torsdag, oktober 26, 2006

Landet bortom papayatreet

Det er kanskje paa tide aa sjaa utover papayatretoppen paa verandaen min, og der er det ikkje saa idyllisk. Dei siste to vekene har 38 menneske, 41 seier nokre, blitt drepne paa veiene vest i staten vaar, og naer Juba.

Samstundes har fredsforhandlingane med Herrens Fridomshaer gaatt i staa, utan at det noedvendigvis har alt aa gjera med aataka paa bilar langsetter vegane. Tilbakevendinga fraa Uganda har mellombels stoppa opp, og alle bur seg paa strengare sikkerheitstiltak. T.d. maa me no ha to eskortebilar og minimum 12 soldatar med oss om me skal reisa rundt i Magwi, der eg var for nokre veker sidan.

I Kapoeta er det heldigvis rolegare, og me putlar framleis paa med repatriering fraa Kenya. I gaar tok me imot 30 flyktningar som skal vidare til Chukudum og Torit. Dei har med seg utruleg mykje; boelgeblikkplater, store og smaa plastiktunner, madrasser og bord. Det er kaotisk naar me proever aa stua ting og tang inn i bilane utan aa ta plassen fraa folk sjoelve; eg tenkjer heile tida DETTE GAAR IKKJE - men tilsist gaar det alltid!

mandag, oktober 23, 2006

Nytt kjæledyr

Min kollega i nabotukulen har katt, men etter treumatisk avskjed med kattane våre i Sri Lanka bestemte eg meg for aldri meir å skaffa meg katt så lenge eg er på flyttefot. No har eg likevel fått meg eit nytt 'kjæledyr'. Her er det:


Insektet har flytta inn i toppen av papayaplanta eg har på verandaen min. Her har det halde hus alt i fleire veker. Eg trudde ei stund det var ein del av bladverket. Insektet er reinsleg, enkelt å halda, og interessant å sjå på. På laurdag fanga det eit stort insekt (biletet nedom er frå festmåltidet) og no har det ein kjempekul på halen, som tydelegvis er ikkje berre hale men også mage. Eg reknar med at matbehovet no er stetta for fleire veker!

Eg trur insektet er ein KNELAR, og at det er ei ho. Dei som er gamle nok til å hugsa ein viss likestillingsdebatt i Klassekampen sist på syttitalet(?), veit kva dramatisk hending eg kan koma til å måtta vera vitne til i nær framtid!

torsdag, oktober 19, 2006

Toposa spelar ikkje golf, eller?

For den som ikkje har vore i Kapoeta, er det kanskje vanskeleg å forstå kvifor mine lokale kollegaer gapskratta då eg refererte til påstandar frå hovudkontoret i Juba om at det er ein bankfilial i byen vår. "Her fins jo ikkje eingong eit heilt hus til å plassera ein safe for pengane", var ein av kommentarane (no må eg leggja til at banken i Torit opererer frå eit telt, med store setelbunkar i ein koffert på ein stol ved sidan av kasseraren,så i teorien burde ein bank i Kapoeta kunna gjera det same)

Då eg fortalde dei same kollegaene om planane eg høyrde nyleg om å byggja ein golfbane langs vegen like sørom leiren vår, nikka dei interessert og lo ikkje i det hele. EG derimot, tykkjer denne ideen er spinnvill, - men samstundes herleg optimistisk. Eg ser for meg toposa-mennene ruslande rundt på golfbanen, med den vesle krakken i ei hand og den vanlege stokken bytta ut med ei golfkølle, og med kona ruslande bak som caddy. Konene er vane med å bera for mennene, så for dei ville det ikkje vera stor skilnad, tenkjer eg.

søndag, oktober 15, 2006

Den heilage månaden

Eg les at Ramadan ikkje var rette tida å vitja land og byar der islam dominerer, etter seiande fordi lite skjedde i denne tida; det kunne tilogmed vera vanskeleg å finna plasser å eta. Men dette gjeld iallefall ikkje Istanbul!



I halvsjutida startar livet; utanfor alle restaurantar står folk i lange køar og ventar på startsignalet frå imamen, at no er tida komen for å bryta fasten. No overtek dei lokale byen, turistane vert berre statistar. Langs fortauskantane sit gamle damer med skaut og buksekjolar og kviler seg mot murkanten, menn pussar sko for å tena seg nokre ekstraslantar, familiar med små born trippar av garde, små jentene med rosa sukkerspinn og nye kjolar, smågutane som miniatyrmenn i mørke dressar og med ein plastikpistol veivande i handa. Framfor den blå moskeen kryr det med buer der ein kan kjøpa Koranen, religiøs litteratur og kriminalromanar av Agatha Christie omsett til tyrkisk. Langs hippodromen er det endå fleire buer der ein kan kjøpa alt ein ikkje finn utanfor moskeen; turka frukt og lokum/Turkish Delight, sjal til å dekka seg når ein går i moskeeen, opptrekkbare dokker som dansar magedans, krydder og snop, kebab og salat, og ikkje minst tyrkisk kaffi og te i ulike variantar. Det er bergensk syttande mai og stockholmsk vattenfestival på same tid.

Sjølv klarar me til ein viss grad å blanda oss med dei lokale utan å verta tekne for turistar heile tida; slik er det når ein er velsigna med ein sambuar som lett kan verta teken for å vera både tyrkar og grekar.


Dette er det siste biletet eg tok i Istanbul. Det vart mykje trakking langs hard gatestein. No er eg attende til graset og jorda i Kapoeta.

søndag, oktober 08, 2006

Den blå moskeen


Nairobi fredag morgon, Kairo om ettermiddagen, og så endeleg Istanbul om kvelden. Istanbul er staden å møtast for ein Afrika-farar med husbond på Balkan. No er eg turist, og lever eit hektisk liv i Sultanahmet mellom moskear og syngjande imamar.