mandag, juni 13, 2005

Trincomalee på ein måndag

Eg kan velja å skriva om maurinvasjonen som møtte meg då eg kom heim i kveld; maurane hadde teke over boksen med kattemat og det såg ut som om det var meir maur enn mat i boksen. Eg kan halda fram med skildra toget av maur som marsjerte frå kjøkendøra til disken der maten stod. At dei kasta seg over hendene mine og beit før eg fann giftboksen til sambuaren og starta den store maurmassakren. Eller eg kan velja å skriva om kor godt det er med Frukost knekkebrød med ost til frukost; knekkebrød som er ein levning frå Raudekrossen i Noreg som dreiv sjukehus i Eachchilampattai i vår, og som dreiv forbi på ei fjøl på laurdagskvelden (knekkebrodet og ikkje sjukehuset). Eller eg kan leggja ut om kor bale det er å koma heim seint, ha gløymt husnøklane (innelåst) på kontoret, mens han som har ekstranøklane er på familiebesøk og ikkje svarar på telefonen. Alt for å sleppa å nemna spørsmålet om buddha-statuar, hartal, veisperringar, munkar som demonstrerer/sveltestreikar/truar med setja fyr på seg sjølv. For ikkje å snakka om at ei av hovudstadsavisene i går melde om at tigrane byggjer ulovleg flyplass i Trincomalee med hjelp frå ein internasjonal hjelpeorganisajon, med støtte frå FN.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kom heim! Her er det lite maur og mas. Og me gler oss til å sjå deg!

brita sa...

Om syttifire timar sit eg paa flyet (insh allah)! Sei til D at han maa passa paa at ingen smilande buddhaer sit paa bokhylla og ser paa meg naar eg kjem heim! Og at den raude julepiggtraaden er pakka ned!