På vei heim frå Colombo i ettermiddag køyrde me forbi to elefantbabyar, tre småelefantar i tenåra, og tre elefantmødre som alle gjekk og åt gras like ved sida av veien. Elefantmor såg strengt på oss, slengde med øyrene og snudde rompa til oss, som om ho sa "kva er de de glor på? har de aldri sett tre elefantvenninner på tur med ungane sine før?" Me skjønte hintet, og køyrde forsiktig vidare.
2 kommentarer:
Slengjing med øyrene er alltid effektivt for oss som kan dét!
Når eg har sid øyrepynt, kan eg og!!
Legg inn en kommentar