søndag, august 07, 2005

Dag og Tid ved Bengalbukta


Dette er eit bevis på at ein kan finna Dag og Tid mange stader, også på ei strand ved Bengalbukta. Viktigare enn Dag og Tid var likevel at i dag bada eg i det indiske hav for fyrste gong etter tsunamien. Den psykiske badesperra er borte. Men det var likevel litt skummelt å sjå klesrestar halvt nedgravne på stranda, kunne det vera noko under? Det var det sjølvsagt ikkje, bortsett frå sand. No skal eg bada ofte!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det er godt å høyra (lesa) at de har tid til å bada!
Eg har ikkje bada ein einaste gong i sommar.

brita sa...

For min del var det faktisk den fyrste dagen fri på lenge....
D seier at han bada to gonger i Norge i sommar, i Vivo. Kanskje ikkje å anbefala, eg tippar det er varmare i badet på Nordnes.

Anonym sa...

Det har nok vore temperatur til å bada fleire gonger i sommar, men det er mest tida og energien det skortar på. I helga skal eg til Årdal. Tvilar på at det vert noko særleg med bading der, men det vert målrock!

Dette inneber mellom anna Åge Aleksandersen.