mandag, oktober 23, 2006

Nytt kjæledyr

Min kollega i nabotukulen har katt, men etter treumatisk avskjed med kattane våre i Sri Lanka bestemte eg meg for aldri meir å skaffa meg katt så lenge eg er på flyttefot. No har eg likevel fått meg eit nytt 'kjæledyr'. Her er det:


Insektet har flytta inn i toppen av papayaplanta eg har på verandaen min. Her har det halde hus alt i fleire veker. Eg trudde ei stund det var ein del av bladverket. Insektet er reinsleg, enkelt å halda, og interessant å sjå på. På laurdag fanga det eit stort insekt (biletet nedom er frå festmåltidet) og no har det ein kjempekul på halen, som tydelegvis er ikkje berre hale men også mage. Eg reknar med at matbehovet no er stetta for fleire veker!

Eg trur insektet er ein KNELAR, og at det er ei ho. Dei som er gamle nok til å hugsa ein viss likestillingsdebatt i Klassekampen sist på syttitalet(?), veit kva dramatisk hending eg kan koma til å måtta vera vitne til i nær framtid!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Eg var ikkje vitne til den debatten, men eg trur veit kva som kjem til å henda likevel.

http://en.wikipedia.org/wiki/Praying_mantis

brita sa...

Interessant stoff. Så eg kan kanskje venta ein jomfrufødsel i tretoppen min! Men eg fann ikkje belegg for det eg hugsar frå denne debatten i Klassekampen: at knelardama et opp partnaren sin etter seksual-akta.

Anonym sa...

Ja, det sto det visst ikkje noko om. Men på den norske wikipediaen, derimot, har dei lest Klassekampen.

http://no.wikipedia.org/wiki/Kneler

brita sa...

Saa eg er ikkje heilt klaka, eg hugsa nokonlunde rett!

I dag sat fru Knelar i toppen av minitreet sitt/mitt, vrei houvudet i alle retningar og saag paa verda. Eg vonar ho ikkje har tenkt aa flytta fraa meg etter aa ha sett at det er ei verd utanom papyatreet, - trass i utsiktene om tusenvis av smaaknelarar tykkjer eg det er kjekt aa ha henne paa verandaen min!

Anonym sa...

Kjæledyret i Bergen er også feit. Ho et ingen andre kattar, men bit gjerne handa som matar ho. Ho er også svært klar over verda utafor heimen og vil gjerne ut på jakt. Men sidan dette ikkje er lov bruker ho i staden energien sin på å springa mellom sofa og bad, henga i gardinene og angripa arka som kjem ut av skrivaren. Eg trur det er på tide med ein tur heim til Kinsarvik.

brita sa...

I gaar kveld fekk eg nesten eit nytt kjaeledyr. Ei skinnvengje/flaggermus flaug inn i tukulen min, navigasjonssystemet svikta (kanskje fordi tukulen er rund og sonaren ikkje virkar skikkeleg) og ho raste rundt hoegt og laagt. Det var bale, eg proevde det meste (ikkje spoer)for aa faa henne ut. Innimellom hengde ho seg opp i ein bjelke for aa tenkja. Men ho ER ute, til sist....