iallefall ikkje ute paa bygdene i tamilske omraade i aust og nord.

I mellomtida vansmektar underskrivne og sambuar paa hotel. Hilton er bra men ikkje som langvarig heim. Me er lei av at room service bankar paa soveromsdoera vaar tre gonger om dagen og spoer om alt er bra. Saa no jaktar me hus, som ikkje er lett naar me ikkje veit om me er her for to veker eller fire.