søndag, oktober 15, 2006

Den heilage månaden

Eg les at Ramadan ikkje var rette tida å vitja land og byar der islam dominerer, etter seiande fordi lite skjedde i denne tida; det kunne tilogmed vera vanskeleg å finna plasser å eta. Men dette gjeld iallefall ikkje Istanbul!



I halvsjutida startar livet; utanfor alle restaurantar står folk i lange køar og ventar på startsignalet frå imamen, at no er tida komen for å bryta fasten. No overtek dei lokale byen, turistane vert berre statistar. Langs fortauskantane sit gamle damer med skaut og buksekjolar og kviler seg mot murkanten, menn pussar sko for å tena seg nokre ekstraslantar, familiar med små born trippar av garde, små jentene med rosa sukkerspinn og nye kjolar, smågutane som miniatyrmenn i mørke dressar og med ein plastikpistol veivande i handa. Framfor den blå moskeen kryr det med buer der ein kan kjøpa Koranen, religiøs litteratur og kriminalromanar av Agatha Christie omsett til tyrkisk. Langs hippodromen er det endå fleire buer der ein kan kjøpa alt ein ikkje finn utanfor moskeen; turka frukt og lokum/Turkish Delight, sjal til å dekka seg når ein går i moskeeen, opptrekkbare dokker som dansar magedans, krydder og snop, kebab og salat, og ikkje minst tyrkisk kaffi og te i ulike variantar. Det er bergensk syttande mai og stockholmsk vattenfestival på same tid.

Sjølv klarar me til ein viss grad å blanda oss med dei lokale utan å verta tekne for turistar heile tida; slik er det når ein er velsigna med ein sambuar som lett kan verta teken for å vera både tyrkar og grekar.


Dette er det siste biletet eg tok i Istanbul. Det vart mykje trakking langs hard gatestein. No er eg attende til graset og jorda i Kapoeta.

1 kommentar:

Anonym sa...

Tyrkar og grekar i ein og same persom hoeyrest ut til aa vera noksaa spalta for aa seia det slik.