lørdag, september 10, 2005

Val 2005

Presidentvalet er fastsett til 22 november, og alle diskuterer potensielle kandidatar og alliansar. Avisene melde tidlegare at JVP har gått i allianse med statsministeren og støttar hans kandidatur på vilkår av at han kvittar seg med Noreg som fredsforhandlar. Statsministeren gjekk deretter ut og sa at dette ikkje var sant. So da. Me vanlege folk er mindre glade for påstanden om at frå midten av september til slutten av desember vil alle offentleg tilsette vera opptekne med valet, og ingenting anna vil bli prioritert. Kva då med arbeidet med å skaffa vatn og elektrisitet til tsunami-offer som bur i leirar? Kva med dei 116 familiane som framleis, etter meir enn 8 månader, bur i telt inne i Trincomalee (det er fleire telt i andre deler av Trinco)? Kva med dei som bur i leirar utan skikkeleg drenering, no når monsun-regnet er på veg?

Sjølv har eg gitt opp vårt eige val; i går gjekk fristen for forhåndsrøysting ved ambassaden ut. Sidan ambassaden ikkje har ope i helgane, ikkje opplyser på web-sidene sine om opningstider for valet, og ikkje svarer på e-mail, var det vanskeleg å utføra borgarplikta. Det får så vera. Eg har røysta jamt og trutt sidan eg fekk røysterett, men har røysta mi nokonsinne ført til noko? Nei.

Men eg vert sur om Torstein manglar ei røyst på måndag.

1 kommentar:

brita sa...

Det er i det minste godt å vita at eg ikkje kasta bort tida med å køyra seks timar til Colombo og seks timar tilbake for å avgje eit skarve røyst som likevel ikkje hadde ført til noko som helst. For dei som lurer, eg har faktisk også røysta på AP ein gong for lenge sidan. Eg kadde aldri kjensla av at den røysta førte til noko som helst heller....