fredag, september 30, 2005

Praha

Sist veke var eg i Praha for aa feira vetlasyste sin femtiaarsdag. Her skulle det vera eit bilete av henne paa Karlsbrua i Praha, men av ein eller annan grunn ville ikkje blogger ta mot biletet. Men Praha var flott, veret bra, brusteinen relativt snill med ein strekt ankel. Og Kafka-museeet veldig spennande!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Blogger er sikkert djupt misunneleg.

De er komne vel fram, reknar eg med. Fekk du rullestol eller golfbil gjennom Charles de Gaulle?

Flyplassen, altså, ikkje mannen.

brita sa...

Mi røynsle frå sist veke er at folk som blir køyrd med golfbil på flyplassar lett blir sett som litt "lost in space". Så frå no skal eg gå på eigne bein uansett kva ulukker eg blir utsett for, for å markera at eg har kontroll både over føter og hovud. Men CdG er eit mareritt med og utan golfbil!! Flyplassen altså, mannen er ikkje lenger tilgjengeleg for vurdering..