torsdag, oktober 19, 2006

Toposa spelar ikkje golf, eller?

For den som ikkje har vore i Kapoeta, er det kanskje vanskeleg å forstå kvifor mine lokale kollegaer gapskratta då eg refererte til påstandar frå hovudkontoret i Juba om at det er ein bankfilial i byen vår. "Her fins jo ikkje eingong eit heilt hus til å plassera ein safe for pengane", var ein av kommentarane (no må eg leggja til at banken i Torit opererer frå eit telt, med store setelbunkar i ein koffert på ein stol ved sidan av kasseraren,så i teorien burde ein bank i Kapoeta kunna gjera det same)

Då eg fortalde dei same kollegaene om planane eg høyrde nyleg om å byggja ein golfbane langs vegen like sørom leiren vår, nikka dei interessert og lo ikkje i det hele. EG derimot, tykkjer denne ideen er spinnvill, - men samstundes herleg optimistisk. Eg ser for meg toposa-mennene ruslande rundt på golfbanen, med den vesle krakken i ei hand og den vanlege stokken bytta ut med ei golfkølle, og med kona ruslande bak som caddy. Konene er vane med å bera for mennene, så for dei ville det ikkje vera stor skilnad, tenkjer eg.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Brita
Er du sikker paa at denne "golfbanen" er mineklarert. Viss ikkje kunne kanskje planen egna seg som nettopp det, mineklarering altsaa. Kanskje starta med eit "fredeleg" slag golf, eller fem, mellom regjeringsrepresentantar og dei saakalla frigjeringsstyrkane? OK, OK, litt i meste laget morbid.

brita sa...

Ingen kommentar!
Me hadde forresten minerydding paa den andre sida av veien sist veke. To kyr gjekk i lufta. For ein toposa-eigar er dette kanskje ein stoerre tragedie enn om to menneske hadde gaatt med, trur eg....

Anonym sa...

Eg er heime frå Paris! Har filosofautograf i bok og -samtale i minnet. Eg stotra, og smilte som ei sol. Du må forresten stikka innom Dorte og kikka, viss du ikkje allereie har vore der. Sjå http://stopdortetime.blogspot.com/

Anonym sa...

Velkomen heim! Du må fortelja meir i email, eg ventar spent. Eg les bloggen til Dorte nesten kvar dag!
Brita