fredag, januar 21, 2005

Det som skjer, skjer

Er de redde for å flytta attende, spurde eg i leiren i Jaya Nagar. Det som skjer, det skjer, sa mannen og nikka hovudet på lankesisk vis. Landsbybuarane her bur i telt og under plastpresenningar, ikkje langt frå stranda der bølgjene slår og lagar mykje lyd. Eg ville tru lyden var skræmande etter det dei har opplevd. 18 døydde, og murhus er knuste til småbitar.

Langs vegen sør mot Trinco ligg den eine leiren etter den andre. Dei fleste bur i telt, ein del under presenning. Striregn dei siste tre dagane har jaga mange inn til mellombels opphald hos slektningar og vener. Men ingen klagar. Dei har fått mat og vatn, "tak" over hovudet, det mest naudsynte av ting dei treng for å klara seg, helsetenestene fungerer.

Kystveien inne i bysentrum er også vorten internflyktningleir.Langs fortauskanten og på kvar ein liten open plass langs gata ligg det eine teltet etter det andre. Her bur fiskarane som før budde på stranda i Back Bay. Det er uvisst om dei kan flytta attende, eit framlegg til nye forskrifter forbyr gjenoppbygging i ei sone på 200 eller 300 meter langs kysten. Ikkje lett å få forståelse for mellom fiskarane som tradisjonelt bur i havkanten.

Ingen kommentarer: