lørdag, juli 08, 2006

E-e-e-e-æ!

Her ein dag oppdaga eg brått at eg ikkje lenger nikkar hovudet sidelengs, frå skulder til skulder, for å markera ”ja, eg høyrer, eg er samd”. På tamilsk vis vart dette ein del av kroppspråket mitt gjennom nesten fire år i Sri Lanka. No er det borte.

I Toposa-land seier folk ”e-e-e-e-æ, e-e-e-e-æ” for å visa at dei lyttar og ikkje er usamde i det som vert sagt. Ikkje le når eg kjem heim på ferie om nokre veker, om eg går rundt og seier ”e-e-e-e-æ, e-e-e-e-æ”.

2 kommentarer:

oskeladden sa...

Kona mi har lært å nikka hovudet sitt. Ho gjer det oftare enn meg. Famelien min tykkjer det er svært morosamt. Men 'e-e-e-e-æ'... nei, eg kan ikkje tenkja meg korleis det høyrest ut. Me treng absolutt ei ljodfil!

brita sa...

Kanskje sidelengs hovudnikking ligg godt tilrette for vestlendingar. Svigermor mi har hovudnikka så lenge eg har kjent henne, endå ho aldri har hatt noka tilknyting til tamilsk kultur og væremåte - det eg veit.