tirsdag, april 14, 2009

Lykkeslott

Eg les at det skal byggjast eit lykkeslott i byen min (Palace of Happiness). Prisen er 101.7 millionar Euro, omlag 900 000 000 kroner. Sidan slottet skal stå ferdig neste sommar, reknar eg med at eg vil kunna vitja slottet og oppleva lykka før eg eingong flytter frå denne byen. Spennande!

Vidare les eg at det skal byggjast nokre nye fontener og litt gatelys for 41 millionar USD. Og eit vinterolympisk kompleks med arenaer og hotell for 179.8 millionar Euro. Det siste er visstnok i vona om å få vinterolympiske leikar til landet! Var det nokon som snakka om økonomiske nedgangstider?

2 kommentarer:

brita sa...

Og så viste det seg at lykkeslottet er ein stad der par kan inngå ekteskap! Sidan eg ikkje har planar om å gifta meg på nytt, kjem eg nok ikkje til å oppleva lykka i dette slottet!

Riddar B sa...

Al Arabiya har litt lykkeslottinfo her: http://www.alarabiya.net/articles/2009/04/14/70612.html