lørdag, august 13, 2005

Drap

Denne gongen var det utanriksministeren sin tur. Det er unntakstilstand, sikkerheitsstyrkane har løyve til å arrestera folk og halda dei kor lenge som helst, utan rettargang. Det er vanskeleg å spå om korleis situasjonen kjem til å utvikla seg. Tigrane har uttalt at dei ikkje står bak drapet (hadde nokon venta noko anna?). På grasnivå i Trinco er det stille og roleg, folk oppfører seg som vanleg på ein laurdag - kjøper fisk og grønnsaker på torget og kastar seg seinare ut i trafikken med alle pakkenellikane sine med same dødsforakt som dei elles gjer. Det største problemet vårt i dag har faktisk vore straummangel. Men lyftar me blikket, ser me sjølvsagt eit langt alvorlegare bilete: hevn, nye drap, ingen fredsforhandlingar, kanskje ny krig. På nettsidene i Colombo diskuterer folk drapet, og polariseringa er stor. Ministeren, som var tamil, er sett som ein stor helt av mange og som ein forrædar av andre. Eit utsegn er: gjer ende på våpenkvileavtalen, og kast nordmennene ut! Eg ser at redaktøren i eit tilfelle såg seg nøydd til å sensurera karakteristikken av nordmenn (nordmenn i tydinga fredsforhandlarar og våpenkvileobservatørar). Akkurat no er det nok tryggare i aust enn i hovudstaden. Iallefall for nordmenn....

Ingen kommentarer: