lørdag, januar 01, 2005

Tsunami

Kvar skal eg byrja? Trincomalee har 925 doede som fylgje av boelgja som slo inn over distriktet sundag morgon, relativt lite samanlikna med omraada lenger soer. 327 er sakna, og 93,400 er heimlause. Ein av dei er Jeyakanth, vakten min. Familien hans har budd i hagen min sidan boelgja feia over stranda der dei bur, knuste huset og alt dei eigde til pinneved. Baaten, som er grunnlaget for levebroedet til faren, er ogsaa knust. Men dei er i live.

I dag reiser me til Kinniya, den verst raaka divisjonen i Trinco. Her er meir enn 400 doede. Ein av vaare intern-flyktningleirar laag paa stranda, me veit ikkje kva som har skjedd med innbyggjarane. Sjukehuset laag ogsaa paa stranda, det er heilt oydelagt, og mange av pasientane vart feia paa havet.

Situasjonen er ganske kaotisk, og samordninga haltar. Men i gaar vart det etablert ein "task force" i Trincomalee med medlemmer fraa tigrane, regjeringa, sikkerheitsstyrkane, og internasjonale organisajonar. Eg vonar den blir eit effektiv reiskap for aa hjelpa folk, og ikkje endar opp som eit supperaad.

Elles er mediafokus paa Galle, og byane i soer. Dei har ogsaa lidd mykje, men samfunna der etter mi vurdering mykje sterkare enn samfunna i aust og vil raskare klara aa koma seg paa fote att. Her er dei aller svakaste raaka, svaert mange av laagkaste eller folk som har vore internflyktningar i lang tid. Eg er redd for at hjelpa som kjem inn vert prioritert til omraada i soer. I Trincomalee er det ingen journalistar fraa Europa eller USA, eller fraa nasjonale TV-stasjonar i Colombo. Det er lettare aa ta ein bil til Galle, reisa attende om ettermiddagen og nyta solnedgangen fraa terassen paa eit av hotella i hovudstaden.

Meir seinare.

2 kommentarer:

Jan sa...

Ein liten kommentar frå Olaug sin onkel...
Der har vore NRK-reportasjar frå nordlege delen av Sri Lanka dei siste dagane.
Den delen ser ut til å ha vore om lag like utilgjengeleg som nord-Sumatra (Aceh-provinsen). Framleis kjem ingen inn i Burma/Myanmar.

Venleg helsing
Jan

brita sa...

Hei onkel til Olaug. Det var bra å høyra at NRK er ute i felt! Elles har eg faktisk hatt vitjing av eit journalist-team frå Belgia i dag, så det er ikkje heilt sant at ingen kjem hit.