torsdag, april 02, 2009

Rått og rote

I går høyrde eg at ei jente som hadde fått plass på eit kveldskurs i språk på universitetet her i byen, hadde måtta skriva under på ein avtale der ho forplikta seg til ein viss dresskode. Ho må møta på kurset i tradisjonell kjole med nasjonalt broderi. Kjolen skal vera mørk grøn eller mørk blå (raud kjole er berre for fest og fritid, skohælen skal ikkje vera høgare enn ca 2,5 cm, og ho må ha lange fletter. Om ho ikkje har langt hår, kan ho betala 500,000 manat (ca 35 dollar)og få utlevert falske fletter til bruk i løpet av kurstida.
Er det ikkje bra at Friundervisninga ikkje har krav til kursdeltakarar om å møta i bunad?

Ein kollega meinte at av alle jenter med lange fletter (og dei er mange, det kan eg lova), har ca 80 % kort hår og brukar falske fletter.

Litt meir: Den høgverdige er venta på vitjing til ein av provinsane i nær framtid. Difor har den lokale styresmakta bestemt at alle tak skal malast grøne (flagget sin farge, gjesten kjem med helikopter). I tillegg har alle jenter med lyst hår fått melding om å farga håret mørkt.

Eg seier ikkje meir.

2 kommentarer:

Riddar B sa...

Må du òg farga håret?

brita sa...

Utlendingar er fritekne, trur eg. Eg har og hoyrt at alle som skal delat i TV-prgram eller bli intervjua maa ha same kleskode, mennene maa ha svart dress og slips, med brodert skalleknapp (slik dan the man har). Om ein ikkje har slike kle, faar ein laana foer intervjuet. Utlendingar er fritekne for dette og!