torsdag, april 16, 2009

Hjelp til Afrika

Eg les i Klassekampen at Noreg i løpet av dei siste 60 åra har gitt utviklingshjelp til Afrika tilsvarande omlag 1 milliard US dollar. Til samanlikning kan eg nemna at presidenten i dette landet sist mandag tildelte omlag 1 milliard US dollar til bygging av diverse offentlege bygningar og prosjekt i hovudstaden, der lykkeslottet og gatelysa (sjaa siste post) er nokre av mange tilsvarande tiltak.

tirsdag, april 14, 2009

Lykkeslott

Eg les at det skal byggjast eit lykkeslott i byen min (Palace of Happiness). Prisen er 101.7 millionar Euro, omlag 900 000 000 kroner. Sidan slottet skal stå ferdig neste sommar, reknar eg med at eg vil kunna vitja slottet og oppleva lykka før eg eingong flytter frå denne byen. Spennande!

Vidare les eg at det skal byggjast nokre nye fontener og litt gatelys for 41 millionar USD. Og eit vinterolympisk kompleks med arenaer og hotell for 179.8 millionar Euro. Det siste er visstnok i vona om å få vinterolympiske leikar til landet! Var det nokon som snakka om økonomiske nedgangstider?

torsdag, april 02, 2009

Rått og rote

I går høyrde eg at ei jente som hadde fått plass på eit kveldskurs i språk på universitetet her i byen, hadde måtta skriva under på ein avtale der ho forplikta seg til ein viss dresskode. Ho må møta på kurset i tradisjonell kjole med nasjonalt broderi. Kjolen skal vera mørk grøn eller mørk blå (raud kjole er berre for fest og fritid, skohælen skal ikkje vera høgare enn ca 2,5 cm, og ho må ha lange fletter. Om ho ikkje har langt hår, kan ho betala 500,000 manat (ca 35 dollar)og få utlevert falske fletter til bruk i løpet av kurstida.
Er det ikkje bra at Friundervisninga ikkje har krav til kursdeltakarar om å møta i bunad?

Ein kollega meinte at av alle jenter med lange fletter (og dei er mange, det kan eg lova), har ca 80 % kort hår og brukar falske fletter.

Litt meir: Den høgverdige er venta på vitjing til ein av provinsane i nær framtid. Difor har den lokale styresmakta bestemt at alle tak skal malast grøne (flagget sin farge, gjesten kjem med helikopter). I tillegg har alle jenter med lyst hår fått melding om å farga håret mørkt.

Eg seier ikkje meir.