søndag, februar 05, 2006

Snarveien

Me har flytta til Crescat Residencies; sambuaren meiner namnet kjem av crosscut, eller snarvei paa godt norsk. Her har me utsikt over kremen av Colombo sentrum; det gamle kolonihotellet Galle Face ligg like framfor stovevindauga vaart, bak hotellet ser me det indiske hav, og i gaar sat me i sofaen og saag like ned paa presidenten som held tale paa Independence Day.

Lankesisk 17 mai er ikkje som norsk 17 mai; dagen var ein maktdemonstrasjon med utstilling av heile krigsapparatet. Jagarfly og helikopter suste rundt stovevindauga vaart, paa gata larma tanks og artilleri fram, mens offiserar i koloniale uniformar med raudt, kvitt, gull og glitter helste dei hoege herrar paa tribuna. Tilogmed skuleungane som var utsendt for aa gjera stas paa dagen maatte marsjera - noko dei heldigvis ikkje klarte heilt som tenkt. Det var mange, mange bein og armar i utakt. Heldigvis.

Ingen kommentarer: