søndag, august 07, 2005

Lukkeleg dag i Iqbal Nagar


På fredag leverte eg ut 39 skøyte til tamilar og muslimar i Iqbal Nagar. Sidan eg kom hit for to år sidan, har eg hatt mange møte med desse folka. Mange bur i eit flyktningsenter som eg meiner er det verste i Sri Lanka. Dei eig ikkje land, lit ikkje på regjeringa, og har nekta å ta mot tilbodet om nytt land i Iqbal Nagar utan at dei får dokument som syner retten til å bu der. Regjeringa på si side har nekta å levera ut skøyte før folk reint fysisk har flytta dit. Total blokkering med andre ord, som har vart i tre år. Eg har sett mange sinte fjes, mange skuffa fjes gjennom desse åra. Men sist veke lausna det! Regjeringa skreiv ut skøyte, eg leverte dei ut, og sjeldan såg eg så mange blide fjes på ein gong. No byrjar eit nytt liv for 39 familiar, UNHCR byggjer ny veg, brønn og hus, og alle er veldig, veldig glade. På biletet skriv ei av kvinnene under på skøytet, mens presidenten i landsbyen og jordskiftemannen frå kommunen passar på at alt går rett for seg!

Ingen kommentarer: