onsdag, september 14, 2005

Trøtt. Men glad.

Orkar ikkje forklara. Men det har noko å gjera med at saker ein set i gang funkar. Nervøs dag, med vitjing av den største donoren vår. Mykje planlegging på forhånd, me må gjera godt inntrykk, visa at pengane deira blir brukte på ein god måte. Media er der. Eg forklarer og prøver å få dei til å forstå kva me prøver å oppnå, og plutseleg så hender saker og ting som viser at SLIK ER DET. Smilande, lukkelege folk som ryddar land, byggjer hus, diskuterer reinsing av vasskanalen, planlegg paddy-såing. Når eg skriv dette, slår det meg at det høyrest ut eg beskriv som ein kinesisk propagandaplakat frå syttitalet. MEN SLIK ER DET. Og eg er glad. Og trøtt.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du skriv at du ikkje orkar å forklara, men kva er ein paddy?

Eg reknar med det ikkje er snakk om irar.

brita sa...

Paddy betyr ris. Anar ikkje kvar ordet kjem frå, eg har aldri sett det i ei ordbok.