lørdag, januar 01, 2005

Godt nyttår

til alle. Me hadde faktisk ei form for nyttårsfeiring i går kveld, folk frå ICRC, USAID, UNICEF, UNHCR, GTZ, VSO, og to flasker champagne. Men det var mykje snakk om bølgjer,ikkje så mykje om nyttårslovnader og slikt. Det vert elles mykje jobbing, idag 13 timar før eg kom meg heim. Men ein får mykje energi når det trengs.

Eg snakka med Anandi, hushjelpen vår, i dag. Huset hennar vart fylt av vatn (mellom 1 og 1,5 meter) og alt er øydelagt.Men alle lever.

Ein partnerorganisajon seier at sjølvmord meir og meir blir eit problem; folk er treumatiserte og det er lite hjelp.I heile aust-provinsen skal det vera to personar som har psykiatrisk utdanning/bakgrunn.

Men me byrjar å få inn hjelp! I dag fekk me inn tre lastebilar med presenning og sovematter. Ein israelsk organisasjon har gitt oss ei stor mengde med NFRIs (Non-Food-Relief-Items i UNHCRsk språkdrakt) inkludert medisin, som me planlegg å gje til sjukehuset i Kinniya. Sjukehuset ligg på stranda, er kraftig øydelagt og 60 pasientar og personale blei feia på sjøen. Norsk Røde Kors kjem her måndag og skal visstnok setja opp eit feltsjukehus i Eachchilampattu (sør i Trinco). Flyktningrådet kjem på tysdag for å sjå på bustadsituasjonen for dei som er råka.

For dei som har vore her: Nilaveli hotel (vårt pustehol på søndagar, med den finaste stranda i heile Sri Lanka) skal vera heilt øydelagt. French Garden, kjend frå Lonely Planet, mange hjelpearbeidarar sin andre heim i Trinco, er jevna med jorda. Men bestefar og bestefar Pragash, Raj som driv gjestehuset og heile familien hans overlevde.

Ingen kommentarer: