fredag, juli 21, 2006

HEIM

Me repatrierer fraa Kakuma-leiren i Kenya. 35 flyktningar kom til Kapoeta paa onsdag, dei fleste unge menn som skal heim til Lopa-distriktet vest for Kapoeta.



Lasting av bagasje



Alle tykkjer det er gildt aa bli fotografert



Stempling av innreisepapir paa grensa



Sjekking av namn i Kapoeta



Mat for tre maanader og jordbruksreiskap for aa hjelpa i etableringsfasen



Velkomne til Nye Sudan!

onsdag, juli 12, 2006

Jok, Deng.

Sjå spalte nedom om Toposa-namn.

Menn frå Dinka-stammen har kortnamn som Deng, Jok, Biar, Leek. Eg likar Jok best, men Deng er også bra!

Dinka-jenter/damer har namn som byrjar på NY, men dei namna har som oftast to stavingar.

lørdag, juli 08, 2006

Kapoeta vegstasjon

I går starta me oppmåling av den nye vegstasjonen vår, og rydding av grunnen. No høyres det kanskje ut som eg er tilsett i Statens Vegvesen (som sikkert heiter noko anna og meir fancy no). Men vegstasjonane me byggjer her steller ikkje med vegar, men med flyktningar som vender heim. Me hyser dei, gjev dei mat og helsetilbod, i tillegg til opplæring om miner og om HIV/AIDS, før dei reiser heim til landsbyane sine.


Denne mannen var ein av mange frå landsbyen som hjelpte oss med å hogga vekk underskog med machete.




Kollega F måler opp.



Gamlefar på minst 80 var også med.

Om ca 2 månader skal stasjonen stå ferdig til å ta mot flyktningar som vil heim.

E-e-e-e-æ!

Her ein dag oppdaga eg brått at eg ikkje lenger nikkar hovudet sidelengs, frå skulder til skulder, for å markera ”ja, eg høyrer, eg er samd”. På tamilsk vis vart dette ein del av kroppspråket mitt gjennom nesten fire år i Sri Lanka. No er det borte.

I Toposa-land seier folk ”e-e-e-e-æ, e-e-e-e-æ” for å visa at dei lyttar og ikkje er usamde i det som vert sagt. Ikkje le når eg kjem heim på ferie om nokre veker, om eg går rundt og seier ”e-e-e-e-æ, e-e-e-e-æ”.

onsdag, juli 05, 2006

Ofring


Biletet er fraa overlevering av kyr fraa Boya til Toposa (meir lenger ned). Oksen vart slakta som offer til dei gamle gudane, hovudet vart drege over til den andre sida av vegen og folk og kyr trakka over blodet.

Tru ikkje at dette ritualet vert brukt berre i moete mellom stammane! Dei siste vekene har 200 splitternye lastebilar fraa Russland vore parkerte utanfor leiren vaar. Dei er kjoept inn for aa verta brukte av haeren, og paa maandag vart dei fyrste 100 sende til Juba i ein laaaang konvoi. Men kva maatte organiserast fyrst? Jaudaa, den rituelle slaktinga av oksen! Ved elva like bak leiren vaar var det reine slaktehuset, og alle bilane maatte koyra gjennom blodet fraa oksen, foer dei byrja den lange veien til Juba.